Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kunstnaren Oddvar Torsheim



Oddvar Torsheim er fødd i 1938. Han voks opp i Naustdal og busette seg i Førde. Han er kjend som ein populær grafikar, målar og i seinare år også som musikkartist av det sjeldnare slaget. Han har hatt mange separatutstillingar utanlands og innanlands og utført ei rekkje offentlege utsmykkingar. Kunsten hans er innkjøpt av dei viktigaste offentlege kunstinstitusjonane i Norge. I 1990 mottok han Førde kommune sin kulturpris.

"Gullkjeppen", lakkmåleri 1969.

"Gullkjeppen", lakkmåleri 1969.

Eigar: Sogn og Fjordane Kunstgalleri.Fotograf: Ukjend.

Datering: 1969.

Den burleske folkekunstnaren

Oddvar Torsheim er ein sjeldan fugl innan norsk samtidskunst. Kunst brukt som satire og ironi har ikkje lange tradisjonar i Noreg, men kunstnarar som Theodor Kittelsen (1857-1914) og avisteiknaren Finn Graff (f. 1938) er nokre døme på kollegaer som arbeider innafor same sjangeren som Torsheim.

Går ein ut over Norge sine grenser og bakover i tid, finn me berømte kunstnarar som tyskaren George Grosz (1893-1959) og franskmannen Honorè Daumier (1808-1879) som i sin satiriske kunst provoserte styresmaktene på seg.
Felles for desse kunstnarane er at dei er opptekne av mennesket sin livssituasjon og då oftast dei meir problematiske sidene i menneskelivet; konfliktane mellom samfunnsinteresse, politikk, ideal og moral.

Torsheim sin kunst er ikkje like politisk krass som desse kunstnarane, men hans eigenarta og humoristiske biletspråk har trakka på mange vonde tær og røska i inngrodde fordommar blant dei mest konservative.

Formspråket hans kan minne om teikneserie og plakat med tilsynelatande enkle komposisjonar og streng økonomisering av visuelle verkemiddel.

Biletverda til Torsheim er bygd opp kring dobbeltbotna verbale og visuelle eller synlege motsetnader. Torsheim dyrkar den slåande metaforen. Dette gjer at kunsten hans ofte får preg av å vere ei uorganisert draumeverd der fantastiske situasjonar, overraskande innfall, normbrot og forskyvingar av etiske og moralske verdiar fritt kan boltre seg. Det er ikkje utan grunn at den belgiske surrealistiske kunstnaren Renè Magritte (1898-1967) har vore viktig for Torsheim.

Kunst som kulturkritikk

I bileta sine bruker Torsheim ein montasjeliknande teknikk der velkjende og "normale" menneskelege situasjonar og moralske konvensjonar vert plassert i unormale omgjevnader, slik at menneskeleg dårskap, urett og skinheilag gravalvor blir stilt i skarpt relieff.

Oddvar Torsheim plasserer seg med dette inn i ein gammal kulturtradisjon som har røter i den såkalla karnevalistiske lattertradisjonen frå middelalderen med sine karnevalsopptog, pasjon, djevel og narrespel.

Mellomalderen og renessansekunst skildra også konflikter mellom kristen moralsk idealitet i motsetnad til verdslege, sanselege lidenskapar slik ein ser det i bileta til Hieronimus Bosch (ca.1450-1515) og Pieter Brueghel d.e. (1523-1569). Dobbelmoralen er eit gammalt fenomen.

Oddvar Torsheim sin kunst har mykje til felles med desse kunstnarane og fungerer til liks med desse som ein moralsk refsar som kritiserer menneskeleg narreskap og sosiale maskeradar.

Oddvar Torsheim er ein surreal-realistisk kunstnar som er opptatt av samtida si og er kritisk til samfunnsutviklinga. Framtidsoptimismen frå 1960 talet har smuldra bort i røyken frå napalmen under Vietnam-krigen og framveksten av dei store og udemokratiske kapitalkreftene i EU har akselerert og auka dei økologiske faresignala i faretruande grad.

Kritikken hans råkar ikkje berre makthavarane, pengemakta og presteskapet, men han retta også sylskarpe nålestikk mot vanlege folk sine skakkjørte fordommar om kjønnsrollar og seksualitet.

Oddvar Torsheim er ein folkeleg kunstnar, eit omgrep, som får ein del kunstkritikarar og kunsthistorikarar til å få frysningar på ryggen. Det folkelege innslaget ligg ikkje berre i dei tema som kunsten hans omhandlar, men også i det forholdet at han helst lagar bilete som silketrykk, litografi eller som plakatar. Desse kan trykkast opp i store opplag for ein rimeleg pris slik at folk flest kan kjøpe dei. Lakkmåleria hans er dyrare og finn helst vegen til private samlarar eller offentlege kunstmuseum.

Torsheim har fått eit stort publikum og han har formidla seg gjennom ei rekke bokutgjevingar og ikkje minst i musikken kor han radbrekker popmusikk og folkemusikk som kan få musikkfundamentalistar til å få bakoversveis.
Opp til våre dagar har stor kunst alltid handla om mennesket og om tilværet til menneska. Oddvar Torsheim si burleske biletverd er djup humanistisk i si grunnhaldning og dette gjer at kunsten han vert så merkeleg, befriande og engasjerande.

Torsheim har gitt ut eigne bøker, m.a. "Syner i syttiåra" og "Svarte kvitingar".

kjelder:

Torsheim, Oddvar: Syner i 70-åra. Øens forlag 1980. Gjentrykk Sogn og Fjordane forlag.
Torsheim, Oddvar: Svarte kvitingar. J. W. Eides forlag 1987.
Braadland, Rolf, m.fl: Oddvar Torsheim 50 år. Utstillingskatalog Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane 1988.
Flor, Harald: Susanna frå Sunnfjord. Eide forlag. Bergen 1991.
Sæle, Katrine: Tvisynt tvilar. Skald forlag. Leikanger 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR