Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Svanøy hovudgard



Lengst sør i Flora kommune ved innløpet til Førdefjorden, med Stavfjorden i sør og Brufjorden i nord, ligg den vakre og frodige øya Svanøy. Øya og godset hadde opphavleg namnet Bru. Godset var lenge eit sentrum i Sunnfjord. Her budde futar på 1500-talet og hit kom haugianarane på 1800-talet.

Då Hans Thiis Nagel kjøpte Svanegodset i 1749 var mange av husa i dårleg stand. Nagel sette i gang bygging og gjorde garden til ein av dei flottaste storgardane på Vestlandet.

Då Hans Thiis Nagel kjøpte Svanegodset i 1749 var mange av husa i dårleg stand. Nagel sette i gang bygging og gjorde garden til ein av dei flottaste storgardane på Vestlandet.

Eigar: Johan Ottesen, Ulsteinvik.

Datering: 1957.

Fotograf: Telemark Flyfoto.

I eldre tider

Svanøy (Bru) er ei lun og fruktbar øy som truleg vart busett nokså tidleg. Her var det lett for folk å byrja med jordbruk. Funn av ei grønsteinøks som er datert attende til yngre steinalder og ei bronsespenne frå eldre bronsealder syner at her har vore gammal busetnad. Spor syner at dei her levde av fangst, fiske og jordbruk. Ein del funn tyder på at det har vore eit heidensk hov nær Svanøybukta. Det eldste kristne sporet på øya er steinkrossen som står på den gamle kyrkjestaden.

Frå bispegods til krongods

Frå Bjørgvin Kalvskinn veit me at øya hadde eiga kyrkja og eigen prest på 1300-talet. Men det er uvisst kven som heldt til her i mellomalderen. I seinmellomalderen var Bru bispestolsgods under Bjørgvin. Etter reformasjonen konfiskerte kongen alle bispegodsa. Frå 1537 til 1661 var Bru krongods. Då vart godset stilt til disposisjon for personar i det konglege byråkratiet, t.d. futar. Futen Hans Finsøn Rostvig er nemnd som bygslar her i 1567, men den fyrste futen som skal ha busett seg her var Lauritz Schiøtt som kom hit i 1575. Han vart etterfølgd av to andre futar, Peder Due og Nils Busch. I 1642 overtok rittmester og adelsmann Eskild Gøye Bru-godset, før stiftsskrivar Anders Madssen fekk gjera nytte av Bru som embetsgard på slutten av 1650-åra.

Frå Bru til Svanøy

I 1660 innførte Frederik III einevelde i Danmark-Norge. Han selde fleire av krongodsa kringom i landet. Til Bru-godset låg det fleire andre eigedommar rundt i Sunnfjord. Alt dette vart selt under eitt til erkebiskopen i København, Hans Svane, i 1662. Kongen skulda biskop Svane store pengebeløp, så godset, som omfatta 339 bruk og 40 % av matrikkelskylda i Sunnfjord, vart brukt til å betala ned på denne gjelda. Svane, og arvingane hans, fekk i 1666 skattefritak for godset. Hans Svane døydde i 1668.

I 1685 fekk enka, Marie Fiuren, brev frå kong Kristian V om at Bru skulle vera ein hoved- og setegard på lik line med dei gamle setegardane. Brukarane av garden skulle danna eit birk, eigd av Svane sine arvingar. Birket utgjorde eit eige domsmynde og forvaltningsapparat, der godseigaren kunne dømma og bøteleggja leiglendingane om han tykte at desse hadde gjort noko gale. På Vestlandet hadde Rosendal baroni, Lysekloster og Halsnøy kloster også birkerett. Same året fekk familien lov til å endra namnet til Svane Hovedgaard.
I 1692 var Christen Hansen birkefut på Svanøy.

Nagel bygde praktgods

Familien Svane eigde godset i 56 år, men ingen av dei budde her. Dei let lokale futar og forvaltarar ta seg av godset. Stiftsbefalingsmann Johan Sigismund de Lillienpalm kjøpte godset i 1718, men selde det like etter til stiftsamtsskrivar Severin Seehusen. Han hadde på same tid arva Damsgaard Hovedgaard i Bergen, men med denne følgde ingen adelsrettar. Det gjorde det derimot med Svanegodset. Adelsnamnet hans vart Severin de Svanenhielm. Han opparbeidde seg fort ei enorm gjeld, 100 000 riksdaler, og kongen tok i 1724 pant i godset. 340 bruk vart selde enkeltvis på auksjon, også birkeretten skulle seljast på auksjon, men ingen ville betala prisen som vart sett.

