Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stein-kar og telefonstolpar i Grindsdalen



Grindsdalen i Leikanger går frå Sognefjorden nordover mot Rommedalen, ein dal som kjem opp frå Romøyri i Fjærlandsfjorden. Frå Rommedalen går eit dalføre vidare nordover og ned til Lidal. På strekningen Stavsete i Grindsdalen til Lidal finst det somme stader handfaste spor etter ei telefonline.

Utsyn frå Øvre Rommedal sørover mot høgste punktet i Grindsdalen. Telefonlina gjekk på høgre sida av bekken nedetter dalføret.

Utsyn frå Øvre Rommedal sørover mot høgste punktet i Grindsdalen. Telefonlina gjekk på høgre sida av bekken nedetter dalføret.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Stein-kar og stolpar

Stølen Stavsete ligg kring åtte km nord i Grindsdalen på snaue 800 m o.h. Vidare nordover stig lendet jamt til vel 1000 m o.h. på det høgaste, før det ber noko brattare nedover mot Øvre Rommedalen. Dalføret er breitt og ope dette stykket over tregrensa med bratte liar på begge sider. Terrenget er grasgrodd lange stykke og steinete mange stader, særleg nordanom Stavtjørn. Nett her er det lett å leggja merke til spor etter den gamle telefonlina mellom Leikanger og Fjærland, - låge steinsettingar langs stien eller stolpe-kar som er det rette fagordet, det eine etter det andre, somme avrunda, andre firkanta, og restar etter stolperekkja her og der, - grå og halvrotne pålar.

Mange spørsmål

For folk som ferdast her, og ikkje veit betre, kan det kan melda seg mange spørsmål: Når vart stolpane reiste og trådane strekte? Kvar var endestasjonane? Kva tid var det slutt? Når vart telefonlina teken ned? Og vidare: Kven kan ein spørja? Kor kan ein finna svar? To stader å gå er boka til fylkesmann Hans Seip om Sogn og Fjordane fylke som kom ut 1953 og arkivet til Mundal Hotel.

Sideline til hovudlina frå Lærdal

I 1895 løyvde Stortinget til det fyrste statlege telefonanlegget i Sogn og Fjordane, Lærdal - Sogndal og året etter framhald til Balestrand. Fjærland var tidleg frampå med ynskje om telefonsamband. I 1896 sette amtmannen opp ein plan for den vidare utbygginga i fylket, og her står Sogndal eller Leikanger - Fjærland som post nummer seks. Dette tyder at ein då tenkte seg to alternativ for Fjærlandslina, frå Sogndal (Sogndalsdalen-Berge etter den vanleg brukte ferdselsvegen) og frå Leikanger (Grindsdalen - Rommedalen - Lidal).

Men åra gjekk utan at Fjærlands-telefonen vart røyndom. Fylkestinget kravde både i 1903 og i 1908 at Fjærlands-anlegget måtte koma som eit av dei fyrste i Sogn, t.d. før Skjolden - Turtagrø.

"Lykke til"

Ein dag i oktober 1912 fekk hotelleigar Olaus Dahle brev frå ei begeistra dame i Arendal. Ho skriv:

"En rikstelefonstation aapnes i dag i Fjærland". Slik lød "SSS"-en igaar, med en gang var jeg langt oppe i Sogn og saa foran mig det vidunderlige Fjærland, fjorden med de vakre fjelde omkring og fik slig en lyst til at raabe tvers over hele Norge: "Lykke til" saameget arbeide som Herr Dahle har lagt i at faa telefon den vei, haaber jeg for Dem at resultatet maa blive det bedste.
Et skridt fremad i stedets udvikling er det jo, den stadige og sikre forbindelse med udenomverdenen. Ja, gid De maa blive fornøiet! Hjerteligste hilsener Borghild Flack."

Søknad frå fjærlendingane i 1897

Gratulasjons-brevet finst i Hotel Mundal sitt arkiv, i eit omslag saman med fleire papir om emnet telefon. Dokumenta viser at dei arbeidde i 15 år før dei kunne ringja til folk og at Olaus Dahle var den drivande krafta i arbeidet. Alt i 1897 sende dei søknad til "Det Norske Storting" om løyving til sideline frå stamlina Lærdal - Balestrand. I søknaden legg dei stor vekt på kva telefonsamband vil ha å seia for næringslivet. Det er til sine tider godt brislingfiske med notlag frå fleire stader i distriktet, og det er to landhandleri i fjorden og fleire som driv omsetning i kjøt, smør og gamalost. Særleg vil telefon vera til nytte for reiselivet, "bygdens betydelige traffikation av turister" i sommarhalvåret. Søkjarane viser til at i åra 1894 - 1895 var mellom 3 og 4000 turistar på besøk i Fjærland. Omtrent alle gardbrukararane og handlande skreiv under.

"nødvendigt aa gnaga"

Farten i utbygginga av telefonnettet stod i høve til statlege løyvingar. Og folk var ivrige etter å få dette nye kommunikasjonsmidlet. Somme stader tok folk skeia i eiga hand og bygde ut private anlegg som staten seinare løyste inn. I Vik fekk dei til dømes telefon så tidleg som 1892 takka vere eit privat anlegg Vik - Voss. Dei fleste måtte likevel venta på statleg utbygging, og det vart heilt frå starten stor aktivitet lokalt for å gjera ventetida kortast mogeleg. Eit verkemiddel var politisk engasjement i kommunestyre og fylkesting, eit anna å driva "lobbyverksemd" i Oslo.

Olaus Dahle sende brev til fleire han kjende i hovudstaden, både i og utanfor Stortinget. "Hr. Bankchef " J. Andersen Aars, var ein. I mai 1910 skreiv banksjefen til han: "Kjære Dahle Jeg har tilladt mig at sende Deres Brev, som det mest veltalende Indlæg for Telefonanlegget Leikanger-Fjærland til Telegrafdirektøren ledsaget af min bedste Anbefaling."

Sogne-representantane på Stortinget, Edvard Liljedal frå Vik og Lasse Trædal frå Kyrkjebø, gjorde alt som stod i deira makt for å få saka løyst, men dei hadde andre sine interesser å vareta òg, enn fjærlendingane sine. Trædal uttrykkjer i eit udatert brev at han nett då ikkje trur det er meir å gjera, men vedgår samstundes at det er "nødvendigt aa gnaga". I eit anna brev, datert i desember 1911, ber han seg og fælt over telefonsaka: "Ja, desse telefongreidorna set meg snart graa haar i hovudet. De hev lett for aa prata de, som ikkje stend uppe i det, men neimen um det er saa moro aa staa der." Men moro tykte han nok det var denne gongen å kunna melda om klarsignal: lina skal byggjast "neste aar".

Om bygginga

I januar 1912 fekk Dahle melding om at stolpane skulle fraktast til fire lagringsstader for vidare transport langsetter linetraseen, nemleg Huke, Lidal, Distad og Fjærland [Mundal]. Herifrå skulle stolpane så fraktast ut i terrenget og leggjast opp etter den heilt veglause linjetraseen. Ein stor mannskapsstyrke stod klar. Ikkje mindre enn 111 personar hadde teikna seg for dugnadsinnsats. Ein liten lommealmanakk til Olaus Dahle inneheld detaljerte opplysningar om stolpetransporten:
 

Det skal jamt over leggjast opp lunnar på13-14 stolpar på kvar halve kilometer, på fjellet i somme lunnar på 15 stk. Der det er vanskeleg å koma fram kan ein leggja 6 a 7 stolpar på stader for kvar 250 m. Det gjeld om å velja ut dei sterkaste og stødigaste stolpane til å ha oppå fjellet. Og langsmed "strondi" skal det leggjast seks stolpar på kvar stad slik at ein får fire lunnar på kvar km nokolunde der ein tenkjer at lina skal koma.

Nitti år seinare

Det må ha vore travelt i dalføret Grindsdalen - Lidal våren og sommaren 1912 med stolpetransport, stolpereising og linestrekking i tillegg til arbeidet på dei mange stølane. Ein laurdag sommaren 2002 var det rolegare, - ein gardbrukar for å sjå om sauene sine, folk på helgetur i eit sel, og eit par turgåarar, - det var det heile. Dei siste gjorde ein stogg ved eit av stolpekara, studerte dei og tok eit par bilete.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Leikanger 1958.
Privatarkiv SFF-87001 Mundal Hotel, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR