Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Bom Bom-huset



Huset Bom Bom på kaien i Balestrand er bygt av Kvikne som sommarbustad for gjester og hotell-tilsette. I første etasje var det opprinneleg frisør- og barbersalong. På 1990-talet vart huset ein del av Norsk Reiselivsmuseum.

Dette kortet vart funne, bak kledningen på loftet, då Reiselivsmuseet restaurerte huset i 1996. Eit minne frå den tida Balestrand kunne skilte med  frisørar og barberar frå kontinentet. Dette var yrkesutøvarar som sesongmessig følgde med turiststraumen; Mellomeuropa i vintersesongen og Skandinavia i den korte sommarsesongen frå 1. juli til 15. august.

Dette kortet vart funne, bak kledningen på loftet, då Reiselivsmuseet restaurerte huset i 1996. Eit minne frå den tida Balestrand kunne skilte med frisørar og barberar frå kontinentet. Dette var yrkesutøvarar som sesongmessig følgde med turiststraumen; Mellomeuropa i vintersesongen og Skandinavia i den korte sommarsesongen frå 1. juli til 15. august.

Eigar: Norsk Reiselivsmuseum.

Datering: Ukjend.

Tilbod til turistane

På 1920- og 1930-talet kom frisørar og barber frå Bergen, og ei tid frå kontinentet, for å ha salong i Balestrand. Slike tenester var viktige for å konkurrere om turistane. Mangelen på komfort og tenester som frisør og barber var slikt som gjorde at mange reisande heller valde eit flytande hotell framfor lokal overnatting på norgesreisa.

Huset

Huset er ein del av kaimiljøet, litt tilbaketrekt, ved sida av Kaihuset. Det har enkel dekor, med sveitserelement, som er framheva ved hjelp av fargane.
Under restaurering i 1996 vart det funne aviser frå 1917, brukt som islolering, så det er rimeleg å tru at huset er bygt på den tida. Det vert fortalt at materialane skal ha kome frå den gamle hotellbygningen som vart riven i 1912.
I 1996 hadde huset store roteskadar og heile første etasje vart riven for å få nytt golv og mur. Under arbeidet viste det seg at huset opprinneleg har hatt open svalgang, truleg både i første og andre etasje, men desse har tidleg vorte bygde inn som ein del av romma. Huset har no fargar som er nær opptil det opprinnelege eksteriøret.

Ein fast gjest

Den svenske kunstnaren Einar Enblom (1900-1936) var årviss gjest i Balestrand. Mellom mange gode vener her var hotelleigar Sigurd Kvikne. Enblom budde lange periodar hjå Kvikne-familien, gjerne innlosjert i det vesle huset på kaien. Borna i familien kalla han Bom og etter dette skal namnet Bom Bom koma. Enblom måla landskapsmotiv, helst frå Balestrand og Sveits. Han var godt kjend i bygda og det finst mange bilete etter han her, men han sette få spor etter seg i den offisielle kunsthistoria.

Hotelljentene

Hotella var mellom dei første kvinnearbeidsplassane på bygdene og dei som hadde høve, fekk seg arbeide her om somrane. Då det nye hotellet opna i 1913, kunne dei ha kring 30 jenter tilsett i høgsesongen. Det var 12 som arbeidde i spisesalen, og resten hadde ansvar for rom og vaskeri.
Den første tida var det helst jenter frå distriktet. Frå 1940 -50-åra har arbeidsfolk vorte rekrutterte frå heile landet og mykje frå utlandet. Etter krigen vart det populært for ungdom frå Danmark, England, Island og USA å ta sommarjobb på norske hotell. Slik har det også vore i Balestrand. Den vesle bygningen Bom Bom har gjennom mange år, heilt fram til 1980-talet, vorte nytta som bustad for jenter på Kvikne's Hotel.

kjelder:

Melkild, Arne: Kunstnarliv. Hermansverk 1993.
Sælen, Frithjof: Kvikne's Hotel Balholm, 1877 - 1977. Balestrand 1977.