Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. desember 2002

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Språk

Værlandet bedehuskapell



Værlandet bedehuskapell er bygt i gul teglstein og står på Værøy i Askvoll kommune. Bedehuskapellet, som har 178 sitjeplassar, vart bygt i 1960 og vart vigsla til kyrkjeleg bruk 30. oktober same året av biskop Ragnvald Andreas Indrebø. Arkitekt Torgeir Alvsaker laga teikningane. Værlandet høyrer til Vilnes sokn i Askvoll prestegjeld.

Om lag 100 tonn teglstein frå Helle Teglverk i Holmedal gjekk med då bygdefolket på Værlandet reiste gudshuset sitt.

Om lag 100 tonn teglstein frå Helle Teglverk i Holmedal gjekk med då bygdefolket på Værlandet reiste gudshuset sitt.

Eigar: Gunn Leite.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Gunn Leite.

Lang kyrkjeveg

Opptakten til bedehuskapellet på Værlandet var arbeidet til ei bedehusforeining som starta innsamling av pengar i 1936, same året som Værlandet fekk gravstad. Kapellet som vart reist fleire tiår seinare, hadde frå fyrst av namnet Vonheim og er i daglegtalen vorte heitande bedehuset.

Før bedehuskapellet kom, vart det skipa til møte og gudstenestlege samlingar i skulehuset, men der var det liten plass. For å komme til kyrkje måtte værlendingane reise over fjorden til Vilnes eller ein sjeldan gong til Bulandet, etter at dei fekk sitt bedehuskapell. Ofte var det vêret og vindretninga som avgjorde om dei kunne våge å leggje ut på kyrkjeferd.

Bygt på Leiteneset

Alt i 1940 hadde bygdefolket samla inn 2000 kr. Deretter vart innsamlingsarbeidet lagt på is til etter krigen. I april 1945 låg det føre teikningar frå arkitekt Torgeir Alvsaker, og ei nemnd var valt til å halde fram med pengeinnsamling og med å få avklara tomtespørsmålet. Nokon meinte at gudshuset absolutt måtte liggje attmed gravstaden sør på øya, men då saka endeleg skulle avgjerast på eit møte i 1949, var det ei kvinne som uttrykte følgjande: "Vi skal no vel ikkje byggje kyrkja for dei døde der sør." Det vart då bestemt at huset skulle plasserast om lag midt i bygda, på Leiteneset, eit stykke unna gravstaden.
Ei viktig årsak til stadvalet var vegen som kom like etter krigen frå Værlandet til Landøy.

Teglstein frå Holmedal

Same hausten reiste bedehusnemnda på synfaring til Måløy for å sjå på det nye bedehuset på Kvalheim, som var bygt i mur. Nemnda likte det dei såg og bestemte seg for å byggje Værlandet Bedehuskapell i teglstein. Så starta dugnaden med å frakte bygningsmaterialar ut til øya. Bortimot det som fanst av små og store fiskebåtar i Værlandet reiste i flokk og følgje over fjorden til Helle Teglverk i Holmedal og henta teglsteinen som huset skulle murast opp med. Mursanden vart frakta frå Dale og Hjartholm, skiferen kom frå Voss og trevyrket vart frakta heim frå Bergens-kanten.

Dei få som hadde traktor på øyane, stilte på kaien då båtane la til lands, og slik gjekk transporten fram til tomta. All transporten og svært mykje av byggjearbeidet vart gjort på dugnad. Andreas Ringstad frå Askvoll arbeidde på denne tida med å gruse vegen, og om kveldane, etter arbeidstid, frakta han heile 70 tonn teglstein fram til byggjetomta. I alt gjekk det med godt over 100 tonn teglstein til å byggje kapellet, og det tok fem år frå byggjearbeidet starta til det vart vigsla i oktober 1960.

Mannfolka gjorde sin innsats gjennom bedehusnemnda, medan bedehusforeininga, samansett av kvinner, skaffa mykje av inventaret. Seinare har denne foreininga følgt opp med årlege basarar.
Då huset endeleg stod ferdig, gav kvar vaksen person på Værlandet ein stol som ei felles vigslingsgåve, i alt 178 stolar. Der vart kjøpt inn ein del fleire attåt. I vigslingsåret var samla skuld på berre 16 000 kr, trass i at kapellet var brannsikra for over 130 000 kr. Dette fortel sitt om kor sterkt dei ønskte å få sitt eige gudshus.

Bygningen

Værlandet bedehuskapell er bygt slik at det høver godt både til møteverksemd og gudstenester. Bygget har ei enkel form med store ruta vindauge oppe og noko mindre vindauge i kjellaren, og eit lite tårn med spir plassert over kordelen. Koret har same breidd som sjølve kyrkjerommet, og eit tilbygg i form av ei nisje som rommar altertavla og alteret. I hovudetasjen er der ein småsal (også nytta som sakristi) i tillegg til kyrkjedelen, og garderobe/toalett som vart innreia rundt 1990. Kjellarhøgda inneheld matsal, kjøken og dei opphavlege toaletta. Denne delen av bygningen vert m.a. nytta til minnestunder etter gravferder. Bedehuset vart pussa opp til 40-årsjubileet i 2000 og kledd utvendig med panel på vestsida. Her vert halde gudstenester om lag kvar fjerde søndag.

Konfirmantane både i Værlandet og Bulandet reiste til Askvoll like fram til byrjinga av 1950-talet. Etter den tida vart det halde konfirmasjonsgudstenester annakvart år i Værlandet og Bulandet. Dei seinare åra har ungdommane fått konfirmere seg der dei høyrer heime.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1959 er laga av Vilhelm Bjørknes og vart gitt som gåve av Sine Værøy til minne om mannen, Johannes Værøy. Motivet er "Den søkkande Peter" (jfr. Matteus 14,22-33). Under biletet står Peter sitt rop om hjelp: "Herre frels meg."

Det meste av inventaret er frå 1960. På alteret står to lysestakar i forsølva jern, - tidlegare brukte i Askvoll kyrkje. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv, ei gåve frå Maria og Henrik Leite, og ei brødøskje. Preikestolen og døypefonten er laga av Leknes Snikkarverkstad i Askvoll. Dåpsfatet i tinn er ei gåve frå Ragnhild og Fredrik Alden. Dåpsmugga frå 1965, også i tinn, er ei gåve frå familien Asmund Vederhus.
Orgelet er bygd i 1961 og ombygd i 1987. Kyrkjeklokka er laga av O. Olsen og Søn Klokkestøperi i Tønsberg. I 1979 vart det installert automatisk ringjeapparat.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.