Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 17. januar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Spelemannen Olav Sperle



Jostedalen i Luster er eit av dei områda i Sogn og Fjordane der tradisjonane framleis vert haldne levande. Folkemusikken i dalen står sterkt her, og ein av dei som dyrka og vidareførte tradisjonen var Olav Sperle (1900-1971).

Olav Sperle (1900-1971).

Olav Sperle (1900-1971).

Eigar: Jarle Sperle, Jostedal.

Datering: Kring 1970.

Fotograf: Jarle Sperle, Jostedal.

Tradisjonsberar

Olav Sperle var fødd på eit småbruk på Sperle i Jostedalen i 1900. Han synte tidleg interesse for musikk. Ein gong Lars Flaten, ein spelemann frå bygda, vitja heimen hans, sat Olav og "spelte fele" med to trepinnar. Lars laga då ei fele til guten og vart òg seinare ein av læremeistrane hans. Olav Sperle lærte òg mange slåttar av Johannes Ormbergstøl. Ein annan spelemann Sperle lærte mange slåttar av, var Martin Halveg. Han hadde mange slåttar etter Nedrelid-spelemennene, og kanskje særleg etter Anders Nedrelid (Gardshaugen). Anders Nedrelid tralla desse for sonen. Olav Sperle vart ein god tolkar av Nedrelidspelet, og har vidareført dette til yngre spelemenn, t.d. Harald Hesjevoll, som lærte mange slåttar hjå Olav.

Gardbrukar og spelemann

Olav Sperle vart gift med Kari, fødd Bruheim. Dei livnærte seg på småbruket der Olav voks opp. Olav var ein trottug arbeidskar. Dei hadde ingen born, men Jarle Sperle, son til brordotter til Olav, voks opp hjå Kari og Olav, og har no overteke bruket etter dei.

Mange læremeistrar

Olav Sperle snakka mykje om spelemenn som hadde vore på vitjing i bygda, og som då ofte budde hjå dei. Her kan ein nemne Gjermund Haugen, brørne Hop, Sigbjørn B. Osa, Arne Bjørndal og fleire. Han lærte mange slåttar av dei. Særleg stod Gjermund Haugen høgt hjå Olav for spelet sitt. Olav var òg notekunnig og lærte seg såleis også slåttar etter notar. Han hadde eit stort slåtteutval og kunne sitje i timevis og spele utan å ta att dei same slåttane.

Mange speleoppdrag

Olav Sperle var svært mykje nytta til bryllaups- og danse-speling. Han komponerte òg litt sjølv. Til dømes laga han valsen "Sumarkveld ved Styggevasshytta" til opninga av denne hytta i 1933. Olav var ein lun og stillfarande kar, og det prega vel òg spelet hans. Han hadde ein lun og vàr måte å spele på. Eldre folk fortel at det var ei oppleving å høyre han spele dei kjende slåttane Kivlemøyane, Budeiene på Vikafjell, Lengt, St.Tomasklokkene på Filefjell og fleire. Jarle Sperle fortel at det var mykje spel i stova på Sperla, men at Olav likte seg aller best når han kunne sitje for seg sjølv med fela og pipa si. Det er vel òg grunnen til at han heller ikkje var på så mange kappleikar, men han hevda seg bra på dei han var på.

Jostedal spelemannslag

Jostedal spelemannslag vart stifta i 1954. Der var Olav Sperle ei av eldsjelene saman med Lars Stølen, Sjur Hesjevoll, Martin Halveg og Kåre Gardshaug. Kåre Gardshaug, mangeårig formann i spelemannslaget, fortel at han hadde mange gode stunder saman med Olav i stova på Sperla. Olav var aldri vanskeleg å be når det galdt å lage og å vere med på program til tilskipingar i spelemannslaget og ungdomslaget i bygda. Mange slike program vart "snekra saman" i kvelds-stunder av dei to, stundom var òg Martin Halveg med. Olav vart ingen svært gammal mann, han døydde brått 18. juli 1971, og med han gjekk mykje god musikk tapt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Dagrun Hesjevoll: Olav Sperle (1900-1971). I Spelarstikka. Nr. 1. 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR