Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Konsulatsaka



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om konsulatsaka - årsaka til unionskrisa i 1905.

Specialkomiteen vart oppretta av Stortinget 21. februar 1905. Komiteen var samansett av representantar frå alle partia, og oppgåva deira var å gje ei instilling i konsulatsaka. Komiteen meinte at Noreg skulle opprette sitt eige konsulatvesen. Stortinget gjennomførte konsulatsaka slik komiteen rådde til, og vedtok lov om eige norsk konsulatvesen i mai 1905.

Specialkomiteen vart oppretta av Stortinget 21. februar 1905. Komiteen var samansett av representantar frå alle partia, og oppgåva deira var å gje ei instilling i konsulatsaka. Komiteen meinte at Noreg skulle opprette sitt eige konsulatvesen. Stortinget gjennomførte konsulatsaka slik komiteen rådde til, og vedtok lov om eige norsk konsulatvesen i mai 1905.

Eigar: I Noreg 1814-1914.

Datering: Ukjend.

Konsulatsaka

Usemje mellom Noreg og Sverige om kor vidt Noreg skulle ha sitt eige konsulatvesen førte til unionskrisa i 1905. Det norske Stortinget hadde dette året vedteke ei lov som sa at Noreg skulle ha sitt eige konsulatvesen. Den svenske kongen nekta å sanksjonere lova slik han måtte for at lova skulle vere gyldig. Som ein reaksjon på dette sa alle dei norske statsrådane opp stillingane sine. Den svenske kongen sa det ikkje var mogeleg for han å danne ei ny regjering, som var oppgåva hans. Sidan han ikkje kunne utføre denne oppgåva, meinte den norske regjeringa at kongen i praksis hadde opphøyrt å virke som konge for Noreg. Dette synet kom fram i det som seinare har vorte kalla 7. juni-vedtaket der regjeringa løyste opp unionen fordi kongen hadde opphøyrt å fungere som norsk konge.

Krav om norsk konsulatvesen

Noreg kravde i 1891 å få etablere sitt eige konsulatvesen. Fram til då hadde det ikkje vore reaksjonar på at konsulatvesenet var ein del av unionen si felles utanriksteneste. Mot sluten av 1800-talet skilte den norske og den svenske handelspolitikken seg i to ulike retningar. Svenskane førte ein proteksjonistisk tollpolitikk som hadde som mål å verne om innanlands produksjon ved å legge høg toll på importvarer. Noreg på si side var tilhengar av frihandel som er ein metode for å fremje varebyte mellom fleire land utan hinder av tollavgifter og kvoteordningar. Noreg var difor usikre på korleis eit felles konsulatvesen ville ivareta dei norske frihandelsinteressene.

Då striden om eige norsk konsulatvesen starta, hadde Noreg og Sverige også ulike syn på kvar det var viktig at konsulane var utplasserte. Noreg sin økonomi var på denne tida avhengig av skipsfart og utanrikshandel. Ein viktig marknad for Noreg var oversjøiske område. Sverige hadde ein større trong for konsular i Europa. I Januar 1905 sette Noreg opp ei liste over kvar dei ynskte å plassere ut konsular: generalkonsular i Petersburg, Berlin, Antwerpen, London, Paris, Barcelona, Genova, Montreal, Cape Town og Shanghai, konsular i Arkhangelsk, Hamburg og Bilbao og vicekonsular i London, New York og Hongkong.

Langvarig kamp

Etter at Venstre vann valet i 1891, fremja dei forslag om at Noreg skulle ha sitt eige konsulatvesen. Saka om eige norsk konsulatvesen kom til å dominere kampen om utanriksstyringa fram til 1905. Historikar Jostein Nerbøvik har sagt at "Venstre snakka om eige konsulatvesen, men tenkte på eige utanriksstyre." ( Nerbøvik Norsk historie 1870 -1905 side 219.) Konsulatsaka var ein del av eit politisk spel mellom Noreg og Sverige som handla om påverknad i utanriksstyret

Noreg og Sverige hadde fleire forhandlingsrundar om konsulatsaka utan at dei klarte å komme til semje. Eit sitat frå ein av forhandlarane, Gunnar Knudsen, kan vere med å forklare kvifor forhandlingane aldri førte fram. "kommer vi til klarhed i tolkning, drager vi fra hverandre; thi det klare norske standpunkt er diamentralt modsat det klare svenske." (Nerbøvik Norsk historie 1870 -1905, side 225.)

I 1905 samla Noreg seg om å opprette norsk konsulatvesen på eiga hand, og 18. og 23. mai 1905 vedtok Stortinget samrøystes lov om norsk konsulatvesen. For at lova skulle vere gyldig kravde ho kongen si godkjenning. Lova om norsk konsulatvesen med større handlefridom for Noreg i utlandet var ikkje akseptabel for Sverige. Kong Oscar II nekta å sanksjonere. Neste akt i dramaet gjekk føre seg på Stortinget 7. juni der Stortinget erklærte unionen for oppløyst.

Konsulatsaka i Sogn og Fjordane

Frå januar 1905 fram til 7. juni vart det skrive mykje om konsulatsaka i avisene i Sogn og Fjordane. Avislesarane i Sogn og Fjordane var difor godt orienterte om dei politiske hendingane denne våren; om brotet i konsulatsaka, om nye svenske forslag, om regjeringa Hagerup si avgang og den nye regjeringa til Christian Michelsen. I Sogningen kunne dei 22. mars 1905 lese Statsminister Michelsen si programtale: "..at gjenemføre Norges grundlovsmæssige Ret til eget norsk konsulatvesen og hævde Noregs suverænitet som et frit og selvstændigt Rige".

Striden om konsulatsaka løyste ut eit folkeleg engasjement. Dette kan vi sjå eit døme på frå Fjaler kommune. Søndfjords avis kunne 13. mars 1905 referere til eit folkemøte dagen før: "Sundag den 12te folkemøte i Dale og Holmedal samtidig. Av væl 100 møtande paa begge stader ihoplagt vart vedteke: "Møtet uttala tilslutning til sernemdi, men vonar, at um kgl. Sanktion ikkje fåast no, so vil Storting og riksstyre ikkje nøla, men handla fort og kraftigt"."

Sogns Tidende kunne 28. mai vise til eit politisk folkemøte i Sogndal: "Vedtaket paa det politiske folkemøte i Sogndal i paaskehelgi hadde denne ordlyden: Møtet vonar at Norigs styringsmenn samstelte held beine vegen fram utan avslag paa noko, som Noregs rett og vyrdnad krev, og fører konsulatsaki gjenom paa det grunnlag, som er uppsett av sernevndi (specialkomiteen)."

17. mai 1905 var ein dag då det nasjonale spørsmålet sto i fokus. I Stryn kommune vart engasjementet kring konsulatspørsmålet uttrykt gjennom eit telegram til Stortinget. Fjordenes blad hadde 24. mai dette referatet frå 17. mai feiringa i Olden: "Festtoget gik fra Oldøren kl. 1 eftm. til Løken, hvor lærer A. Løken talte for dagen. Efter forslag af lærer Løken afsendtes telegram til stortinget, hvori udtaltes tilslutning til, hvad der er gjort i konsulatspørgsmaalet, samt henstilling om at hævde Norges ret og ære, hvad der end maatte ske."

Avisene i Sogn og Fjordane refererte til synspunkt på konsulatsaka i dei norske og svenske riksavisene, og i utanlandske storaviser. Fjordenes Blad kunne 4. mars 1905 vise til "Det store belgiske blad" L'etoile Belge, som skreiv at "..Norge er i sin gode ret med hensyn til selve sagen [krav om eige norsk konsulatvesen]. (..) .. man kan forstaa, hvad det vil sige, at begge landes interesser, som ofte er og maa være modstridende, skal varetages af de samme personer."

Etter at lov om eige norsk konsulatvesen vart vedteke av Stortinget 18. og 23. mai 1905, kasta avisene i Sogn og Fjordane, saman med andre norske og svenske aviser, seg inn i spekulasjonane om kor vidt lova ville få sanksjon. 27. mai 1905 skreiv Fjordenes Blad at "det er mange som med os ligesaa snart ønsker en sanktionsnegtelse. Da vilde linjen være klar og grei: Noreg hadde da kun et at gjøre. Unionens og Bernadotternes tid vilde være forbi her i landet."

Nordre Bergenhus amtsting heldt seg orientert om utviklinga i konsulatspørsmålet. Og då amtstinget 27. mai fekk telegram om at kong Oscar II hadde nekta sanksjon av konsulatlova vart dette telegrammet sendt til Stortinget: "Telegrafisk bekjendt med de begivenhederne af i dag er det en trang for Nordre Bergenhus amtsting enstemmig at udtale tilslutning til, at nationalforsamlingen og regjeringen enigt og mandigt gjennemfører Norges fulde ret og selvstændighed uden vaklen og uden afslag." (Referert i Sogns Tidende, 2. juni 1905).

kjelder:

Jostein Nerbøvik: Norsk historie 1870 - 1905. Oslo 1993.
Aschehougs Norgeshistorie, bind 9. Det moderne gjennombrudd 1870 -1905.
Rolf Danielsen, Edgar Hovland, m.fl.: Grunntrekk i Norsk historie Oslo 1991.
Noreg 1814-1914. Kristiania 1914. www.caplex.net, 'konsulatvesen' .
Nasjonalbiblioteket sine internettsider: http://www.nb.no/baser/1905/tema_konsulat.html.
Avisa Fjordenes Blad 07.01, 18.01, 08.02, 04.03, 22.02, 08.03, 15.03, 22.03, 23.03, 10.05, 17.05, 24.05 og 27.05 1905
Avisa Søndfjords Avis 27.01, 10.02, 17.02 og 17.03 1905.
Avisa Sogningen 11.01, 08.02, 11.02, 12.04, 15.02, 22.02, 01.03, 08.03, 22.03, 05.04, 01.05, 10.05, 17.05, 24.05 og 02.06 1905.
Avisa Sogns Tidende 24.01, 31.01, 14.02, 17.02, 24.02, 28.02, 02.03, 14.03, 17.03, 21.03, 05.05, 12.05, 16.05, 23.05, 26.05 og 02.06 1905.
Avisa Nordre Bergenhus Amtstidende 07.06.1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR