Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Eikenesstøylen



Eikenesstøylen ligg på ein romsleg avsats i ei høgd på ca. 345 m o.h. Stølen høyrer til gard nr. 32, Eikenes. Det er tett skog i den bratte lia nedanfor. Noko mindre skog ovanfor, men steinfull dyrkbar jord. Stølsvollen er no utskifta i teigar. Byggemåten på Eikenesstøylen var spesiell på den måten at dei fleste sela var samanbygde med fjøsa i endegavlen.

Eiknesstølen er romsleg, husa ligg spreidde og stølen har fin grasvoll. På bilete ser vi Brita Devik og Ågot Smørvik.

Eiknesstølen er romsleg, husa ligg spreidde og stølen har fin grasvoll. På bilete ser vi Brita Devik og Ågot Smørvik.

Eigar: Brita Devik.

Datering: 1992.

Fotograf: Brita Devik.

Tilkomst

Det er om lag 3/4 time gange med å fylgje stølsråsa. Stølen hadde òg ein sledeveg for å frakte heim høy. I den siste tida med stølsdrift bruka dei løypestreng for høyet. I 1989-1995 vart det bygt skogstraktorveg som munnar ut på stølen. Det kan vere interesse i å dyrke opp noko av jorda kring stølen til slått og kulturbeite.

Bruk av stølen

Vi ser restaurerte opphavlege hus på bilete 1. Eit anna eldre sel er oppeståande, medan fjøset har falle saman. Det gamle selet på bilete 2 var tidlegare ei gammal røykstove som vart flytta opp og brukt som sel for bnr. 6 og bnr. 7. Der var òg fjøs på enden, men det vart nedbrote av snø i 1990-åra. Ljoren, med glas i, er der enno. Om vinteren er den skjerma med ei steinhelle. Elles kjem det berre lys frå ein liten glugge i eine langveggen. Inne står enno hyllene for mjølkeaskane med forheng. Bruka hadde kvar si side.

Frå gammalt av vart stølskvia slått på ein dag. Folk frå alle bruka var på plass grytidleg for å bli ferdig. Kvia var oppdelt i mange små slåtteteigar med kompliserte slåtterettar. Dei skifta på teigane etter tur. Eitt bruk kunne slå nokre teigar annakvart år. På andre teigar kunne det vere fleire år mellom kvar gong bruket hadde slåtterett. Dette var for at gode og mindre gode teigar skulle fordelast rettferdig.
Dei flytta på stølen i slutten av juni og skulle vere der til om lag mikkelsmess, 29. september. Stølsdrifta vart heilt slutt i 1974.

Nokre fakta

Eikenes, gard nr. 32, Vereide sokn, hadde 7 bruk i 1890. På garden budde det 62 personar i 1865. I 1900 var talet 66.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 39. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR