Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vakker rullesteinsfjøre i Brennsdalen



Like vestafor vegtunnelen i Brennsdalen er ei særs vakker rullesteinsfjøre. Fjøra blir nytta som badestrand, men vert også misbrukt til forsøpling og uløyves uttak av stein.

Rullesteinsvika Sandevollen i oktobersol.

Rullesteinsvika Sandevollen i oktobersol.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Rullesteinsfjøre og badestrand

Like vestafor tunnelen i Brennsdalen, på riksveg 607 mellom Leirvik og Lavik, er det ei ca. 100 m lang rullesteinsfjøre. Fjøra strekkjer seg nordover frå Verpingsneset, og går frå sjøkanten til tett oppunder riksvegen. I austre delen av fjøra er det større steinar. Dei minkar av til "smykke-steinar" nordetter - og med ein liten auke sist på stranda. Særleg på fjære sjø, med våte steinar i flomålet, kjem dei vakre fargane fram. Steinane kan ha mange spanande leter, frå kvitt til gråsvart - innom så vel gult, grønt og raudbrunt. Det er den vekslande bandgneisen i området som forvitrar til råemne. Skifta mellom flo og fjære og havbåra inn frå Sognefjorden overtar prosessen fram mot finslipte rullesteinar.

Ei mykje nytta badestrand

Særleg etter at Brennsdalen fekk vegutløysing både mot Leirvik og Lavik, har stranda vorte mykje nytta til badestrand. Rullesteinsfjøra i Sandevollvika er regulert til friluftsområde. Av og til forlet diverre gjester stranda utan å rydda opp etter seg. Endå verre er det at folk tar seg til rette og forsyner seg med stein frå stranda, uløyves. Vert grunneigar spurd, vert svaret nei. Rullesteinsfjøra i Brennsdalen må ikkje verta til pyntestein og vegfyll rundt om. Til det er ho for vakker og verdfull.

Tidlegare bruk av området

Før vegen kom, vart Sandevollen nytta til vårbeite for sauer og haustbeite for kyr. Alle tre gardsbruka i Brennsdalen hadde kvar sine teigar på stranda. Det er ennå ei tuft som merke etter denne drifta. Sandevollvika, med Verpingsneset som ein molo mot sør, var ein uvanleg god fiskeplass for aure. Der vart det fiska med flytegarn heilt fram til vegen kom. Det vert også fortalt at ein mann som heitte Elling, kalla Stein-Elling, pikka ut gatestein innpå Verpingsneset like ved stranda på 1800-talet. Han skal ha butt under ein flat stein på grensa mot Tveit.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Brev frå Steinar Værholm, datert 14.09.1999.
Opplysningar frå:
Fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes. 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR