Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fet kyrkje



Fet kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Fet i indre Hafslo i Luster kommune. Kyrkja, som har 220 sitjeplassar, vart vigsla 12. november 1894 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Byggmeister var John Alver. Fet kyrkje er soknekyrkje i Fet og Joranger sokn, som frå 1. januar 1967 høyrer til Jostedal prestegjeld.

Fet kyrkje er like fin i dag som då ho vår ny i 1894. Kyrkja er ikkje prangande, men enkel og varm.

Fet kyrkje er like fin i dag som då ho vår ny i 1894. Kyrkja er ikkje prangande, men enkel og varm.

Eigar: I Fet kyrkje 1984 - 1994.

Datering: 1994.

Fotograf: Ukjend.

Flytting eller nybygging?

Ikkje prangande, men enkel og varm. Slik skildrar ein tidlegare sokneprest korleis han opplevde kyrkja på Fet. Med få ord seier han noko om kyrkjebygget, og samstundes noko om atmosfæren han opplevde inne i gudshuset. Då denne enkle kyrkja skulle byggjast, skal murarane ha fått ei krone i arbeidsløn for dagen. Truleg måtte dei halde seg med mat sjølve. Snikkarane fekk 25 øre meir i dagsløn.

Arbeidet med kyrkja kom i gang etter at det lenge var diskutert å føreta ein hovudreparasjon på den gamle. Så seint som den 30. januar i 1883 vedtok kyrkjetilsynet at gamlekyrkja skulle flyttast til ei sikrare tomt på almenningen eit stykke utanom skulehuset og byggjast opp att der i en nokolunde tidsmessig stil. Men alt i februar vart det gjort eit nytt vedtak som gjaldt nybygging. Då hadde byggjenemnda funne ut at det var altfor dårleg lønsemd i å reparere kyrkja som stod på staden.

Kyrkja

Fet kyrkje står på staden der den gamle etter planen skulle flyttast, 100 meter vest for den tidlegare kyrkjetomta. Årsaka til skiftet var at grunnen under gamlekyrkja faktisk var så dårleg at delar av kyrkja sokk. Då dagens Fet kyrkje stod ferdig, hadde ho trapperom på eine sida av tårnet og kammers på andre sida. Elles var ho slik ho er i dag, bygd som ei vanleg langkyrkje med skip, eit noko mindre kor og galleri i vestenden. På 1960-talet vart det gjort ein del arbeid for at kyrkja skulle bli varmare, m.a. vart golvet skifta og utvendig kom det nytt tak. Om lag tjue år seinare vart kyrkja utvida på nordaustenden med eit tilbygg som inneheld toalett og sakristi. Sjølve kyrkjeskipet er vel 12,5 m langt og nærare 8 m breitt. Koret er vel 5 x 5 m, og våpenhuset rundt 3,5 x 3 m.

Fargen på takkvelvingane i Fet kyrkje var frå fyrst av lysegrøn. Veggene var i ein litt mørkare grønfarge, og med ein nedre del som i fargetonen er skildra som fiolettbrun. Benkene var gulaktige og galleriet hadde gråbrune felt med forgylte teikningar i hjørna på lys grøn botn. Kyrkja hadde fine detaljar og var lys og triveleg. I dag er Fet kyrkje lysare enn nokon gong. På 1960-talet vart veggene avluta og taket innvendig kvitmåla. Hovudfargane som går i grønt og grått, er tilnærma lik dei opphavlege fargane i kyrkja.

Ligg nær Joranger kyrkje

Frå haugen der Fet kyrkje står er det ikkje lange vegen bort til nabokyrkja på Joranger. Mange har opp gjennom tidene undra seg over at her i mellomalderen vart reist to kyrkjer så tett. Dette har forfattaren av den gamle bygdeboka for Hafslo, Jon Laberg, omtalt. Årsaka til at Fet har si kyrkje og Joranger si, endå så nær desse gardane ligg kvarandre, trur Laberg var at dei adelege eigarane av desse gardane ikkje kunne verta samde om felles kyrkje, men bygde kvar for seg.

Forklaringa er nok ikkje så urimeleg. Fram gjennom tidene har skiljet halde seg, og det har ikkje vore på tale for dei to bygdelaga å gå saman om ei felles kyrkje, sjølv om dei to kyrkjene no høyrer til same sokn.

Kunst og inventar

Altertavla er truleg laga i 1631 og måla i 1652. Ho har tydeleg "Anno 1652" som innskrift nede til venstre. Tavla er i renessansestil med kassettornamentikk og flatskurd, tilsvarande form som på epitafia i Dale og preikestolen i Nes, og er truleg laga av same snikkaren. Snikkararbeidet er utført som ein velproporsjonert komposisjon, og skriv seg truleg frå 1631. Katekismetavla har til venstre i hovudfeltet innskrifta "Herrens bøn", til høgre nattverdsorda og øvst dåpsorda. På venstre veng står innskrifta "See det gud lam som bære verdens synder Joh. I.V.36." På høgre veng "Iesv Christi blod giør oss rene af alle vore Synder I. Joh. I.V.7." Ei tid var teksten i midtfeltet erstatta av ein lys trekross. Biletet i midtfeltet i andre høgda er eit Kristus-bilete, som svarar til biletet av den velsignande Kristus kledd i renessansedrakt i Loen kyrkje, måla på treplankar frå om lag 1650.

Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv.
Oljemåleriet er ein kopi av ei tidlegare utsmykking. Motivet er "Bebudelsen", Engelen Gabriel kjem med bod til Maria.

Kyrkjeklokka

Kyrkjeklokka på Fet var namngjeten fordi ho hadde slik ein sjeldan fin klang. Så fin var klangen at dei som sokna til Hafslo-kyrkja var reint misunnelege. Det var betre at klokka fekk lyda frå soknekyrkja, meinte dei. Så kunne dei i Fet få klokka frå Hafslo i byte. Framlegget vart avvist, og bytet måtte difor skje utan folket si velsigning, og det skal ha skjedd om natta. Segna fortel at klokka vart henta ned frå tårnet og plassert på ein stor slede. Heile ti hestar vart spente føre. Men ikkje før var lasta komen ned i Skarbakken, så var det full stopp. Hestane kom ikkje av flekken og dermed måtte dei snu. Det merkelege var at då dei snudde, klarde ein hest åleine å dra det tunge lasset tilbake. Huldra i Skarbakken fekk æra for at flyttinga ikkje lukkast.

Sæleringing til 1962

Fram på 1950-talet var det skikken i bygdene i Hafslo prestegjeld at det skulle ringjast med kyrkjeklokkene ved dødsfall i bygda. Skikken skriv seg frå langt tilbake i tida, og til grunn for denne handlinga låg tanken om at sjela på sjølve avfaredagen skulle ringjast inn i himmelen. Men det låg også noko meir bak, meir eller mindre medvite i folketrua. Frå katolsk tid trudde folk at lyden av dei heilage kyrkjeklokkene skremde dei vonde åndene som var ute etter sjelene. Vidare har det rådd ein tanke om at lyden skulle gi sjelene fred på veg inn i æva, og hindre at nokon søkte heim att for å gjere opp med eller straffe menneske dei var uvener med.

Reformatorane kalla det vranglære og la ned forbod mot sæleringing, men skikken var seigliva. Presten Åsmund Farestveit, sokneprest i Hafslo frå 1940-1949, opplevde skikken som uvant, men fekk seg ikkje til å be bygdefolket slutte å ringje. Han meinte at det ville bli slutt på ringinga når tida var mogen. Og då klokkaren Thomas Urnes døydde, vart det for fyrste gong ikkje ringt. Det var etter Urnes sitt eige ønskje. Han gav i god tid på førehand beskjed til kyrkjetenaren, Ingebrikt Vinda, at når dagen kom og gamleklokkaren låg med føtene i vêret, fekk Vinda ikkje lov til å ta i kyrkjeklokkene. Slik vart det, og dermed var det slutt på sæleringinga i Fet, den siste kyrkja der skikken var praktisert. Thomas Urnes døydde 31. mars 1962.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Fet kyrkje 1894 - 1994. Utgitt av Fet sokneråd. Sogndal 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR