Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 15. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Fylkesbaatane-flagget i Rysjedalsvika



Det er eit kunstverk, med tittelen FSF – (For evig!), signert Oddvar Torsheim. Flagget er «hogge» i stein, måla med «evigvarande Bengalakk», og bolta fast i vegg på kaihuset. Torsheim sitt kunstverk i Rysjedalsvika kom på plass etter tiltak av ordføraren i Hyllestad, og vart avduka laurdag 29. oktober 2016. Kunstnaren og fylkesordføraren i lag, «let duken falle». Fleire heldt tale. Over 100 menneske var tilstades.

Kunstnaren, Oddvar Torsheim, og fylkesordføraren, Jenny Følling, stod for avdukinga. På førehand hadde Torsheim «teke mot til seg» og gitt instruksjon: «Ta i av alle krefter, slik at me kjem frå avdukinga med æra i behald.»

Kunstnaren, Oddvar Torsheim, og fylkesordføraren, Jenny Følling, stod for avdukinga. På førehand hadde Torsheim «teke mot til seg» og gitt instruksjon: «Ta i av alle krefter, slik at me kjem frå avdukinga med æra i behald.»

Eigar: Morten Askvik

Datering: 29.10.2016

Fotograf: Morten Askvik

Første versjon fjerna

Opphavet til FSF- (For evig)! er i røynda Bjørn Eilert Mork, busett i Bergen. Sommaren 2015 avslutta Mork og gruppa hans Vann, musikkvideo-prosjektet «Ute av drift». Oddvar Torsheim var med og laga teikninga FSF – (For evig!) direkte på betong i eit buss-skur i Lavik. Vegvesenet likte ikkje det. Mork og Torsheim hadde ikkje innhenta løyve. Vegvesenet sine folk vurderte teikninga som tagging, og fjerna ho ved å måla over.

Bjørn Eilert Mork

Ordføraren i Hyllestad tok affære

Flagg-saka i Lavik gjekk ikkje upåakta. Avisa Firda hadde fleire oppslag om hendinga. Og ordførar Morten Askvik i Hyllestad tok affære. Han kontakta Torsheim med tilbod om at dei kunne få laga ny teikning på sikker plass i Hyllestad, på kommunen sitt kaihus i Rysjedalsvika. Mork og Torsheim takka ja, og året etter, 29. oktober 2016, var kunstverket FSF – (For evig!), versjon II, klart til avduking. Fleire var med og hjelpte til i prosjektet, først og fremst ordførar Askvik, steinhoggar Torbjørn Løland og kulturarbeidar Astrid Waage.

Lokal skiferstein

«Dette er ei ytring i hard skifer og knallhard Bengalakk», slo Oddvar Torsheim fast då Firda sin journalist var framom steinsmia til Åfjordstein for å laga artikkel om arbeidet (29.10.2016). Ytringa eller det kunstnarlege uttrykket, er dette: til venstre på flaggstang FSF-flagget – blå X i kvitt felt i raud ramme - og på høgre side skriftordet FSF – (For evig!), og under signatur OT 2016. Teikninga er laga på skiferstein, på ei plate som måler 140 x 120 cm og veg rundt 150 kg.

Fartstid i Fylkesbaatane

Torsheim fortalde til Firda at han har fartstid i Fylkesbaatane. I 1968 var han matros på MS «Sognefjord» i ruta mellom Årdalstangen og Bergen. Vidare siterer Firda:

«Takka vere denne jobben fekk eg Fylkesbaatane skikkeleg inn under huda, og ser på både namnet og det gamle flagget som eit heilagt symbol på felleskap og identitet i fylket. (…) Fylkesbaatane var mykje meir enn berre eit reiarlag. Det var hjarteblodet og ein identitetsskapande grunnpilar i samfunnet vårt.»

Avdukinga

Det ferdige kunstverket vart frakta frå Åfjorden og festa på kaihuset i Rysjedalsvika; godt synleg frå ferje og snøggbåtar og kvar og ein som ferdast på kaiområdet. Klokka 12.00 på avdukingsdagen kunne Astrid Waage ønskja vel hundre frammøtte velkomne. Bjørn Eilert Mork var første talar. Talen hans handla om identitet og eigenart i lokalsamfunnet, verdiar som er verd å ta vare på.

«I en tid der vi ser en sentraliseringsbølge som t.o.m. byfolk blir skremt av, er det viktig å holde fast ved identitetsbærende institusjoner som FSF. Nå er dessverre FSF historie, men det er en god historie. Det handler om et distrikt der hardtarbeidende folk sto og står sammen. Det handler om å ta vare på sin identitet og egenart i et samfunn som blir mer og mer globalisert, pengestyrt og sentralisert. Vi må stille oss spørsmål om de virkelige verdiene i et samfunn.

Påminning

Etter Bjørn Eilert Mork gjekk ordet i tur og orden til kunstnaren, ordføraren i Hyllestad, og fylkesordføraren. Fylkesordførar Janny Følling «rosa eldsjelene» som hadde teke fatt etter at FSF-flagget i busskuret i Lavik var borte, og sa mellom anna følgjande:

«Det er noko vakkert over dette, ikkje berre kunstverket i seg sjølv, men at folk i lokalsamfunnet i samarbeid med kommunen prioriteter kunst og kultur. (…) Kunstverket vil vere ei påminning om historia, felles kulturarv, og vil stå som eit landemerke. Forma i stein kan det og tolkast som at kunsten toler ein storm eller to utan å la seg knekke (…)

Ferja «Nordfjord» la til

Mot slutten av programmet seig ferja «Nordfjord» til kai i rute frå Rutledal, no med Fjord1 sine merke, blå og raude striper, men og med spor av det historiske fundamentet, FSF-flagg på baugportane, rett nok overmåla, men likevel godt synlege. «Nordfjord» helsa med fleire støyt i skipsfløyta. Mannskap fortalde at dei ville ha heist FSF-flagget jamsides Fjord 1 flagget, om dei hadde hatt det om bord.

I venterommet

Astrid Waage runda av det offisielle programmet ute med å be folk inn på venterommet der det var kaffi og råd å få med seg signerte trykk av det nettopp avduka kunstverket. Dessutan var det høve til å sjå ei lita samling med FSF-effekter og å kjøpa Flagg-skjorter o.a. frå Flaggaksjonen. Mange tok turen innom på venterommet.

Bygd 1971

Det romslege kaihuset i Rysjedalsvika stod ferdig i 1971. Det heng ei skipsklokke (modell) i taket med inngravert helsing frå Firda Billag, som har hatt bilruter til og frå stoppestaden heilt sidan Rysjedalsvika så smått opna i 1965. Det finst også andre trafikk-historiske gjenstandar på veggane; tre innramma bilete og eit fylkeskart i stort format. Eit bilete viser MS «Sogneftjord» som i mange år gjekk snøggruta Sogn – Bergen, eit anna den seinare snøggbåten MS «Fjordprins».

Overrekte FSF-skorsteinskrus

Flaggaksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! (aktiv frå hausten 2009 då Fjord1 fjerna FSF-flagget frå Fjord1 Fylkesbaatane sine ferjer og båtar) tykte vel om prosjekt FSF – (For evig!), Rysjedalsvika 2016. Aksjonen hadde stand i venterommet og heldt ein spontan «seremoni». Hovudaktørane blei bedne om å koma fram: Jenny Følling, Astrid Waage, Bjørn Eilert Mork, Oddvar Torsheim, Torbjørn Løland og Morten Askvik. Dei fekk overrekt kvar sitt FSF-skorsteins-krus frå stort Fylkesbaatane-serveringsfat i «edelt» metall.

Kva står x-en for?

Fleire spurde om kva X-en i Fylkesbaatane flagget står for. Det fekk dei svar på. 
X-en i Fylkesbaatane sitt kompaniflagg (rederiflagg) er sjøfartsbyen Bergen sin bokstav i eit nasjonalt skips-identifikasjons-system som var i bruk frå 1829 til 1867. Christiania (Oslo) hadde bokstaven A, Drøbak B og så vidare langs kysten. Ein båt skulle ha eit kvitt identifikasjons-flagg, 3 x 4 alen stort, med bokstav og tildelt nummer. Dei to første fylkesbåtane hadde kjenningsmerke i dette bokstav/nummer-systemet: «Framnæs» X-111, «Fjalir» X-66.

Fylkesbaatane tok inn den bergenske x-en i kompaniflagget sitt frå starten i 1858 og hadde flagget uendra til Fjord1 sette sluttstrek i 2009. Det Bergenske Dampskibsselskab hadde X-en i sitt kompaniflagg nokre år før bokstavane B.D.S. kom i staden.

Fylkesbaatane-flagget i Rysjedalsvika

Ekspeditør i 40 år

Arvid Rysjedal var tilstades, ekspeditøren i Rysjedalsvika gjennom ein mannsalder. Arvid Rysjedal og kona hans Aslaug Marie, er ein viktig del av soga om båtstoppestaden Rysjedalsvika, dermed og av Fylkesbaatane si historie. Me samtalte litt om dette, og nokre dagar etter sende Arvid ei oppsummering:

«18. juni 1968 flytta alle ruter ut frå Leirvik til Rysjedalsvika . Eg fekk kontrakt som leigetakar og fungerte som ekspeditør frå same dato. Då ekspressrutene byrja, var det umogeleg å klara seg med ein person sidan båtane kom på same tid. Då byrja kona å vera med og ha ansvaret for dei, medan eg tok meg av godset..Etterkvart som dei 4 døtrene våre vaks til vart dei også opplærde og tekne med i arbeidet. Kona mi heiter Aslaug Marie fødd Sætre (1941). Døtrene er Toril (1964), Siv (1968), Kari (1968) og Gro (1973).

Vi hadde også ekspederinga av FSF sine godsruter til [skips]verftet. Det var ofte nokre hundre tonn stål som skulle lossast. Ettersom desse båtane var samstundes som nattruta til Bergen, var det vanskeleg å få folk til dette. Då var det kona som tok seg av dette, medan eg ekspederte «Kommandøren».

Mange skuleelevar hadde også sommarjobb hos oss, særskilt nattbåtane slik at eg skulle få meg litt søvn. Også planlegginga og oppmålinga før bygging [av kaianlegget] var eg med på. Far min fekk også forespørsel om å bygge kaien. Men verken far eller eg hadde økonomi til dette..Ordføraren hevda at kalkylen var 400.000. Men planleggaren sa 800.000. Ballen gjekk då til Carl Wolff som starta opp, men sende snart ballen attende til kommunen.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR