Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. september 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

«Paa visit hos – Fyrvogter Hess, Kinnesund.» 1907



Året 1867 er fyrhistorisk merkeår i Sogn og Fjordane. Om hausten lyste dei to første fyra i fylket; det eine på skjeret Stabben ved innseglinga til Florø, det andre i Kinnasundet. Førti år etter, sommaren 1907, var det fest på Kinn. Amtsbåten «Balder» gjekk ekstratur frå Florø. Fleire tilsette i «Amtsskibene» var med, og både kaptein Sletten og kaptein Steen heldt tale.

Kinnesund fyr på øya Kinn, Kinn kommune (gjekk inn i Flora kommune 1963). Fyret vart sett i drift 1. oktober 1867 og avvikla i 1913 då ei fyrlykt kom i staden. Bygningane vart selde til privat kjøpar. Leonard Hess (1838-0000) var fyrvaktar heile tida, i 46 år.

Kinnesund fyr på øya Kinn, Kinn kommune (gjekk inn i Flora kommune 1963). Fyret vart sett i drift 1. oktober 1867 og avvikla i 1913 då ei fyrlykt kom i staden. Bygningane vart selde til privat kjøpar. Leonard Hess (1838-0000) var fyrvaktar heile tida, i 46 år.

Datering: Datering: Før 1913.

Fotograf: I boka Norges fyr (…), 1986, foto utlånt av fyrmeister Hans Hansen.

 

Jubileum for fyr og fyrvaktar

Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde «meddelelse» om jubileet før den store dagen, torsdag 22. august 1907. Kinnesund fyr runda førti år, og var eitt av dei to første fyra i Nordre Bergenhus Amt, tent 1. oktober 1867. Fyrvaktar Leonard Hess, fødd 22. august 1838 i Bergen, fylte 69 år. Han hadde gjort teneste som fyrvaktar på Kinnesund fyr heile tida, og

hadde jamvel tilsetjingsdato 22. august (1867). Fyrvaktar Hess fekk rosande omtale:

  «Alle som har lært hr. fyrvogter Hess at kjende, roser ham som en sjelden mand, samvitttighedsfuld og pligtopfyldende i sin tjeneste, energisk og udholdende i alt sit arbeide, nobel og hensynsfuld i sin omgjængelse og gjestfri overfor alle fremmede.»

Meir om jubilanten

Avisa Kysten hadde 15. november 1905 ein kort personomtale. Då Leonard Hess var 10 år gamal (1848), flytte familien frå Bergen til Buskøy i Solund, der far hans vart landhandlar. Eit «par aar efter» (1850) døydde faren, og unge Leonard «der nu maatte tage ordentlig i» skaffa etter kvart sitt eige levebrød ved arbeid «paa Gaardbruk og Fiskeri». Av folketeljing 1865 går det fram at Leonard Hess er busett på «Refsøe» (Buskøy). Han står oppførd som gardbrukar/leiglending, og er gift med «Lovis Bergithe» Einarsdotter. Ekteparet har seks søner. Då fyrvaktarstillinga ved Kinnesund fyr vart lyst ledig, søkte Leonard Hess stillinga, og vart tilsett 29 år gammal.

 Lokalbåten «Balder» - ekstratur frå Florø

Klokka 12.30, torsdag 22. august 1907, la amtsbåten «Balder» frå kai i Florø og sette kurs for Kinn og Kinnasundet. Administrerande direktør i «Amtsskibene», Trygve Holst, hadde stilt båten til fri disposisjon for tilsette i Amtsbåtane og andre. Vêret var diverre ikkje nettopp noko «lystturveir»; vind, regn og skodde, men, skriv Nordre Bergenhus Amtstidende, «stemningen var hele tiden den bedste. (…) med kapt. Sletten som fører og anfører [festreise-leiar].»

Dampbåten «Balder» styrde vestover forbi Stabben, langs Ånnøy, og ut Skorpefjorden til Kinnasundet.  Og då båten med «alle flag til tops» svinga inn «under fyret», dundra salutten «saa det bare ljomet i fjeldene». Ein stor ekspedisjonsbåt kom ut og henta «damer og herrer, planter og blomsterbuketter i lange baner.»

 «Oppe paa stranden ..»

Inne på land venta jubilanten, fyrvaktar Leonard Hess.

  «Oppe paa stranden, paa de sønderrevne tangbevokste klipper, stod en olieklædt noget undersætsig og traust skikkelse; blikket var skarpt, men paa samme tid mildt, og ansigtet, som dækkedes af tæt, graasprængt skjæg, vidnede om en karakter, der syntes at være en kontrast til naturomgivelserne og til kampen som føres derude mod de vilde elementer, og som paa en let iøinefaldende maade sætter sit tunge alvorspræg paa folkekarakteren ude ved havskjærene – det var jubilanten, fyrvogteren, Leonard Hess.»

 Til bords – talar, songar og telegram

Frå velkomsten «paa stranden» samlast festfolket i «fyrvogterens lille, men særdeles hyggelige hjem.»

Kaptein Sletten «holdt en meget anslaaende og følelsesfuld» tale, der han særleg understreka jubilanten sitt jamne og trugne arbeid gjennom 40 år. Etter talen song festlyden ein song skriven av kaptein Sletten, til melodi I Rosenlund under sagas hald.  Det  første verset av fem går slik:

Du gamle gubbe med sølvgraat haar,
en hilsen her vi Dig tage
en tak for alle de mange aar
for nætter gjorte til dage.
For trofast vagthold natten lang
med hagl og slud mod ruden,
naar stormen gik sin seiersgang
med vilde hyl og tuden.

Deretter heldt kaptein Steen (første kaptein på ds «Stavenes», 1904-1907) tale for «jubilantens frue» (Bergithe).  Vidare las «en af selskabet» opp eit dikt på to vers; ei helsing frå ein «fraværende slektning». Diktet kan syngjast på melodi Havet er skjønt.

Snart i de sytti du trofast har styret,
frem mod din hjemlige lykke og fred,
firti aar pusset og passet du fyret,
lyste hver seiler til tryggeste sted.
Aldrig den tiden din gjerning du svigtet,
aldrig dit straalende lys, det gik ud.
Altid paa post hvor du evened og pligtet
bar du for sjømanden landkjennings bud.

Hil dig du gamle, du trofaste kjære,
midt i din kreds af de venner ikveld!
Venligste tanker fra os er dig nære,
mindet er hos dig, det mærker du vel.
Maatte du længe for seileren skinne,
lede ham sikkert i fædrelands favn,
gid at da sorgløst din høstkveld henrinde,
indtil du finder  d i n  tryggeste havn! 

Med de kjærligste hilsener

Din Margit

Neste programpost var opplesing av telegram. Det var kome «en hel række» med vakre ynskje for jubilanten og familien hans. Deretter var gjestene bedne til bords, og det blei servert «den deiligste kaffe, smørrebrød og kager», og seinare, «dessert».

Namn i fyrboka og fotografering

Etter bordseta kunne folk sjå seg om på fyret, og skriva namna sine inn i «fyrbogen». Vëret var no såpass godt at fotograf Berg kunne gi «ordre» til samling ute og oppstilling framfor fyret til fotografering. Gruppebiletet «forventes at bli grinagtig morsomt», står det i Nordre Bergenhus Amtstidende sitt utførlege stykke om junileumsfesten.

«Hurra, hurra, hurra ---!»

Fotograf Berg må ha gjort godt arbeid, og etter at «de anstrengende og meget spændende øieblikke var vel overstaaet», søkte festlyden «atter in under tag.» Og nå vart dei fleire talar, den eine etter den andre «gik af stabelen», og fleire vakre songar. Men, tida gjekk fort, og «der maatte brydes op.»

Vel om bord att på «Balder», helsa gjestene endå eit farvel. «Ankeret blev lettet, og atter blev der styret bort under fyret, (…) og saa dundrede afskedsaluten løs (…) – Hurra, hurra, hurra --!», for Kinnesund fyr og fyrvaktar Hess, - før kursen blei sett innover mot Florø.

«Tilslut»

Artikkelen i Amtstidende avsluttar med desse orda:

«Tilslut bringer man endnu engang hr. fyrvogter Hess sin oprigtigste tak og sine bedste ønsker for ham og familien i fremtiden, ligesom man ogsaa takker hr. kapt. Sletten for hans store elskværdighed mod selskabet og for den fine, taktfulde maade, hvorpaa han førte an i [leia] festlighederne.»

Sluttord

Etter 1907 passa Leonard Hess Kinnesund fyr i seks år til. Ei notis i Nordre Bergenhus Amtstidende, 12. april 1913, melder at fyrvaktar Hess har søkt avskjed med verknad frå 20. juli. «Den gamle hædersmand er nu 75 aar.» Leonard Hess hadde «passet og pusset» Kinnesund fyr i 46 år!

I 1913 var det også slutt for fyret frå 1867. Alt i 1896 drøfta Fyrvesenet å erstatta Kinnesund fyr med ei ikkje-bemanna fyrlykt, men det skulle ikkje gjerast før fyrvaktar Hess gjekk av. Det skjedde i 1913. Kinnesund fyr frå 1867 vart avvikla i 1913. Husa vart selde til privat kjøpar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende, 21.08.1907


Nordre Bergenhus Amtstidende, 24.08.1907


Nordre Bergenhus Amtstidende, 12.04.1913.


Kysten 15.11.1905


Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven: Norges fyr. Fra svenskegrensen til Stad. 2 bind, Grøndahl. 1986

PERMANENT IDENTIFIKATOR