Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. februar 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Balestrand kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Balestrand kommune.

Balestrand den 13. august 1905: Mange menneske er samla på fjorden i samband med folkerøystinga i Tjugum kyrkje der ein skulle seia ja eller nei til unionen. Robåtane er fulle av festkledde kvinner og menn.

Balestrand den 13. august 1905: Mange menneske er samla på fjorden i samband med folkerøystinga i Tjugum kyrkje der ein skulle seia ja eller nei til unionen. Robåtane er fulle av festkledde kvinner og menn.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-1994297.0005

Datering: 1905

Fotograf: Ukjend

Balestrand kommune i 1905
Balestrand kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Tjugum, Fjærland og Vangsnes. Grensene vart endra i 1964. Då vart Kvamsøy sokn overført frå Vik til Balestrand og Vangsnes sokn frå Balestrand til Vik. I 2000 vart Fjærland sokn overført til Sogndal. I 1900 budde det 2187 menneske i det området som kommunen omfatta då. Tek me utgangspunkt i det området som var Balestrand kommune frå 1964 til 2000, budde det om lag 2380 menneske her i 1900. Kring år 2000 var folketalet i same området om lag 1850 menneske. På 100 år minka folketalet med 500 menneske. Folketalet i landet dobla seg i same tidsrommet. Balestrand var ikkje med på denne folkeauken.

Nytt sentrum i bygda.
Åra kring 1905 var ei uvanleg oppgangstid for Balestrand. Stikkorda var turisme og nye næringar. Frå gamalt av hadde det me kan kalla sentrumsfunksjonar som handel og kai vore i Lundsvika og Balavika. Større dampbåtar trengde etter kvart djupare kaiplass, og kaiane i Balavika og ved Lausholmen vart for grunne. På slutten av 1800-talet vart det bygt kai og ekspedisjon på Esefjordsida. Området der butikkane og ferjekaia ligg i dag, heitte frå gamalt Måhellevika. Dette vart det nye sentrum i Balestrand, og dette skjedde i åra kring 1905. I 1901 vart Balestrand meieri bygt der Sognefjord Akvarium ligg i dag. I 1903 bygde ungdomslaget første ungdomshuset, Friborg, i Måhellevika like ved meieriet. Sentrum var i ferd med flytta seg frå Balavika og Lundsvika til Måhellevika. Etter kvart vart heile området fylt opp. Den aude rullesteinsfjøra gav etter kvart rom for kai, ekspedisjonsbygg, snekkarverkstad, lækjarbustad, butikkar, kunstnarvilla, frisørsalong, urmakar, kafear, restaurantar, galleri, akvarium, småbåthamn, offentlege kontor meir.

Ny skule i sentrum i 1905
I 1905 var skulestellet delt inn i krinsane Lånefjorden, Nesse, Kvamsøy, Balestrand, Grøneng, Sværefjorden og Vetlefjorden. I kvar krins var det eigen skule. Utviklinga i sentrum auka trongen for nytt skulehus der. I 1895 sa skulestyret at ny skule måtte byggjast i Balestrand krins "paa et sted som ikke ligger lenger ude end Midtnesbakken (Midtens Pensjonat) og ikke nærmere Esefjorden end hvor Johannes Sandes Kalvehus før stod, ret op for Endresens hus." Me merkar oss at i staden for kart eller liknande, fann ein det tenleg å referera til "Johannes Sandes Kalvehus. " Johannes var elles ein av dei som drog frå bygda nettopp i 1905 og sette sine voner til Amerika. Ny skule i denne krinsen var ei svært viktig sak i åra før 1905. Til slutt samla ein seg om ny, stor skule på Sjøtun. Den stod ferdig i 1905 og årstalet 1905 pryda skuleporten då Sagatun skule vart teken i bruk.

Vegane i 1905
I 1905 var det bygdeveg frå Flesje langs stranda til dampskipskaia i Holmen. Denne var om lag 5 km lang og kring 2,5 meter brei. I 1895 hadde denne vegen og vorte forlenga inn til garden Ese. Det var og eit stykkje rodelagd bygdeveg forbi Tjugum kyrke og fram til Dragsvik. I 1915 kom det og veg frå Tjugum kyrkje og inn til Esebotn. Frå Ulvestad gjekk det rodelagd bygdeveg på austsida av elva over Meland og fram til garden Mel. Frå Nessane gjekk det rideveg innover langs Sognefjorden til Tusvik, Sæle, Målsnes og videre til den møtte vegen frå Flesje til Balestrand. Denne ridevegen var ferdig i 1887. Om vinteren kunne den køyrast med slede. Restane av den syner mange stader, mellom anna mellom Målsnes og Kvamsøy. I 1905 var det soleis ikkje samanhengande veg rundt Esefjorden. Det vanskelege stykket mellom garden Ese og Esebotn stod att. Ferdsla gjekk på fjorden. Gardbrukarane i Esefjorden hadde landingsrett der småbåthamna ligg i dag. Folk rodde til kyrkje, dei kom roande over fjorden til skulen og dei rodde mjølk og anna avdrått til meieriet eller til kaia og båten.

Varer og stoppestader
I 1905 var det båtstoppestader i Lånefjorden, Ytre Kvamsøy/Nessane, indre Kvamsøy, Balestrand, Farnes og Ulvestad. Her vart det årleg lossa og lasta mykje varer. I 1918 har me tal for varer på desse kaiane. I 1918 vart det mellom anna sendt slike varer over kaia i Balestrand: 6000 kg smør, 47 kassar gamalost, 6250 flasker saft, 1840 buntar tønneband, 190 tønner frukt, 240 kassar frukt, 38 sekker bark (truleg bjørkebark), 14 kassar maleri frå kunstnarane i bygda, 35 kolli møblar frå snekkarane, 400 sprakestaurar og mykje anna. Frå Sværefjorden gjekk det mykje same vareslaga, men dei sende og 39 tønner villbær, 48 kipper never og heile 140 sekker bark. På kaia på Ulvestad skipa dei og ut 17 sekker kålrabi og 10 ballar høy og halm. Vetlefjorden hadde overskot på for. Dei leverte og heile 54 kassar gamalost, meir enn både Balestrand og Sværefjorden. Dette seier litt om den eksportretta delen av næringslivet i Balestrand på denne tid. Marknaden var hovudsakleg i Bergen. Alle stoppestadene hadde og handel og postkontor. I Kvamsøy sokn var det berre telefonstasjon i Kvamsøy, og det var soleis 25 km veg frå Lånefjorden til næraste telefonstasjon.

Kunstnarar og sommargjester
Bygdevegen gjekk langs fjorden frå sentrum og utover mot gardane Tue og Flesje. Vegen låg vakkert til like i strandlina og i dette området var det alt kome fleire tilflyttarar. Kunstmålarane Hans Dahl og Adelsteen Normann hadde bygt sine drakevilla her tidleg i 1890-åra. Christen Skåsheim såg at turistane kunne gje inntekter, og han starta kafe og handel ved Skåsheimselva. Sommaren 1897 serverte han for første gong sjampagne i almen ved elvosen. Her var det bygt 15 sitjeplassar oppe i ein stor alm. Frå almen til kafebygningen gjekk det ei jekt på løypestreng. Her kunne gjestane tinga og få sendt det dei ville ha. Christen starta og med handel her. Kunstmålar Kaulum hadde bygt seg villa nær stranda på garden Bruhjell i 1900 og i 1901 bygde Morten Kielland frå Bergen villa same stad. Han dreiv firma i Bergen som handla med fisk og tran. Han hadde trong for telefon når han var i Balestrand om sommaren, og han kosta difor fyrste telefonlina frå sentrum og utover. I 1905 bygde engelskmannen James Livesay seg villa på Sande, og same året kjøpte ei amerikansk dame Miss Abbott tomt på garden Askelund. Ho sette opp hus året etter. I Sogns Tidende 1. august 1905 kunne me lesa: "Byggmester A. Korsvoll hev teke paa seg å reisa ein villabygning for den amerikanske dama Miss Abbott i Balderslund paa Balestrand. Teikningen er av arkitekt Lemann i Berlin."

Alt i alt var Balestrand i 1905 i bygd i endring og sterk framgang. Det var turiststad, sommarstad og samlingsstad for framande og rike frå byar og utland. Keisar Wilhelm var fast gjest og gjorde vel sitt til at dette skaut fart.

Nye yrke i kjølvatnet av turismen
I dette nye sentrum vart det rom for nye levebrød. I 1905 var Anders Havnen omtala som skysstasjonshaldar. Han skyssa mellom anna folk over Esefjorden. Maria Sande styrde telegrafstasjonen i huset sitt midt i sentrum. Nils Rendedal dreiv Hotell Balestrand og Ole og Knut Kvikne dreiv Kvikne's Hotel. Ole Kvikne og Nils Rendedal dreiv og handel i Balestrand og Hans Tjugum i Lundsvika. Sjur Berge hadde flytt til Balestrand som smed. Anfinn Sjøtun og J. Kvammen livnærde seg som skomakarar. Ingebrigt Ulvestad var skreddar og Anton Thue urmakar. Jens Bale, Bendik Midtnes og Johannes Sande var snikkarar. Det var mykje byggjeverksemd i Balestrand på denne tid. Tor Ese, Anders Menes, Mons Menes, Hermund Tenningen, S. Tenningen, Hermund Thue og Lasse Thue Halvteigen levde av jektefart. Jon Bøtun dreiv handel på Ulvestad og Mons Farnes hadde nett starta opp på Farnes.

Nokre nøkkelpersonar
Det var kommuneval i 1904, og fanejunker Ole Tjugum vart vald til ordførar. Harald Ulrik Sverdrup var prost og sokneprest. A. Køste var lækjar i bygda. Lensmannen, P. C. Rusten, budde på Leikanger og var lensmann for Leikanger og Balestrand.

Lag og organisasjonar
Me kjenner til 18 lag og organisasjonar som var skipa i noverande Balestrand kommune før 1905. Den klårt største gruppa var ulike misjonslag. Me finn desse laga: Balestrand sjømannsmisjon/kvinnemisjon, Sværefjorden sjømannsmisjon, Vetlefjorden sjømannsmisjon, Esefjorden misjonsforening, Sværefjorden gamlemisjon/kvinneforening, Balestrand kvinneforening, Vetlefjorden kvinneforening og Balestrand misjonslag. Desse skyttarlaga var skipa før 1905: Nesse Skyttarlag, Kvamsøy skyttarlag, Balestrand skyttarlag og Sværefjorden skyttarlag. Det var skipa ungdomslag i Balestrand, Vetlefjorden og Lånefjorden. Balestrand songlag vart skipa i 1902 og det einaste partiet var Balestrand Venstre som var skipa alt i 1984.

Styret i Noregs Ungdomslag engasjerte seg sterkt i unionssaka og i august 1905 sende dei opprop til alle laga. Der lydde det mellom anna "Like eins maa styri i ungdomslagi og dei einskilde lags folk med kraft nytta dei arbeidsdagarne til aa faa unge menner innskrivne i mandtallet og til aa sanka i hop forfaldsmeldingar og røystesetlar fraa deim, som ikkje sjølv kan møta. Fram til arbeidet alle mann, so folkeavrøystingi kan verta ein ny grunnstein for vaart sjølvstende! " Balestrand Ungdomslag hadde alt i mars 1905 hatt oppe konsulatsaka på eit av møta sine.

Balestrand ungdomslag i mars 1905
Konsulatsaka og tilhøvet til Sverige opptok folk i Balestrand dette året. I møteboka for Balestrand Ungdomslag finn me prov på dette. Møtet vart halde i det nye huset, Friborg, som stod ferdig i 1903. "Søndag 5. mars 1905 havde ungdomslaget møde i sit eget hus. Konsulatsagen var emnet, som forelaa til diskussion, men indlederen, Dr. Køste, kunde paa grund af sygdom ikke møde og indlede sagen. Laget vedtog alligevel at behandle konsulatsagen, dels ved oplæsing af avisartikler og dels ved diskussion. En mængde nye efterretninger angaaende konsulatsagen blev derefter oplæst af Øvrebø (d.æ.) og Oppedal. Nogen videre diskussion blev det ikke. Som emnet til næste møde, der bliver at afholde om otte dage, blev vedtaget "Udvandringen". Erik Skaasheim valgtes til indleder og ordstyrer."

"- indtil sagen var ordnet"
I møteboka til ungdomslaget kan me lesa referat frå møtet der utvandringa vart drøfta. Her kom og tilhøvet til Sverige inn.
"Søndag 12. mars 1905 havde ungdomslaget møde i sit eget hus. Efter at lagets bog var oplæst, indledede Erik Skaasheim det vedtagne emne Om Udvandringen, i det han fremholdt at den var en nødvendighed, da der ellers vilde blive overbefolkning og for trangt herhemme, derfor maatte som oftest de yngste i hvert hjem ud og i de fleste tilfælder drog de helt over til Amerika for der at prøve lykken. Der borte fandt de bedre at kunne udnytte sin duelighed end her i det fattige og trange Norge, og de kunde der lettere vinde ære og gods.

Indlederen syntes saaledes det var et gode, at der var et Amerika som stod færdig til at tage imod vore landsmænd som med gode forsætter havde sat sin kurs did, for der at rette op og med mandigt mod vilde bøde paa det som var mangelfuldt her hjemme. Gaardbrugernes klage over den daarlige og dyre arbeidshjælp var ikke bare udvandringen skyld i, ogsaa strømningen til vore byer var medvirkende dertil. Men at mange af vore ungdommer ivaar viste gamle mor Norge ryggen for de politiske spændingers skyld for derved at sikre sit eget skind, karakteriserede han som feighed. Dersom det i denne tid blev bestemt at gaa lovveien med hensyn til konsulatsagen, var han af den mening at det ved lov maatte nægtes gutter og mænd fra 15 - 40 aarsalderen en udvandringstilladelse, indtil sagen var ordnet.
Efter indledningsforedraget fulgte en rivende diskussion, der gik med liv og lyst, saa den mindede sterkt om de debatterne i "Fabeldyrets dage". Mindretallet af debattanterne støttede indlederen, men var endnu mere radikale. Flertallet derimod imødegik dem paa det sterkeste, og det kom flere gange til heftige sammenstød, hvorunder de bombarderede hverandre med skarpe argumenter."

Utvandringa i året 1905
32 personar drog frå dåverande Balestrand prestegjeld til Amerika i 1905. Det utvandra langt fleire i 1905 enn i dei næraste åra før og etter. Kanskje var det noko i det Erik Skaasheim hevda av einskilde søkte bort på grunn av otten for strid med Sverige. Den 21. februar 1905 vart Mons Frøysland Mel, Jon Olson Langeteig, Helge Hermundson Langeteig og Anders Hansson Langeteig registrerte som emigrantar i Bergen Hamn. Dei var alle kring 18-19 år. Dei hadde vore grannar og skulekameratar i Vetlefjorden. Dei hadde snakkast saman og alle valde same løysinga for livet sitt. Kring midten av mars drog og snikkar Johannes Bjørnson Sande med huslyden. Han var heile 49 år gamal, og me kan undra oss over kvifor han valde ein så strabasiøs veg så langt ut i livet sitt. Kona og borna drog med han. Johannes hadde drive snikkarverkstad i Balestrand sentrum, og det var gode tider for handverkarar på denne tid. Som referatet frå møtet i ungdomslaget syner, var utvandringa til Amerika ei sak som opptok folk i bygda.

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Presten skreiv slik i dagboka si om dei to gudstenestene:
"11.06. Tjugum: Høitidsgudstjeneste: Den nye Skabning. Til dee skadelidte i Loen indkom kr. 102,71.
12.06. Fjærland: Høitidsgudstjeneste. "Kom til Lyset" Til de skadelidte i Loen indkom Kr. 94,22.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905. Søndag 13. august skulle folk i Balestrand seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. Søndag 12. og måndag 13. november skulle innbyggjarane i bygda svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.
Røystinga i Balestrand vart halde i Tjugum kyrkje og på Ulvestad. Folk i Kvamsøy sokn måtte ta seg til kyrkja i Vik. Resultatet finn me i valboka for Balestrand valsokn. "Derefter prøvedes de indkomne forfaldsanmeldelser i alt 73 hvoraf 69 godkjendtes enstemmig. No 4. Johannes Hansen Stølen var ikke opført i mandtallet. No 5 Anders E. Fjærestad, der havde fremsendt forfaldsanmeldelse, da han før var paa reise, men mødte personlig og afgav stemmeseddel. No 25 Ole Larsen Vangsnæs fandtes ikke i mandtallet. No 34 Kristen Endresen Berge ligesaa, - begge der allerede i 1903 var udflyttede fra Valgsognet. No 4, 25 og 34 indlagdes i en konvolut og opbveraredes isammen med øvrige afgivne stemmesedler, i særskilt konvolut."

I dagboka si skreiv presten dette er gudstenesta: "13.08. Vangsnes: Gudstj.: Vogt Dig for de falske Prof, og vær selv et ægte Herrens Vidne. Ingen overhøring, for at Gudstj. Kunde blive ferdig til Folkeafstemningen skulde begynde.

Ingen stemme afgaves med "nei".
"Under gjennemgaaelsen blev alle stemmesedler godkjent. Efter mandtalslisten udgjør de stemmeberettigede i Balestrand valgsogn 495, hvoraf ved suspensionsmerke 13. Der afgaves 453 godkjendte stemmesedler og alle med "ja". Ingen stemme afgaves med "nei". Til slutning oplæste formanden det protokollerede." Protokollen vart underskriven med desse namna: "O. Tjugum. S. Bjaastad. Christen Skaasheim. B. E. Fjærestad. Lars L. Ese d. y. E. Wangsnæs. O. Thorsnæs. B. Hanekam Ole M. Midthun. Erik Tveit. Johannes Mundal. "

I Balestrand var det eit valframmøte på vel 90 %. I heile Sogn og Fjordane hadde 16 819 personar røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. I heile landet hadde 435 376 personar røysterett, det vart registrert 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei.)
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Me veit ikkje om dette og skjedde i Balestrand.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk
"Aar 1905 den 12te og 13de november - henholdsvis fra kl. 1 til kl. 4 emd. og fra kl. 9 til kl. 11 formiddag - holdtes folkeafstemning for Balestrand valgsogn i hovedkirken paa Tjugum efter Storthingets beslutning og regjeringens resolution af 31 oktober 1905, for at stemme om hvorvidt de er enige eller ikke enige i Storthingets bemyndigelse til regjeringen om at opfordre prins Carl af Danmark til at lade sig vælge til Norges konge. " Valstyret hadde desse medlemane: "Gaardbr. Kristen E. Skaasheim, Bjørn E. Fjærestad, Lars L. Ese d.y. og fanejunker O. Tjugum. Som formand fungerede fanejunker O. Tjugum"

"Det bemerkes, at der samtidig inden valgsognet holdtes folkeafstemning paa 3 andre steder, saaledes som den 13. august sidstl.- nemlig: a paa handelsstedet Ulvestad for de stemmeberettigede fra Farnæs, Sværefjorden, Vetlefjorden og Menæs, b i Fjærland i Mundals kirke for Fjærland sogn og c paa Vangsnæs for Vangsnæs sogn."

Då tida for røysting var ute, kunne valnemnda fullføra arbeidet sitt. "Efter mandtalslisten udgjorde de stemmeberettigede i Balestrand valgsogn 497, hvoraf med suspensionsmerke 12. Der afgaves 372 stemmesedler, der alle godkjendtes, hvoraf stemte 284 med "ja" og 88 med "nei".

Konge eller president
88 personar i Balestrand ville at landet skulle styrast av ein president, ikkje av ein konge. Dette spørsmålet hadde vore drøfta mykje gjennom sommaren. Ein kar i Balestrand fekk i august 1905 eit langt brev frå ein ven på Cuba. Mykje av brevet handla om unionen med Sverige og framtida. Mellom skreiv avsendaren: "Og du som er sparemand, holder paa Kongedømme. Vorherre bevare Dig! Kongehuset med Princer og Princesser, Hofsnobber og Hofdamer osv, osv, vil aarlig koste Norge mindst en Million Kroner. En President vil ikke koste Landet over 50.000 kroner. Der er sparet 950.000 Kroner med en gang. Det er Økonomi. "

Minnetre på Skåsheim og i Sjøtun
Anders Skåsheim, bankmann og sogegranskar, var mykje oppteken av det som skjedde i 1905. Den 12. september skreiv han heim til familien: "Her gaar stadig rygter om mobilisering. Jeg er forberedt på alt og de som er hjemme maa foreløbig tage det med ro. Vi faar i længden haabe det bedste og nu vil det blive enten eller i løbet af nogle dage." Folk frykta militær spenning og kanskje krig.

Den 21. september skreiv han dette i brev til heimen i Balestrand: "For efterverdenen vil dette aar alltid blive et mindeaar. De maa derfor plante et træ paa et heldig sted. Et pent "minnetre" om 1905 vil alltid være interessant at have paa Skaasheim. Plant dette den dag frihedsbudskapet mottages. Plant et ægte Vestlandstræ. Heldst et som kan blive gammelt. Træet bør ogsaa plantes i tunets umiddelbare nærhed - Smiehaugen eller lignende."
Det står eit tre like ved gardstunet i dag som er planta på denne tid. Truleg gjorde dei som Anders ynskte. På garden Sjøtun hjå gardbrukar Johannes Sjøtun vart det planta ein bøk som minnetre i 1905. Bøken står like ved Sjøtunsvegen, eit stort, kraftig og vakkert tre i dag. Ola J. Sjøtun fortalde at han som liten var med far sin og planta treet. Han var då 7 år gamal og heldt i toppen då dei sette det i jorda.

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og sonen Alexander fekk namnet Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905.
I avisa Sogningen den 8. desember 1905 kan me lesa eit kort referat frå festen i Balestrand. "I Balestrand holdtes en særdeles smuk og stemningsfuld Folkefest i "Hotel Balestrand" paa Kongeandkomstdagen. Under Festen talte provst Sverdrup for Kongeparet. Bygmester Korsvold for Statsminister Michelsen, Christen Skaasheim for Fedrelandet, Fanejunker Tjugum for Fædrelandets Forsvar, Englænderen Hr. Kunstmaler Cooper for det gode Venskabsforhold mellem England og Norge.

Der affsendtes følgende telegram til Kongeparet:

Kongen, Kristiania.

Indbyggerne i Balestrand samlet til Fest bringer herved i Tak til Gud og dybfølt Glæde Norges Konge og Dronning sin varme og hjerteligste Hyldest med Ønske om en lang og lykkelig Regjering.

Ved Middag affyrede Th. Kvikne Kongesalut, og om Aftenen opsattes et smukt Fyrverkeri."

Takkegudsteneste
Hendingane i merkeåret 1905 vart avslutta med takkegudsteneste den 7. desember. I dagboka si skreiv presten:
"07.12. Tjugum: Takkegudstjeneste. "Tak H. for at han har friet os fra Krig og anden Fare, og for det han har givet"

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Kleppa, Bering: Soga om grunnskulen 1739-1989.
Balestrand kommune 1989.
Urtegaard, Gunnar: Balestrand bind II. Balestrand 1991
Helland, Amund: Topografisk/statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania 1901.
Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november
Statsarkivet i Bergen: Balestrand prestearkiv, dagsregister 1905.
Fylkesarkivet: Arkivet etter Balestrand ungdomslag
Fylkesarkivet: Arkivet etter Anders Skåsheim
Avisa Sogningen. 8.12, 15.2, 1.8
Databasar ved Fylkesarkivet: Møtebokregister, emigrantar, foto, lag og organisasjonar

PERMANENT IDENTIFIKATOR