Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. november 2002

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Byrknesøy kapell



Byrknesøy kapell er eit påbygt bedehus av tre som står på Byrknes, ytst mot havet i Gulen. Kapellet, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 26. mai 1972 av biskop Per Juvkam. Arkitekt Johan Tveit teikna kapellet. Byrknesøy kapell høyrer til Mjømna sokn i Gulen prestegjeld.

Å sjå til er kapellet like mykje eit bedehus som eit kyrkjehus. I bygda er det også bedehus som er den mest nytta nemninga.

Å sjå til er kapellet like mykje eit bedehus som eit kyrkjehus. I bygda er det også bedehus som er den mest nytta nemninga.

Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 2. Sogn.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne-Helge Byrknes.

Gudshus til kyrkjeleg bruk

Kapellet på Byrknes står på same staden som det tidlegare bedehuset på øya. Framleis er det bedehuset folk flest kallar kyrkjehuset på øya, men det er eit kapell, og det er vigsla til kyrkjeleg bruk.
Huset representerer desse enkle gudshusa som det er ein god del av i fylket, ikkje minst langs kysten og ute på øyane. Det litt spesielle er at det her vart bygt ein slik type kyrkjebygg på den tida då det elles var vanleg å byggje arbeidskyrkjer i betong. Men på Byrknesøy var ønskjet å få ei erstatning for bedehuset, med betre romplass og eit skikkeleg kjøken. Valet fall difor på eit ganske tradisjonelt bygg, men med mykje dei same funksjonane som arbeidskyrkjene. Fleire år i førevegen hadde folk samla inn pengar, og det var fyrst mot slutten av sjølve byggjeperioden at den vesle kyrkjelyden byrja å arbeide for å få huset vigsla til kyrkjeleg bruk.

Eigd av indremisjonsvenene

Dei som står for drifta er styret i bedehuslaget, og eigaren er indremisjonsfolket på Byrknes. Dei leiger huset ut til andre lag og organisasjonar, og til Den norske kyrkja i samband med gudstenester. Inngangen til kapellet er frå eit tilbygg på vestsida. I tilknyting til innganspartiet er det innreia toalett, garderobe og kjøken. Vidare inn i den sørlege delen av huset finn ein storsalen og i enden korpartiet. Det har same breidda som huset, og er skilt frå salen med eit trinn om lag 1,5 m frå veggen.
På nordsida er det innreia ein mindre sal med dører som kan takast til side dersom det er trongt om plassen i hovudsalen. Elles vert han også nytta som matsal, og til aktivitetsrom for m.a ei barneforeining.

Kyrkjeklokke

I 1980 fekk byrknesingane endeleg eiga kyrkjeklokke. Klokka vart delvis finansiert av ei pengegåve frå reiarlaget Det Stavangerske Dampskibsselskab, eigaren av M/S "Austri" som forliste utanfor Byrknesøy i 1979. Bygdefolk var med og redda mannskapet som var om bord i båten, men den tragiske ulukka enda likevel med at fem menn omkom. For å gi plass til klokka vart tårnet på taket utvida.
Den kyrkjelege innreiinga i kapellet, dvs. alteret, alterringen og døypefonten, vert sett opp i samband med gudstenester og dei andre kyrkjelege samlingane. Elles er kapellet utstyrt som eit vanleg bedehus og hovudsalen nytta til m.a. oppbyggjelege møte og basarar.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1911 har eit bilete med tittelen "Kom til meg alle!", og er laga av Vilhelm Bjørknes. Det er det eldste alterbiletet frå hans hand som er kjent, og stod i det gamle bedehuset.
På alteret står to lysestakar i sølvplett. Nattverdsutstyret i sølvplett er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne. Døypefonten i tre er laga av Karl Berthelsen. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølvplett. Preikestolen er, til liks med det meste av inventaret, frå 1972.
Orgelet er eit harmonium som vart flytta frå Mjømna kyrkje midt på 1960-talet. Her er to kyrkjeklokker; den eine er udatert og har innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord"; den andre er frå 1979 og har innskrifta "Til minne om "Austri"s forlis 1979".

Produktiv bibelmålar

Vilhelm Bjørknes (1884-1969) var frå Byrknesøy. Han var småbrukar, handelsmann, emissær i Kinamisjonen (Misjonssambandet) og kunstmålar. Det er registrert om lag 125 av hans måleri i kyrkjer og bedehus over heile landet, særleg på Vestlandet, men også på Austlandet og i Trøndelag, og i tillegg fire måleri til kyrkjer i misjonslanda Etiopia og Kina. I kyrkjer og bedehus i Sogn og Fjordane finst det kring 25 slike bilete, m.a. i Bulandet: "Getsemane" (1917), Mjømna: "Jesu oppstode" (1927), Ljosheim i Oldedalen: "Den oppstandne Jesus" (ca. 1930), Vadheim: "Getsemane" (1954), Askrova: "Jesus frelser Peter" (1957), Værlandet: "Herre frels meg" (1959).


Vilhelm Bjørknes gjekk på Asor Hansen (1862-1929) sin målarskule i Bergen i 1901-1902 saman med Mons Breidvik. Eitt av dei mest brukte motiva er Jesus i Getsemane. På desse bileta er det opplyst i tillegg til signaturen: "Copi efter Homann", eller "Copi efter Block". Det dreier seg truleg om dansken Johannes Bendtsen Hofmann (d. 1733) og tyskaren Mathias Block (1700-talet) som begge arbeidde i Norge. Motiva er elles ofte knytta til Jesu liding, død og oppstode. Stilen er naturalistisk.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.