Godset vart i slekta til Svanenhielm fram til 1749 då kammerråd og fut for Sunn- og Nordfjord Hans Thiis Nagel kjøpte Svanegodset. Han eigde ei tid 100 gardsbruk i Sunnfjord. I dei 20 åra han sat som eigar av Svanøe Hovedgaard var dette eit naturleg sentrum i Sunnfjord. Nagel bygde opp godset til ein av dei flottaste storgardane på Vestlandet. I tillegg til det staselege hovudhuset høyrde heile 30 bygningar til godsanlegget, alle låg i nærleiken av hovudhuset og kyrkja. Sonen Jens Worm Nagel overtok Svanøygodset og futeembetet. Han døydde barnlaus i 1788, berre 49 år gammal. Enka, Christiane Margrete Nagel, gifta seg opp att med Herman Dietrich Janson, eigaren av Damsgaard Hovedgaard i Bergen.

Birket lagt ned

Me har ikkje namna på alle som var birkedommarar på Svanøy. I folketeljinga frå 1801 er Henric Nitter nemnd som forvaltar av godset, han budde på Tysse i Fjaler (då Ytre Holmedal prestegjeld). Birkedommaren, Ludvig Rennord, budde på garden Svædene (Sveen) i Gaular (då Indre Holmedal prestegjeld). Rennord vart i 1805 avløyst av Nils Landmark som birkedommar i Svanebirket. Landmark vart i 1808 sorenskrivar for Sunnfjord og flytta i 1809 til garden Tysse i Fjaler. Enno følgde fleire birkedommarar før birkeretten vart lagt ned. Med odelslova av 1. august 1821 vart birkeretten avskipa, og samstundes vart alle adelstitlar i Norge avskaffa.

Haugianarane tok over

Janson busette seg på Damsgaard og selde i 1804 Svanøy til predikanten Hans Nielsen Hauge for 12 000 riksdaler. Svanøy vart då forvandla frå ein hovudgard for ein rik og mektig fut til eit sentrum for haugianarane, som levde gudfryktig og nøysomt. Hauge sette Ole Torjussen Helling til å driva garden. Han, kona Kjersti og meiningsfellene deira, gjorde Svanøy til eit mønsterbruk. Haugianarane bygde ut garden slik at han vart til nytte og hjelp for folket i distriktet. Dei la om til moderne jordbruksdrift og gjorde garden til ein av dei største og mest veldrivne i distriktet. Dei bygde eiga mølle til å mala kornet og eige sagbruk til å skjera tømmeret som vart produsert på garden. Materialane vart nytta til å byggja båtar på eige båtbyggeri. Båtane vart nytta i fisket i området. Til fisken trong dei salt, og dette fekk dei frå eige saltkokeri. Saltkokeriet vart bygt under Napoleonskrigane, då engelskmennene innførte handelsblokade og all import til Norge vart stansa.

Ole Torjussen Svanøe var stortingsmann frå 1814 til 1842, og fekk i 1821 borgardådsmedaljen.

Båtstoppestad og postopneri

Ein har alltid måtta nytta båt for å koma til Svanøy. I 1868 kom Svanøy med i Fylkesbaatane sine ruter på Sunnfjord. Stoppestaden var Kvalstad på sørsida av øya. I 1880-åra vart stoppestaden flytta til Svanøybukt, i eit stoppestadregister frå 1887 er staden med. Svanøybukt er framleis stoppestad, no for dei lokale snøggbåtrutene som både tek last og passasjerar.

Postopneria vart ofte lagt til dampskipsstoppestadene, så også på Svanøy. 15. november 1870 vart Kvalstad postopneri oppretta. Ole Andersen Kvalstad vart fyrste postopnaren. I 1887 fekk det namnet Svanø postopneri, og i 1916 vart namnet endra til Svanøbugten. Fem år seinare vart det fornorska til Svanøybukt. Men i 1990-åra byrja postverket for alvor å avskipa postopneri og postkontor over heile landet, og 13. august 1998 vart postopneriet 6965 Svanøybukt lagt ned. Frå 1. mars 1999 er 6914 Svanøybukt postadressa for folket på Svanøy.

