Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Seljedalsbotnen i Vik



Inst i Seljedalen ligg Seljedalsbotnen. Her var det tidlegare støl med godt beite. No er det mykje tilvakse med skog. Det er eit nokså "vilt" område som og er mykje utsett for skreder.

Foto teke frå Bøeggi. Me ser Hove, Åsen og Seljedalen med Seljedalsbotnen inst i dalen. Daurmålsnipa er den spisse toppen. Mot høgre Ennebakkfjellet som er 1351 meter over havet.

Foto teke frå Bøeggi. Me ser Hove, Åsen og Seljedalen med Seljedalsbotnen inst i dalen. Daurmålsnipa er den spisse toppen. Mot høgre Ennebakkfjellet som er 1351 meter over havet.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Landskapet

Det er mektig natur som kransar Seljedalsbotnen, med høge, steile fjell som gjer det til ei utfordring å ta seg opp på fjella. Inst i dalbotnen reiser den mektige Daurmålsnipa seg. Det er mogeleg å gå opp inst i botnen, opp Elvafossen, men der er vanskeleg å ta seg fram. Elva som renn gjennom Seljedalsbotnen, grev og raserer når ho går flaumstor.

Stølsdrift

Det er gardbrukarane på Hove som eig i Seljedalsbotnen. Tidlegare var her fire sel: Tuxa-selet, Per-Nils-selet, Haga-selet og Sjur-Nils-selet. Desse sela var lenge til nedfalls, men på 1990-talet sette nokre av gardbrukarane opp nye sel. Stølsdrifta tok slutt rett etter 2. verdskrigen. Hovingane slo uti Seljedalsbotnen og hadde høyet i løer. Om vintrane kom hovingane på rekkje og rad med hestar og sledar til Seljedalsbotnen etter høy og ved.
Etter at hovingane slutta å slå stølsgardane i Seljedalsbotnen, slo Jon Stedjeberg, Maren-Jo, der ei tid. Maren-Jo hadde ein husmannsplass i Øvstedal. Han bar høyet i bører frå Seljedalsbotnen til Øygarden, ca. 1 km. Stølsgardane er attgrodde, der er lite beite å finna for dyra. Det som før vart halde i hevd med vedhogging og slått, har skogen teke att.

Geitaselet, Ferao

På andre sida av elva, var der og eit sel, Geitaselet. Selet låg under eit skredfar som heiter Ferao. Her går det årleg svære snøras. Den siste som stidde her, var Johannes N. Hove (1882-1956). Han dreiv eit bruk på Hove. Han stidde geiter, men måtte slutta avdi geitene ikkje kom nedatt frå dei ville floga om kveldane. Berre murane står att og vitnar om farne og tronge tider.

Ute for bjørn

I fylgje tradisjonen var ei Sigrid frå Hove ute for bjørn medan ho stidde i Seljedalsbotnen. Ho fann då på å laga seg ein lang staur med neverbunt i enden. Denne skulle ho ha klar i tilfelle bjørnen dukka opp. Då bjørnen kom, tende Sigrid i neveren og reiv opp døra. Med skrik og skrål rende ho elden inn i sida på bjørnen, og han vart vitskremd og sette avgarde. Fremst i dalen tok han over elva og sprang opp den bratte dalsida til eit stort hol i Daurmålsnipa. Sidan såg ein ikkje att bjørnen. Staden heiter den dag i dag Bjødnaholet.

Turområde

Somme nyttar Seljedalsbotn til sundagsturar. Ein kan køyra bil til Bruavoll som er siste garden på Seljedalen. Derifrå er det ein times tur for å koma inst i Seljedalsbotnen. Der er flatt og fint å gå.
Jonsokkveldar var her ofte samkomer. Særleg seljadalingane føler seg tiltrekte av den lune Seljedalsbotnen under dei ville fjella på begge sider av dalen.

Giftarmål

Inne i Seljedalsbotnen valde kåsøren og nynorskforkjemparen Jens Brekke å gifta seg, med oppmurt altarring og sitjeplassar. Tidlegare prest i Vik, Leif Paus, vigde brudeparet. Ein stad som Seljedalsbotnen gjev ei verdig ramme i eit slikt høve.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fosse, Ola M: Botnen. I Pridlao, nr. 1, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR