Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegarbeid på Gaularfjellsvegen 1936-1938



Vegarbeid før krigen var krevjande og hardt. Mykje av arbeidet føregjekk med handemakt, og det var farefullt og vanskeleg. Gaularfjellsvegen, som vart bygd i 1936-1938, hadde rundt 200 arbeidarar på det meste. Sjølv om ulukkesfrekvensen var låg, hende det at det skjedde ulukker.

Det gamle naustet ved Osen av Nyestølsvatnet vart nytta som smie då arbeidet var komme opp på fjellet. Smeden var heilt nødvendig på anlegget. Han kvessa bor, slegger, hakker, spett og reparerte stubbebrytarar, traller og trillebårer. Ein god smed var allsidig og dreiv gjerne og som snikkar om det var nødvendig.

Det gamle naustet ved Osen av Nyestølsvatnet vart nytta som smie då arbeidet var komme opp på fjellet. Smeden var heilt nødvendig på anlegget. Han kvessa bor, slegger, hakker, spett og reparerte stubbebrytarar, traller og trillebårer. Ein god smed var allsidig og dreiv gjerne og som snikkar om det var nødvendig.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1936-1938.

Fotograf: Ukjend.

Vegutløysing med handemakt

Smeden i Balestrand, Hans Lunde (1901-1989), var mellom dei som arbeidde på Gaularfjellsvegen. I eit intervju med Sigrun Ytrefjord, i Gulleplet nr. 2-1979, fortel han at vegen stort sett vart bygd med handemakt. Dei hadde to lastebilar på 1½ tonn og 2 tonn for å frakte grus. Grusen leste dei med spade, så det gjekk ikkje så fort. Rike vart dei ikkje, men på "akkorten" var det somme som greidde ei krone i timen.

Når arbeidarane var ferdige med ein akkord fekk dei ein dag til å flytte utstyret til neste arbeidsplass. Vart dei ikkje ferdige måtte dei gjera resten på fritida. Reiskapane var mange og tunge: trillebårer, traller, skinner, steinbrytarar og diverse handreiskap. Avdi det var så mange lag i arbeid vart transportavstanden ofte lang i ulendt terreng. Arbeidsstokken var inndelt i arbeidslag på fem mann. Det var rundt 15-16 lag på kvar side av fjellet, og det var mykje akkordarbeid.

Naudsarbeid

Ei av årsakene til at arbeidet var manuelt var at vegbygging på 20-og 30-talet i stor grad var naudsarbeid og skulle ta opp dei mange som gjekk arbeidslause i bygdene. Maskinene var for lengst på veg inn i vegarbeidet, men var uråd å nytta for ufaglært arbeidskraft. I 1938 var det til saman 101 arbeidstakar på Vetlefjordssida. 60 av dei kom frå Balestrand kommune, og der var fordelinga; 19 frå Balestrand, 14 frå Fjærland, 13 frå Vetlefjorden, 8 frå Sværefjorden og 6 frå Vangsnes. Elles var det 14 arbeidarar frå Årdal, 13 frå Vik, og tilsaman 14 frå Gulen, Hyllestad og Lavik. Talet på arbeidarar på Sunnfjords-sida var like høgt.

Ikkje heilårsarbeid

Arbeidarane jobba ikkje heile året, det avhang av snømengda. I 1936 byrja arbeidet 15. oktober og vart avslutta 17. desember. Dei starta opp att 11. januar 1937, men måtte avslutta 16. februar grunna for mykje snø. Så var det stogg fram til 12. april. I 1937 arbeidde dei til seint på hausten, men byrja ikkje på att før den 7. juni året etter. For ein del var nok vegarbeidet ei tilleggsinntekt. Nokre hadde gardsbruk, men for mange var det den einaste inntekta slik at dei måtte finna anna arbeid i periodane der det ikkje var arbeid på vegen.

Styggever og regnsomrar

I Sogningen 10. november 1936 står det at arbeidet med vegen vart seinka på grunn av dårleg ver.De 70 mann som er i arbeide mellem Mel og Langehaugen, øverst i Vetlefjorddalen, har hatt en mer enn sur jobb, kan ein lesa. Det regna i det heile mykje også om somrane i 1937 og 1938. Arbeidarane hadde nokre svarte impregnerte frakkar, men dei var det ikkje råd å arbeida i. Kleda var sikkert så tunge og vanskelege å bevega seg i at det øydela akkorden. Det førte til at dei arbeidde i dei vanlege arbeidskleda sine, og slik kunne dei gå jamt våte heile dagen. Det hende og at dei måtte ta på seg dei våte kleda igjen neste dag. Dei fleste var innkvarterte hjå folk i Vetlefjorden, og på den tida var det korkje elektrisk straum eller bad i bygda.

Farefullt arbeid

Det var inga organisert opplæring for alle dei ufaglærte arbeidarane. Vart dei sette til ein jobb måtte dei gjera det beste ut av det. Verneutstyr og sikkerheit var det lite snakk om. I 1937 var det ei stygg ulukke i den andre svingen i Bårdalen (rekna nedanfrå). Her skulle eitt av laga sprengja i ei skråning, og dei kraup i dekning under ein stor stein. Då salva gjekk av, losna steinen og sklei nedover. To av karane vart skadde. Ein av dei var Amund Mundal, frå Fjærland. Han sat lengst inne under steinen, og greidde ikkje å komma seg vekk.

Til Lærdal sjukehus

For å få Amund til sjukehus måtte dei først ta han med på ei båre ned til der lastebilen sto. For at det skulle bli mjukare fjøring, måtte dei lessa bilen opp med grus, og oppi grushaugen sat tre mann på kvar side og heldt båra oppe då dei var redde for at ristinga skulle skada pasienten. Frå Ulvestad gjekk det vidare med båten "Vinje" til Lærdal sjukehus. Distriktslegen følgde med og gav han smertestillande. Seinare fekk karane vita at hadde Amund fått feil handsaming under transporten, kunne han ha vorte lam for livet. Amund heldt seinare fram med vegarbeid, til dømes på Menesvegen (Menes-Ulvestad.

Eigne namn på svingane

Til saman er det ni slyngar frå botn av vegen til Nystølsskardet. Alle svingane fekk namn. Den første svingen nedanfrå heitte Nils i muren-svingen etter basen Nils Øren. Den andre svingen hadde namnet sitt etter Jørgen Øvstetun. Så kom Storemursvingen. Fjerde og femte sving vart begge kalla Gulingasvingen etter arbeidslaget frå Gulen. Den sjette var Veesvingen etter Per Vee. Så kom Fedjesvingen etter Nils Fedje, Hestetunsvingen etter Torleif Hestetun, og til slutt kom Nummedalsvingen etter Ola Nummedal.

kjelder:

Gulleplet nr. 2-1979. (Balestrand Mållag gav ut bladet frå 1978-1989. Frå 1993-2000 var bladet utgitt av Balestrand Mållag, Balestrand Idrettslag og Balestrand kommune.)
Olav L. Ulvestad; Gaularfjellsvegen. Soga om korleis vegen vart ein realitet 1936-38, Balestrand 1998.
Sogningen, 10. november 1936.

PERMANENT IDENTIFIKATOR