Kopargruve

I 1860-åra tok haugianarane til å utnytta koparførekomstene på Svanøy. Eigaren Christoffer Svanøe sette då i gang med prøvedrift som varte i halvanna år. Til liks med faren var også Christoffer Svanøe ein føregangsmann innan jordbruket. Også han sat på Stortinget i fleire periodar.

Det var i 1880-åra, då Ole Svanøe var eigar, at gruvedrifta for alvor kom i gang under leiing av eit gruveselskap i Bergen. Då var det ei tid heile 100 mann i arbeid i kopargruva. I to periodar fram til kring 1920 vart det gjort malmuttak. Då fyrste verdskrigen kom, sokk prisane på kopar slik at det ikkje lenger var lønsamt å driva. I dag kan ein sjå inngangane til gruvene og store slagghaugar som ligg att etter drifta.

Svanøy Stiftelse

Bjarne Svanøe overtok garden etter faren Ole. Han dreiv garden fram til han døydde i 1925, då tok enka, Amalie, over. I 1945 var det sonen deira, Kristoffer, som overtok drifta av garden. Kristoffer Svanøy, og sonen Ole, gjekk i november 1972 med på ein avtale med Elkem-direktør Christian Sommerfeldt der Svanøy Stiftelse, viss det lot seg gjera å skaffa 2 millionar kroner, skulle overlatast hovudgarden og dei omkringliggjande bygningane og områda. Det lukkast å skaffa 45 stiftarar, seinare er dette auka til 65. Kvar av dei 45 fyrste stiftarane skaut inn 100 000 kroner slik at ein kom opp i 4,5 millionar. Det meste frå verksemder og personar innan shipping, industri og bank. Seinare fekk stiftinga inn ytterlegare kring 4,5 millionar, slik at dei totalt fekk inn om lag 9 millionar kroner.

Svanøy Stiftelse sitt føremål var å restaurera hovudhusa, og at Svanøy skulle verta eit impulssentrum for nye aktivitetar, i tråd med Svanøy si lange, interessante og ærerike historie. Stiftelsen tok til med å restaurera det praktfulle hovudhuset, som hadde vore freda sidan 1924. Samstundes vart det starta eit oppdrettsanlegg for aure og laks på Langøya, vest for Svanøy. Dette var eit av dei fyrste oppdrettsanlegga i landet. Stiftelsen kjøpte garden Kvalstad for å bruka denne til ulike prosjekt og aktivitetar. Verksemda vart leia av styreformann Christian Sommerfeldt og Harald Skjervold, formann i eit fagleg råd. Ole Svanøe vart den fyrste styraren.

Auka aktivitet

Sidan Svanøy Stiftelse sette i gang prosjektet sitt har det også kome i gang andre verksemder og aktivitetar på Svanøy. Fleire nye verksemder som driv innan havbruk og produksjon av oppdrettslaks, reiselivs-, handels- og serveringsverksemder. Her er framleis båtbyggjeri, så denne tradisjonen held fram. I tillegg har øya fått nytt vassverk, nye vegar og møtelokale, og folketalet har auka. Gardane på Svanøy har starta med ei rekkje aktivitetar for born og vaksne. På Erikstad, der Eirik Blodøks skal ha vakse opp, kan folk få læra å ri. På garden Kvalstad ligg Norsk Hjortesenter, som er eit nasjonalt senter for kunnskapsformidling og kompetanseoppbygging i høve til viltlevande hjort og hjort i farm. Her finn ein også dåhjort, i tillegg til den vanlege norske hjorten.

Familien Svanøe, Ole Svanøe og kona Eva, flytta ut frå den gamle hovudbygningen i 1963 og bur no i eit heilt vanleg våningshus på garden. Dei reknar seg for gardbrukarar og når sonen, Bård Kristoffer, overtek om nokre år, vil han verte sjuande leddet sidan Ole Torjussen Helling kom hit i 1804 og byrja som gardbrukar på Svanøy.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag. Førde 1999.
Djupedal, Torkjell m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Sundmann, Arnulv (red.): Norsk Allkunnebok, 1. bandet. Fonna Forlag. Oslo 1948.
Avisa "Firda": Artikkelen Kulturskatteøya av Hans Morten Sundnes. Laurdag 15. april 1989.
www.svanoy.com: Velkommen til Svanøy.
NRK-Sogn og Fjordane - Fylkesleksikon: Intervju med Christian Sommerfeldt om skipinga av Svanøy Stiftelse.

PERMANENT IDENTIFIKATOR