Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - Torleiv Førland på skogplanting



I 1949 byrja eit samarbeid mellom Noreg og Island om skogreising. Ei gruppe frå Troms reiste til Island og planta skog i to veker. Seinare utveksla dei to landa skogplantarar kvart tredje år. I 1961 var Torleiv Førland og Agnar Thingnes frå Vevring med. Førti år seinare reiste dei til Island for å sjå plantefeltet sitt.

Torleiv Førland på skogplanting på Island i 1961. Dei var gjerne ei kvinne og ein kar i sving på plantefeltet, han laga hol, ho sette planta nedi og trødde til.

Torleiv Førland på skogplanting på Island i 1961. Dei var gjerne ei kvinne og ein kar i sving på plantefeltet, han laga hol, ho sette planta nedi og trødde til.

Eigar: Torleiv Førland

Datering: 1961

Fotograf: Agnar Tingnes

Skreiv dagbok

Torleiv Førland, fødd 1920, var 41 år gamal då han i 1961 reiste til Island på skogplanting. Ferda vart mykje meir enn å planta tre. Turen vart eit møte både med eit ukjent og kjent land på same tid. Førland vitja ein sunnfjording som hadde busett seg på Island, han trefte islendingar, var med på samkomer, kom til stader han hadde høyrt om, og stader som var nye for han. Og Førland noterte flittig. Denne artikkelen er eit utdrag av Torleiv Førland sine noteringar om "Islandsturen", 31. mai - 13. juni 1961. Den er eit tillegg til artikkel om ein minnestein om skogplanting i Haukadalur.

Frå Ålesund

Det var 'kje til å tru. Eg måtte klype meg i armen. Var det verkeleg så at eg var mellom dei 50-60 som sat i eit av Braathen SAFE sine fly som duva lett i lufta. Me reiste frå Vigra flyplass og var i alt 54 utanom mannskapet og flyvertinna. Me flaug i 8000 fots høgde. Vêret var overskya så me såg ikkje mykje til havet under oss.

Landa i Reykjavik

Kl. 08.00 islandsk tid såg me islandskysten. Fjelltindane stakk opp or skydekket. Me gjekk ned under skydekket og kom inn over Reykjavik og landa på Keflavik, flyplassen amerikanarane har bygt. Me vart vel mottekne av skogdirektøren [Hàkon Bjørnson] og fleire andre. Og så bar det i bussar inn til byen der me fekk mat på ein kafé.

Norsk kongevitjing

Det høvde slik at me kom til Reykjavik same dagen som kong Olav V kom til Island på offisielt besøk. Byen var vakkert pynta. Kongen steig i land kl. 11.00 og køyrde gjennom byen. Gatene var fulle med folk og borna hadde norske og islandske flagg. Etterpå la kongen ned krans ved støtta til Jon Sigurdsson, Island sin første president. Reykjavik mannskor song.

Om ettermiddagen la kongen ned krans ved minnesmerket over falne nordmenn på Island. Der var alle skogplantarane samla og mange nordmenn på Island. Presten Harald Hope heldt tale. Han var med som skogplantar.

Møte med utvandra sunnfjording

I Reykjavik trefte eg Lyder Høydal. Han kom til Island i 1903 som fiskar og vart gift og busette seg på Island. Eg overnatta hjå Høydal både då me kom til Island og på vegen heimatt. Han hadde mykje interessant å fortelja. Far min [Anders Førland 1876-1939] var og i unge år på fiske ved Island. Han og Lyder Høydal treftest. Dei var med dei første som fiska med garn ved Vestmannaøyane.

Nasjonalrett

Etter frukost gjekk Agnar og eg og såg oss om i byen. Kl. 12.00 var me heime att til Høydal der me fekk smaka på Island sin nasjonalkost. Det er fårekjøt i rull, røykt og kokt med skjyr til. Skjyr er kokt mjølk, avkjølt og tilsett osteløype. Det ser ut som fløytekrem, og dei har mjølk og sukker på.

Til skogplantingsstadene

Etter kaffien bar det til byen og hotellet. Me vart no delte i tre flokkar. Ti skulle til Nordlandet, ein tolv timars busstur. Ti skulle til Tjorsardalur, og resten av oss skulle til Haukadalur. Men fyrst køyrde vi samla til Thingvellir, den gamle tingstaden. Her fekk me sjå der dei gamle hadde tingstaden og høyre om det.

Så bar det oppover. Det er veldige vidder og udyrka mark. Her og der var store gardar. Og me såg nydyrkingsfelt. Svære grøfter var grevne opp i fleire meters breidde og djupne. Og grøftene låg opne.

Geysir

Me kom opp til Geysir og såg oss om der varme kjelder putrar og dampar. For at me skulle få sjå den spruta, var verten av etter ein spade med grønsåpe og hadde nedi. Og litt etter kvart tok den til å sprute og koka og så kom spruten opp i 15-20 meters høgde. Det varte nokre sekundar. Det vart teke mange bilete og filma.

Innlosjert på skule

Her [i Geysir] skulle me bu på ein skule i nokre dagar. Den vart driven som ein ungdoms- og idrettsskule. Her var eit stort basseng med varmt vatn som ein kunne bada i når ein ville. Me budde på tomannsrom. Fredag [2. juni] køyrde me litt lenger opp i dalen og såg oss ikring på plantefeltet der dei hadde planta i åra 1949, 1952, 1955 og 1958. Fagfolka var samde om at skogen stod fint.

Planting

Så vart me tekne ut to og to, ei kvinne og ein kar til å planta saman. Karen fekk ein slags spade til å lage hol for planta. Gjenta bar plantene og sette ned i. Og arbeidet gjekk med liv og lyst. Det var fint veir og varm sol. Mat fekk me på plantestaden kl. 13.30 og arbeidde så til kl. 18.00 og vart så køyrde i bilar ned att til skulen. Etter kvart som me vart betre kjende med kvarandre, synte det seg at me var folk frå nær sagt alle yrke: gardbrukarar, hage- og skogsfolk, lærar, jordmødre, sjukesystre, kontorfolk, ein stortingsmann, studentar, ein fabrikkeigar og arbeidarar. [Førland var handelsmann.]

Fjelltur

Søndag morgon [4. juni] kl. 07.00 var vi åtte stykke som var på fjelltur. Og det var fint veir og om lag to timar kvar veg. Me såg langt omkring, mellom anna ut til Vestmannaøyane. Der var det far dreiv fiske og kjøpte tran. Her oppe hadde plantarane i 1958 laga ein varde og skrive namna sine på papir.

På tur til Gullfoss

Me kom ned til middag kl. 12.00. Og så bar det med bussar til Gullfoss. Der var eit veldig fossefall. Her kunne verte mange kilowatt kraft. Det var turistar og såg seg om. Her var mykje filming og fotografering. Så bar det attende til Haukadalur.

Avduking

Måndag var det planting, og tysdag var det planting til kl. 15.00. Så var det avduking av minnestein over den norske sendemannen Torgeir Anderssen-Rysst. Dotter hans [Rannveig] var med oss og planta nokre dagar.

Sidan såg me oss ikring i skogen som var planta i 1949. Om kvelden var det fest med godmat. Det var komen ein heil buss med folk frå Reykjavik. Så fekk me sjå den islandske nasjonalsporten glima. Det var to gutar som tok tak i reimar dei hadde rundt livet. Og så galdt det å få kvarandre overende. Etterpå fekk dei som ville dansa. Så fekk me kaffi og kaker.

Til Thitjordalur

Tysdag kveld [6. juni], etter kl. 01.00 om natta, bar det til Thitjordalur [eit anna plantefelt i ein nabodal] og det siste stykket var det over elva med bilen så vatnet spruta. Kl. 03.30 var me komne fram til to små brakker med plass for 10 mann i kvar.

Kl. 09.00 var det frukost, og så bar det ut i marka på planting. Her var bra å planta. Agnar og eg sette 750 planter den dagen. Vi fekk fisk til middag og plukkfisk til kvelds. Kl. 22.00 var det kaffi.

Torsdag [8. juni] var det frukost kl. 08.00 og middag kl. 12.30. Me fekk raudt islandskjøt og ertesuppe. Den gode mjølka var på bordet til kvar tid. Kl. 13.00 var det kaffi etter at me hadde kvilt. Så bar det av igjen til feltet. Kl. 15.30 fekk me kaffi og så var det på biltur for å sjå ein gamal nedlagt gard frå 1100-talet. Garden heitte Stønge og elva Raudeelva. Forbau var ein stor foss. Om kvelden fiska Mundal [Gudmund] og eg nokre timar, men det var for tidleg på året. Me fekk eit par aurar og røyr på ca 1 kilo kvar.

Stor gard

Fredag [9. juni] planta me i godt veir, og fekk fisk og skjyr til middag. Etter middag planta me til kl. 15.00, og så reiste me på tur ned på ein stor gard og planta 200 bjørk og 200 gran. Det var fort gjort. Og så vart me bedne til bords, reint som eit julebord, flotte smørbrød og fleire sorter kaker. Stortingsmannen i laget takka for maten og gjestfriheta. Etterpå såg me oss rundt i fjøset. Kyrne kom inn frå beite og vart mjølka fire kvar gong med mjølkemaskin som førde mjølka i røyr ut til sil og kjølar og ned i spann. Sidan såg me bustadhuset til ungbonden. Det var eit moderne hus til 350.000 kr. Han hadde fått noko av farsgarden og 800 mål til nydyrking.

Siste plantedagen

Laurdag [10. juni] planta me resten av plantene og i alt vart det 13.000 planter. [I alt planta dei i 1961 om lag 130.000 planter]. Me hadde oss ein fjelltur og såg oss om. Då me kom ned att, var det vasking og barbering. Skjegget hadde vokse langt og stritt. Til kvelds kl. 18.30 fekk me godt ferskt sosekjøt. Dessert brukar dei ikkje her på Island. Dei brukar mykje kjøt, sauekjøt, røykt og salta. (Så langt nær opp til rett avskrift frå dagboka).

Kort om reisa tilbake

Vidare fortel Førland i dagboka si om reisa heimatt frå plantefelta. På vegen attende til Reykjavik, søndag 11. juni, var dei framom fleire stader; - på garden Eidseta der dei såg grotter der det skal ha budd irarar før nordmennene kom til Island i 874, på Tunnstogi planteskule, på Mulakot, Lidarende og Skalholt.

Måndag 12. juni gjekk dei ein tur i byen og handla souvenirar. Deretter var dei på besøk på Normannalaget si hytte på Heidmork. Om kvelden heldt den islandske regjeringa festmiddag for skogplantarane. - Det vart servert laks og lammekjøt og is og drikkevarer, skriv Førland, "(altfor mykje)" noterte han i ein parantes etter "drikkevarer". Tysdag 13. juni reiste dei frå Keflavik flyplass med same flyet som frakta islandske skogplantarar tilbake frå Noreg. Dermed var den fjerde skogplantar-utvekslinga mellom Noreg og Island i 1961 gjennomførd.

Tilbake 40 år etter

I 2001 reiste skogplantarane Torleiv Førland og Agnar Thingnes til Island for å sjå staden der dei var med og planta skog i 1961. - Det skal bli artig å komme attende, sa dei til Firda like før dei reiste.

kjelder:

Torleiv Førland: Dagbok og diverse papir i omslagsmappe og fotoalbum. Informasjon frå:
Den norsk ambassaden på Island, 2008

PERMANENT IDENTIFIKATOR