Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. april 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogns Iskompagni - om ein særeigen rest



I åra 1894-1913 dreiv Sogns Iskompagni isproduksjon i Skjolden. Dei frakta isen ut fjorden på to måtar, med dampskip og i lektarar. Då verksemda gjekk konkurs var det tre lekterar i buet. Ein av dei låg i Skjolden.

Grisehuset i bakken oppom det gamle kaihuset i Skjolden i 1996. Det var delvis bygd av plank frå ein lekter som Sogns Iskompagni brukte kring århundreskiftet 1900. Det vart rive i 2004 då det kom i vegen for utbygging av hytteanlegg.

Grisehuset i bakken oppom det gamle kaihuset i Skjolden i 1996. Det var delvis bygd av plank frå ein lekter som Sogns Iskompagni brukte kring århundreskiftet 1900. Det vart rive i 2004 då det kom i vegen for utbygging av hytteanlegg.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1996

Fotograf: Hermund Kleppa

Eit skarve skur - men spesielt

I 1996 stod det eit lite uthus oppi bakken attmed det gamle kaihuset i Skjolden. Nemninga skur er truleg ei vel så presis nemning som uthus, - omlag 4 x 3 meter, oppført på eit svært enkelt fundament, halvtekt, hadde ei dør, eitt rom og to vindauga. Skuret var ikkje noko pent syn. Det var til nedfalls. Halve taket var sige ned i rommet og hadde pressa den eine langveggen noko ut. Likevel, det var noko heilt spesielt med dette skuret. Det var eineståande i sitt slag - i heile verda.

Tett i tett med koparstifter

- Det hadde vore bygt og brukt som grisehus, fortalde Johannes Hauge i 1996. Ja vel, men kva var det særeigne med det? Svaret ligg i byggjevyrket, - breie, tjukke og solide eikeplankar, med tydelege teikn på at planken hadde vore brukt til noko anna før, - borehol, uthogne tversgåande felt, somme stader tett i tett med koparstiftar. Dette var det som sette uthuset i ei særstode, materialen! Grisehuset hadde tilknytning til Sogns Iskompagni.

Lekteren i Skjolden

Frå skriftlege kjelder kjenner me til at Sogns Iskompagni hadde tre lekterar med namna "Roska", "Anna Caroline" og "Kaia". Vidare veit me at ein lekter vart opphoggen i Skjolden og at "Roska" og "Anna Caroline" låg i Bergen då verksemda stogga i 1913. Dermed kan me slutta at det var "Kaia" som enda sine dagar i Skjolden.

Gjenbruk

Det gamle grisehuset i Skjolden blei bygd av plank frå ein av lekterane til iskompaniet, - av handfaste leivningar etter ei skute som kanskje ein gong i farne tider segla på dei store hav, som med med år og alder blei nedrigga og degardert til ein lekter, ein farkost som ikkje kunna kom til og frå utan på slep etter ein taubåt.

Lekteren "Kaia" kom seg aldri frå Skjolden etter den siste turen dit. Han vart opphoggen. Folk lemma han sund, nett som mannen gjorde det med kråka i kråkevisa. Dei nytta eike-materialen til litt av kvart, - til gjerdepålar, til ei låvebru, og til eit grisehus!

Møte mellom sjøulken og landkrabben

Lekter-grisehuset var noko meir enn ein skarve skrothaug. Det hadde potensiale i seg til å gje oppleving av eit møte mellom havet og landjorda, eit møte mellom to næringar, - sjøfart og jordbruk, mellom to slag menneske, - sjøulken og landkrabben. Det "lukta" både kjølsvin og julegris på ein gong.

Nedrive og oppbrent

Men no er det borte, det sjeldsynte grisehuset i Skjolden. Dei reiv det i 2004, køyrde det bort og brende det opp. Det kom i vegen då dei skulle restaurera kaihuset og byggja ut med utleigehytter.

kjelder:

Kleppa, Hermund: Om eit uthus og eit iskompagni. I Jol i Sogn. 1996.
Munnlege opplysningar:
Johannes Hauge, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR