Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 20. februar 2019

Sist oppdatert 14. januar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kommunelege Fredrik Adolf Heiberg – «i Storm paa Sognefjorden» 1909



Dramatisk oppslag i avisa 1ste Mai, fredag 24. desember 1909, med kjelde «Bergen igaarkveld: «OMKOMMEN KOMMUNELÆGE? (…) Kommunelæge Adolf Heiberg, Leikanger, som igaar [onsdag] i motorbaat reiste til Fresvik paa den anden Side af Fjorden, forlot kl. 12 i nat Fresvik i samme baat, men savnes endnu i aften [torsdag]. De [dei var to i båten] antages sikkert omkommet, da der var stærk Storm og motorbaaten ikke hadde den bedste Maskine, den slog ofte klik.»

Doktorbåten gjekk frå Fresvik ved midnatt, natt til 22. desember 1909. Med kurs for Fimreite fekk båten motorstopp og dreiv for vind og vêr ut fjorden. Om lag kl. 05.00 rak båten i land eit stykke innom Vangsnes. Dei to om bord greidde så vidt å berga seg i land, og sleit etterpå i ulendt terreng i om lag fire timar før dei nådde fram til folk på Vangsnes.

Doktorbåten gjekk frå Fresvik ved midnatt, natt til 22. desember 1909. Med kurs for Fimreite fekk båten motorstopp og dreiv for vind og vêr ut fjorden. Om lag kl. 05.00 rak båten i land eit stykke innom Vangsnes. Dei to om bord greidde så vidt å berga seg i land, og sleit etterpå i ulendt terreng i om lag fire timar før dei nådde fram til folk på Vangsnes.

«Dr. Heiberg ræddet» - om hendinga i Dagbladet

Kommunelegen i Leikanger, Fredrik Adolf Heiberg, og mannen han hadde med seg på turen til Fresvik, blei meldt sakna torsdag 23. desember 1909. Då dei ikkje kom til rette utover dagen, byrja folk å frykta det verste, at dei var omkomne. Det blei sendt nyhende-telegram (Leikanger hadde rikstele-samband frå 1897) som fleire aviser laga oppslag på dagen etter, fredag, 24. desember. Avisa 1ste Mai i Stavanger var ei av dei.

Dagbladet, Oslo, hadde òg oppslag om saka same dagen som 1ste Mai, men med ei anna overskrift: «Dr. Heiberg ræddet. En eventyrlig ferd.» Dagbladet hadde fått med seg eit telegram nummer 2 om hendinga, at dei to folk frykta var omkomne, likevel var i live. Båten hadde fått maskinskade og drive i land i «en Fjeldkløft» i nærleiken av Vangsnes.

«mellem Bergvæggen og Motorbaaden" – avisa Sogningen

Lokalavisa Sogningen kom ut i Vik. I første nummeret etter jul, onsdag, 29. desember, hadde avisa fleire opplysningar om hendinga. Dokterbåten hadde drive utover fjorden i fleire timar før den støytte mot «stupbrat Fjeld» eit stykke innom Vangsnes, og som ved «et Under» hadde dei to i båten berga seg i land. Etterpå hadde dei streva i fire timar i «Fjeld og Ulænde» for å nå fram til folk. I omtalen står mellom anna: (sjå heile stykket i vedlegg)

Et lide Stykke indenfor Vangsnæs drev Baaden i land ved 5-Tiden om Morgenen. Der, hvor den drev i land, er der stupbrat Fjeld, saa det er rent et Under, at Doktoren fandt et Sted, hvor det var muligt at komme i land. Det lykkedes Doktor Heiberg at redde sig op i en Fjeldkløft i god Behold. Men Manden, som fulgte ham, faldt ned mellem Bergvæggen og Motorbaaden. Efter store Anstrængelser fik Doktoren trukket i land sin Ledsager, som da var temmelig medtaget og spyttede Blod. Men han var stærk nok til at følge med frem til Folk. Efter en 4 Timers slidsom Vandring i Fjeld og Ulænde, kom de til en Gaard, hvor de ble vel modtaget og godt pleiet.

«dykket   u n d e r   Baaden» -  Norges Sjøfartstidende

Dagen etter, torsdag 30. desember, hadde Norges Sjøfartstidende førstesides oppslag, eit langt brev til avisa frå Leikanger, datert 28. desember, og signert G.G. (passar med Gerhard Gurnerius Garmann Gløersen, sorenskrivar). Her står endå meir enn i Sogningen; namnet på mannen Heiberg hadde med, meir om vêr og vind, meir om båten og motoren (open båt med bensinmotor), meir om ferda ut fjorden, meir om korleis dei greidde å berga seg i land, og korleis dei greidde å koma seg fram til folk, til ein gard på Vangsnes.  (sjå heile stykket i vedlegg)

 «Efter lange Timers Kamp med de oprørte Bølger, mærkede de paa Brændigernes Larm og skumhvide Skjær [fargetone], at det bar paa Land. Ankeret kastedes, men var til ingen Nytte da hele Kjættingen løb ud uden at naa Bund. Faa Øieblikke efter slyngedes Baaden voldsomt mod det bratte Fjeld. Ved Skinnet fra en Lygte som Maskinisten holdt ud paa Bagbords Side, bemærkedes en liden Afsats i Fjeldet, og denne lykkedes det Doktoren at naa med et dristig Sprang.

Maskinisten skulde springe efter, men da lygten imidlertid var knust, traff han ikke det rette Sted, fik ikke godt nok Fodfæste, blev revet tilbage af en Bølge, og ramlet ned mellem Baaden og Fjældvæggen, hvor han kom i en frygtelig Klemme. Op var det umuligt at komme igjen, og han syntes Dødens visse Bytte. Tillykke er han en ypperlig Svømmer – en Sjeldenhæd her i Sogn – og til dels kraftig og i Vigør [god fysisk form].

Med beundringsværdig Aandsnærværelse, tog han Affære i et Nu, dykket u n d e r Baaden og kom – rigtignok stærkt forslaaet, som det senere viste sig blant andet ved to brukne Ribben – op paa Styrbords Side, hvor han fik entret sig fram til Baugen. Hans Kræfter var nu aldeles udtømt og han vilde ha tumlet tilbage i Dybet havde ikke paa hans Anskrig Doktoren ilet til og faat tat Tag i ham.
(….)
Efter 4 Timers møisommelig Vandring i det slemme Ulænde, havde de omsider tilbagelagt den ikke synderlge lange Distanse til Vangsnæs; Maskinisten var da saa medtaget, at han ville lægge sig fore i en udlade [uteløe], saa Doktoren havde Møie med at faa han op til Gaarden. Her – hos Gaardbruger Ellens Vangsnæs – blev de styrket med varmt Øl og i det hele taget pleiet paa det omhyggeligste.

«en alvorlig og indtrængende henvendelse» - frå Leikanger prestegard

År 1909 var Fredrik Vilhelm Bull-Hansen sokneprest i Leikanger. I 12 år hadde han i embets medfør fare til og frå annekssokna Fresvik og Feios på sørsida, - til alle årsens tider og i all slags vêr. Bull Hansen kjende fjorden betre enn nokon annan. Dessutan var han etter alt å døma godt kjend med det nye befordringsmidlet til sjøs, - motorbåten. Han meinte det låg nær å kjenna seg altfor trygg på det nye hjelpemidlet, og etter hendinga med doktorbåten, sende han ope brev med tydeleg adresse: motorbåteigarar og motorbåtførarar. Brevet var i røynda Bull-Hansen sine motor-båt-vet-reglar år 1909.

«Til Motoreiere og Motorførere i Sogn.
En her paa Leikanger netop oplevet meget alvorsfuld begivenhet gir mig den ydre foranledning til at rette en alvorlig og indtrængende henvendelse til motoreiere og motorførere i distriktet.

Den raske udvikling av benyttelse av dette i sig selv fortrinlige befordringsmiddel vil lettelig lokke folk til at stole formeget paa disse baater og deres maskiners holdbarhet [og] stabilitet. Men denne industri er endnu saa forholdsvis ny, der praktiske erfaringer endnu for mangelfuld til, at man blindt kan stole paa maskinen, særlig under de brat [raskt] vækslende og her paa Sognefjorden ved vintertid pludselig oprygende storm med krapsjø og strømskavl, som enhver, der i nogen tid har pløiet fjorden her, kjender til.

Min Henstilling er:
Læg aldri ut, selv ikke i godvejr, uden at ha med seil paa en nødmast, der hurtig kan reises i dertil paa forhaand anbragte faste og sikre fortøninger om bord.

Ha et tilstrækkelig tungt anker med; der kan brukes om baaten kommer i drift og det kan bli et nødanker til at hindre paagang paa fjeld.

Og faa redningsvester om bord!

Og en taakelur til at signalisere fare.

Kjære, forsøm ikke dette! Det er at friste Vorherre ikke at benytte ialfald disse simple [enkle] midler til at gaa den fare i møte der ved vintertid altid kan melde sig paa Sognefjorden, og som ingen bør anse sig tryg for om han har aldri saa god motor. (…)

Leikanger prestegaard, 28. dcbr. 1909
Bull Hansen»

Godt utstyrt, men hadde ikkje segl

Motorbåten til kommunelege Heiberg var på ingen måte utan hjelpemiddel den natta det røynde på. Ut frå avisene kan vi summere opp med at båten hadde årar, lensepumpe, spann, anker, lykt og redningsvestar. Men ein ting mangla. Båten hadde ikkje segl. Og nettopp SEGL var den viktigaste hjelperåda, slik Bull-Hansen såg det, å kunna setja segl når motoren streika.

«Vent med at kjøbe Motor»

Fredrik Adolf Heiberg, kommunelege i Leikanger, var tidleg ute med å skaffa seg eigen motorbåt, kan henda hausten 1909. (Han averterte då ein seksæringsbåt til sals). Tre år tidlegare, ved utgangen av 1906, hadde heile Sogn og Fjordane ikkje meir enn 17 motoriserte fiskebåtar og nokre fraktebåtar og skyssbåtar. I desse første åra med motorbåtar annonserte seljarar og produsentar flittig i avisene. God kvalitet går ofte att, slik som i annonsa her, år 1904. Den norske båtmoteren «Stabil» staar betydelig over indførte Motorer». «Vent med at kjøbe Motor til de har set denne.»

Årstalliste motorbåtar

1902 lensmann Erik Seim, Årdal, representant for svensk firma (annonse).
1902 (pr. januar) lensmannen i Florø hadde motorbåt.
1902 (pr. januar) lensmann Nils Lem, Sogndal, hadde kjøpt ein Alpha, 1,5 HK, skyssbåt.
1903 (truleg) handelsmann Schreuder, Skjerjehamn, og Jon Hess, Solund, skaffa seg motorbåtar.
1904 første fiskebåt med motor, «Prøven», Nord Vågsøy, same år motor i 2 fiskebåtar i Sør Vågsøy.
1905 Motorbåten «Strendingen», Veitastrondvatnet.
1906 (ved utgangen av året) 17 motoriserte fiskebåtar i Sogn og Fjordane.
1909 (pr.) kommunelege Heiberg, Leikanger, hadde motorbåt.

Dokter Fredrik Adolf Heiberg - personalia

Fødd 2. november 1872, Ambla, Sogndal i Sogn.
Foreldre: Hans Knagenhjelm H. og Marie Fredrikke, fødd Haslund.
Gift 25. mai 1900 med Henriette Louise Krogh Brøgger.
Døydde 23. desember 1940.

1891 artium på Hambros skole, Bergen.
1898 medisinsk embetseksamen.
1899 amanuensis hjå distriktslege Borchgrevink i Ibestad, Troms.
1900-1901 konstituert distriktslege i Fosnes, Nord-Trøndelag.
1901-1905 kommunelege i Bindalen, Nordland,
desse åra også fiskerilege under Lofotfisket, i Henningsvær, Kabelvåg og Skrova.
1905-1912 kommunelege i Leikanger.
1912-1915 kommunelege i Karlsøy, Troms.
1915-1937 distriktslege i Leikanger
1937-1940 pensjonist, busett i Tønsberg.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Heiberg, G.F.: Slekten Heiberg. Oslo: Cammermeyer, 1942.


Norges Sjøfartstidende 26.04.1904.


Norges Sjøfartstidende 29.12.1909.


Norges Sjøfartstidende 31.12.1909.


Sogningen 10.11.1909


Sogningen 29.12.1909


Johansen, Karl Egil: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980. Universitetsforlaget, 1982.


Torvanger, Magnus Helge: Fiskerisoga for Bremanger kommune. Selja forlag 2018.


Studentene fra 1890. Oslo: Grøndahl, 1915


1ste Mai 24.12.1909


Dagbladet 24.12.1909.


Sogns Tidende 07.01.1910


Folketeljinga 1910

PERMANENT IDENTIFIKATOR