Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sein vegutløysing for industristaden Svelgen



Det var kraftutbyggjinga som frå 1914 skapte industriutviklinga i Svelgen. Men vegane let venta på seg. Først i 1965 fekk Svelgen vegutløysing til resten av fylket med riksveg 614 frå Svelgen til Haukå, og ferje over Norddalsfjorden til Bjørnset. Riksvegen nordover til Ålfoten og ferje mellom Isane og Stårheim kom i 1972.

Industristaden Svelgen i 1958.

Industristaden Svelgen i 1958.

Eigar: Rolf Sagebø.

Datering: 1958.

Fotograf: Johan Sagebø.

Planar om ein bygdeveg til Ålfoten
I vegplanen av 1906 vart det ikkje sett opp veg frå Svelgen, korkje nordover eller sørover. Dette trass i at ein hevda at utbygginga av Svelgenvassdraget ville gi arbeid til 500 mann med ein sinkproduksjon på 30 000 tonn årleg. Gamle Bremanger kommune var eit typisk bonde- og fiskarsamfunn, der båten var hovudkommunikasjonen og Kalvåg var kommunesenteret. Men Svelgen vaks i folketal, og industrien kom. Det førte til at kommunen i 1919 ønskte; "rimelige veiforbindelser i Bremangerpollen og bygning av hovedvei fra Aalfoten til Svælgen med fortsættelse til Kjelkenes, .."

I vegtrafikkplanen av 1906 vart ikkje vegen sett opp. Dette trass i at ein hevda at utbyggjinga av Svelgenvassdraget ville gi arbeid til 500 mann og ein sinkproduksjon på 30 000 tonn i året. Bremanger var eit bonde- og fiskarsamfunn, der båten var hovudkommunikasjonen. Svelgen hadde då rundt 350 innbyggjarar, men det var Kalvåg som var kommunesenter.

Kraftkrevjande industri
Oppbyggjinga av industrien i Svelgen på gardane Rise og Sande byrja rundt 1914 med skipinga av A/S Bremanger Kraftselskab. Dei fyrste åra produserte smelteverket sink, men etter den første verdskrigen gjekk etterspurnaden etter sink kraftig ned. I 1928 byrja selskapet med rujernproduksjon. Namnet var no Bremanger Rujernsverk. Den andre verdskrig sette ein stoppar for framgangen. Først etter 1955 byrja ei rivande utvikling for A/S Bremanger Smelteverk, avdeling under Christiania Spigerverk, med ny kapital og nye eigarar.

Veg mellom Svelgen og Florø
Då anleggstida byrja, var det få vegar i og rundt Svelgen. All transport til og frå staden gjekk med båt. Det skulle gå over 40 år før vegutbyggjinga starta for alvor. I 1960 vart vegen mellom Svelgen og Kjelkenes opna. I 1964 vart Svelgen kommunesenter. Då var veganlegget Kjelkenes-Haukå (ca 25 km) under arbeid. Den 4. oktober 1965 opna ferjesambandet Haukå-Bjørnset, og Svelgen fekk vegsamband med omverda. Riksveg 614 gav samband til Florø og Førde.

To tunnelar
Strekninga Haukå-Myklebust var ferdig i midten av 1960-åra. Strekninga på 12,6 km hadde to tunnelar; Haukåtunnelen på 140 m og Magnildskartunnelen på 2875 m. Tunneldrifta gjennom Magnhildskaret byrja i 1959, og vart avslutta i 1966. Den var då den lengste tunnelen i fylket, tett følgt av Lotetunnelen på 2857 m.

Til streik for bru
Vegsamband med bru over Norddalsfjorden var alt føreslege i 1940, men i 1957 gjekk politikarane i staden inn for ferjesamband mellom Haukå og Bjørnset. Det gjekk så langt at 700 menneske i Svelgen og Norddalsfjorden gjekk til streik i 1980 for eit ferjefritt samband. Fylkestinget prioriterte Norddalsfjordbrua framfor Dalsfjordbrua i vegplanen for perioden 1978-81, men Stortinget var ikkje samd. Først i neste vegplan kom Norddalsfjordbrua med.

Norddalsfjordbrua
Ferjefritt samband sørover kom i 1987, med opninga av Norddalsfjordbrua. Det nye sambandet gav 3000 menneske frå fastlands-Bremanger og Norddalsfjorden ferjefritt samband med omverda. Ei viktig årsak til satsing på vegutbyggjing og ferjefritt samband, var den sterke økonomiske veksten i industrien. Framover 1970-åra hadde smelteverket ei eventyrleg utvikling. Det var over 500 fast tilsette på verket, og i 1980 hadde Svelgen 1500 innbyggjarar.

Ferjesamband nordover: Stårheim-Isane
I 1920 låg det føre søknad frå Bremanger heradsstyre om veg mellom Svelgen og Aalfoten. Søknaden førde ikkje fram. Vegarbeidet på nordsida kom i gang først på 1960-talet. I 1971 var det gjennomslag i den 1733 m lange Viktunnelen mellom Isane og Ålfoten, og hausten 1972 vart vegen Svelgen-Isane opna for trafikk. Med denne vegen og ferjesambandet Isane-Stårheim fekk Svelgen samband med riksveg 15 vestover til Måløy og ut or fylket austover.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Bd. 2, Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940 Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Kongsvik, Ivar: Vegutløysing for Norddalsfjord. I Vegstubben,, s. 14-18, nr. 3-1977.
Nesbø, Sverre: Industriutvikling i Svelgen, Svelgen Elkem 1978,
Handeland, Olav: Norddalsfjord bru er opna, Vegstubben, s 8-10, nr. 2-1987.
Lothe, Magni: Svelgen: Frå gardssamfunn til moderne industristad, Bremanger kommune 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR