Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kunstmålar Hans Dahl



Hans Dahl frå Granvin i Hardanger bygde seg sommarvilla i Balestrand i 1893. Frå 1919 budde han fast i Balestrand året rundt. Dahl måla den vakre vestlandsnaturen, og ofte plasserte han vakre, lyshåra jenter i nasjonaldrakter i bileta sine. Dahl var mykje kjend ute, han var nær ven med den tyske keisaren, og var omtykt i bygda.

Hans Dahl sin villa i Balestrand, bygd i 1893. Dette biletet vart teke då NRK gjorde opptak i samband med at dei laga eit program om den tyske keisaren sine turar til norske fjordar. Då rekonstruerte dei hageselskapa som Dahl heldt til keisaren si ære. Damene på biletet spelte sosietetsdamer frå Bergen som vitja Balestrand for å ta del i det glansfulle livet kring keisaren.

Hans Dahl sin villa i Balestrand, bygd i 1893. Dette biletet vart teke då NRK gjorde opptak i samband med at dei laga eit program om den tyske keisaren sine turar til norske fjordar. Då rekonstruerte dei hageselskapa som Dahl heldt til keisaren si ære. Damene på biletet spelte sosietetsdamer frå Bergen som vitja Balestrand for å ta del i det glansfulle livet kring keisaren.

Eigar: I Kunstnarliv.

Datering: Kring 1984.

Fotograf: Arne Melkild.

Hans Dahl

Hans Dahl var fødd i Granvin i Hardanger i 1849. Han var gift med Helene Bewer (1862-1927). Hans Dahl tok offisereksamen i 1871 og tenestegjorde i den Bergenske Brigade fram til 1874. Då tok han avskil for å verta målar. I tida på krigsskulen gjekk han i lære hjå mellom andre J. F. Eckersberg og Knut Bergslien. Han studerte elles i Karlsruhe og Düsseldorf. Der hadde han mellom andre Hans Gude som lærar. I 1892 kjøpte Hans Dahl eigedom i Balestrand, men var busett i Berlin fram til 1919. Dette året flytte han til Balestrand for godt. I 1902 fekk Dahl St. Olavs orden, riddar av 1. klasse.

Sjølvportrett av Hans Dahl.

Kunstnaren

Dahl hadde si fyrste utstilling i Düsseldorf i 1876. Alt då hadde han funne ein stil og ein motivkrins som han seinare heldt seg til. Dahl budde i Tyskland frå 1888, men kvar sommar drog han til Noreg for å laga skisser av vestlandsnaturen.

I 1890-åra braut nye kunstretningar fram, og kunstnarar som Dahl var lite omtykte i leiande krinsar i hovudstaden. Særleg fekk han kritikk frå kunsthistorikar Jens Thiis.

På Nasjonalgalleriet finn me ikkje målarstykke av Hans Dahl. Thiis var sterkt i mot denne typen kunst. Kunstnaren Christian Krogh tok òg avstand frå dei såkalla düsseldorfarane. Hans Dahl på si side hevda sitt eige syn på kunsten ved fleire høve. Han var ein skrivefør og debattglad mann. I skriftet "Malerne og publikum" ville han at kunsten skulle vera slik at vanlege folk kunne forstå han. Det skulle ikkje vera ein finkultur for eliten. Dahl skildra ofte vestlandsnaturen i strålande solskin med smilande menneske i folkebunader. Han vart ikkje høgt vurdert som kunstnar av kunstkritikarar i si eiga samtid. Men han hadde ein stor marknad hjå private samlarar.

I 1980-åra har bilete av Hans Dahl oppnådd prisar kring 200 000 kroner.

Målarstykke av Hans Dahl, "Mot vind og bølger."

Ull var bra

Hans Dahl var oppteken av helsa. Ofte kunne han leggja seg på verandaen vinterstid. Både skjegg og sengeklede var rimfrosne når morgonen kom. Men Dahl var kledd i ull, og meinte at nettopp ull var viktig for folk si helse. Han skreiv både artiklar og ei lita bok om dette. I skriftet "Hvordan man kan styrke sin Sundhet og Arbeidskraft," legg han fram tankane sine, og i 1928 var han i Oslo og heldt foredrag. Han tordna mot dei medisinske ekspertane som var der. Dr. med. Tandberg sa: "Jeg er ingen tilhenger av all denne ullen." Dahl skifte ikkje syn på grunn av slikt. Han var elles ein lettliva mann. "Bevar et muntert Sind i Storm som i solens Skind," skreiv han ein gong.

Ven med keisaren

Den tyske keisaren var årleg sommargjest i Balestrand like fram til 1. verdskrigen. Han tykte vel om både Dahl og arbeida hans. Heimen til Dahl vart på mange vis også keisaren sin heim når han vitja Balestrand. Dahl var keisaren sin faste omgangsven. Han var òg rådgjevar når Wilhelm starta arbeidet med statuane i Balestrand og på Vangsnes. I hagen til Dahl var det kvar sommar hageball. Då var Dahl vert og keisaren æresgjest. Bergenske sosietetsdamer hadde teke turen til Balestrand. Utanfor stakittgjerdet stod bygdefolket med store auge.

Bilete av Keisar Wilhelm II på vitjing hjå Hans Dahl.

Dahl hadde kontakt med keisar Wilhelm II livet ut, og me vil tru at dette var eit djupare personleg venskap. Dahl stod høgt i kurs både hjå Wilhelm I og Wilhelm II. Wilhelm II kjøpte mange målarstykke av Dahl. I 1910 utnemnde Wilhelm II Hans Dahl til kongeleg prøyssisk professor i kunstmåling.

Bilete av Dahl og Keisar Wilhelm II.

Omtykt i bygda

Den 19. februar 1919 var Hans Dahl 70 år. Då feira han med stort selskap i villaen sin. Sigurd Kvikne var ein av gjestene og sa i talen sin at Hans Dahl hadde gjort Noreg kjent i utlandet, og at Balestrand skulda Hans Dahl stor takk for at det hadde kome så mange gjester til bygda. I den tida Dahl var i Balestrand reiste han mykje kring i distriktet. Han var både i fjellet og i fjordarmane på leit etter motiv. Ofte hadde han jenter med som modellar. Dei som stod modell for han ved slike høve, omtalte han som ein grei mann, snill og forståeleg. Dahl hadde som oftast to jenter som han nytta som modellar. Han betalte dei 80 - 100 kroner i månaden. "Det var mykje penga i dei daga", sa ei av dei som hadde dette arbeidet i fleire år. Hans Dahl døydde i Balestrand og er gravlagd på kyrkjegarden ved Tjugum kyrkje.

Eigedommen

Det skal vera Adelsteen Normann som fekk Dahl til å slå seg ned i Balestrand. Dahl sin villa vart bygd i mykje same stil som Normann. Huset vart bygt i 1893 og er produsert av firma Jacob Digre i Trondheim slik som fleire andre liknande hus i Balestrand. Då Dahl døydde, gjekk eigedommen over til Eline Dahl som var gift med Ludwig Wiese. Dei var busette i England, og nytta staden til 1958 då huset og mykje av innbuet vart selt på auksjon. Lærar Anders Kvalheim kjøpte då eigedommen og budde der til 1966 då Oddvar og Solveig Ugulen overtok.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Melkild, Arne: Kunstnarliv. Skald as, Leikanger 1993. Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR