Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Almsstøylen



Almsstøylen ligg i skogsmark i lia ovanfor tuna opp mot beitefjellet. Høgda er ca.565 m o.h. Stølen er for brukarane på Aske, gard nr. 61 og Alme, gard nr. 62. Det er Alme som er grunneigar her og det er dei som har utskifta slåtteteigar. Det er ein open og grønkledd fin støl. 7 sel er i god stand og ligg nokså samla. I øvre kviegarden ligg fjøsa. 3 fjøs står att.

Almestølen med fjord og fjell bak.

Almestølen med fjord og fjell bak.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I eldre tid og fram til 1995 måtte dei gå råsa opp og ned. Så kom det skogsbilveg rett nedanfor stølen. Frå den er ei bratt kneik opp til stølen som kan køyrast med traktor. Det går rås vidare opp til fjellet med høve for friluftsfolk til å ta fleire lette og fine turer.

Bruk av stølen

Stølstida var frå jonsok til kring 10. september, og driftsmåten var som vanleg på desse kantar. Stølsjentene gjekk heimanfrå i 16-tida. Dei fekk tak i mjølkekyrne, mjølka og stelte mjølka. Opp grytidleg om morgonen for å mjølke, og så vere heime helst før dei andre var ferdig med frukosten. Så var det å vere med på gardsarbeidet før dei måtte fare til støls att. Travelt. Men dei lika det av di dei utførte eit viktig arbeid, og dei hadde ansvaret sjølv.

Stølskvia var stor og slåtten var viktig. Noko av graset vart transportert heim og tørka der. Noko av høyet vart lagra på stølen og køyrt heim om vinteren på sloe (slede forlenga med busker). Stølsbruken tok slutt kring 1960-åra. Fleire bruk slutta og med mjølkekyr delvis av di pelsdyr etter kvart vart viktigare økonomisk.

Nokre fakta

Aske, gard nr. 61, Vereide sokn, hadde 2 bruk i 1890. Alme, gard nr. 62, hadde 4 bruk dette året. På Aske budde det 14 menneske i 1865, som hadde auka til 24 i 1900. Folketalet på Alme var 15 i 1865, men hadde auka til 30 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 346, 354. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR