Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane - Bøker til historisk kunnskap



Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF) er transportselskapet Fjord1 sitt historiske fundament. I over 150 år var Fylkesbaatane ein sentral samfunnsaktør i Sogn og Fjordane. Såleis er Fylkesbaatane si soge ein del av fylkessoga og kvar einaste bygdesoge. Denne artikkelen gjev eit oversyn over historisk litteratur om Fylkesbaatane.

Då Fylkesbaatane feira 25 årsjubileum 2. desember 1883, var heile flåten samla i Bergen. "Disse bleve da lagt ved Siden af hinanden, dekorerede med Flag og om Aftenen oplyst med Lamper." (Omtale i jubileumsheftet 1908.)

Då Fylkesbaatane feira 25 årsjubileum 2. desember 1883, var heile flåten samla i Bergen. "Disse bleve da lagt ved Siden af hinanden, dekorerede med Flag og om Aftenen oplyst med Lamper." (Omtale i jubileumsheftet 1908.)

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1883

1883 (25 år)

"Vi vil (..) gjenkalde i Erindringen det Foretagendes Historie, som har været en saa mægtig Løftestang til vore Fremskridt" - skreiv signaturen "N" i Nordre Bergenhus Amtsidende (Florø) i eit stykke om Fylkesbaatane ved 25 årsjubileet i 1883. Fjordenes Blad (Nordfjordeid) trykte det same stykket kort tid etter. Forfattaren er full av lovord over tiltaket og rosar dei som sette i verk Fylkesbaatane eller Nordre Bergenhus Amts Dampskibe som verksemda heitte frå starten. Han var ikkje i tvil om at amtsskipa hadde vore av "overordentlig betydning" for utvikling og framsteg i fylket.

1898 (40 år)

"Et 40 aarsjubileum" er tittelen på eit stykke i Fjordenes Blad 1. desember 1898. Det vart skrive til årsdagen 2. desember, datoen då "Framnæs" i 1858 la ut på den aller første turen frå Bergen til Lærdal. Forfattaren tykkjer vél om Fylkesbaatane og ynskjer å heidra kvar og ein som har vore med - og er med - i det som har blitt eit særs tenleg og framtidsretta ruteselskap.

"Man drikker gjerne, om leilighed gives, en skaal for alles trivsel og med haab om, at naar dampskibenes næste 10 aarsjubileum feires, [at] man da vil kunne se tilbage paa mange nye fremskridt i tiaaret til held for amtet og til ære og glede for de mange inden etaten, der med flid og troskab har baaret dagens byrder (..): D a m p s k i b e n e l e v e!"

1908 (50 år)

Ved 50-årsjubileet kom Fylkesbaatane med sitt fyrste, eige sogeskrift. I selskapet si årsmelding for 1908 står: "I anledning av at det i 1908 var 50 aar siden amtsskibene begyndte driften, blev utarbeidet et jubilæumsskrift." Skriftet har tittelen Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1858-1908 og undertittelen En oversigt. Heftet er på 40 sider og er rikt illustrert med bilete av 5 skip, 36 personportrett, Bergen hamn i 1858, dei fem amtsskipa ved kai i Bergen 1883 og eksteriør- og interiørfoto frå ekspedisjonsbygningen på Patenebryggja i Bergen.

Skriftet gjer greie for amtsformannskapet (fylkestinget) si handsaming av dampskipssaka på ekstraordinært møte hausten 1857, om korleis den iverksetjande nemnda utførde arbeidet sitt og deretter kortfatta om drifta gjennom 50 år. Eit stykke handlar om 25-årsjubileet 2. desember 1883 og det er teke med ein høvesong på melodien "Den norske Sømand er." Vidare står det ein heidersomtale av Malvin Christian Brochmann Frøchen (1839-1907). Han byrja som styrmann i 1863 og slutta etter 40 års teneste som skipsførar i 1903. Skriftet sluttar med kapitlet Tidens krav som er ein kommentar til Fylkesbaatane som føretak (aktør) til "distriktets beste saavel i økonomisk som i kulturel henseende."

1931

Det neste sogeskriftet - Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - kom ut i desember 1931, heilt utanom rundt år. "Eit vent lite hefte", skreiv Fjordabladet, "der ein i stuttmaal faar fortalt selskapet si soga gjennom åri." Framsida er pryda av DS "Nordfjord 1" i full fart på fjorden. Heftet har 36 sider og er illustrert med bilete av skip og personportrett, og dessutan er det med eit bilete av ekspedisjonsbygningen i Bergen.

Dei fyrste 13 sidene er eit kortfatta oversyn over verksemda frå 1857 til kring 1890. Resten er emneinndelt og handlar om - i same rekkefølgja som opprekna her - konkurranse kring 1890, sterkare markering av "bondehovdingar" i styringa, tilhøva under 1. verdskrigen, mindre motorbåtar i lokaltrafikk, oversyn over tenestemenn i styret, tilhøva om bord for passasjerane, pensjonsordning for tilsette og konkurranse på ny måte i 1920-åra. Heftet var spesielt på den måten at det var skrive og utgjeve med tanke på at det skulle brukast i folkeskulen. Det hadde som undertittel: Eit stykke heimstadlæra (Sjå eigen artikkel.)

1958 (100 år)

Til hundreårsdagen, 2. desember 1958, kom boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år, skriven av rektor Asbjørn Stensaker. Boka har 246 sider og er rikt illustrert med foto. I føreordet nemner forfattaren særskilt at Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane på mange måtar står i ei særstilling som rutebåtlag ved at det var fylket som starta verksemda og skulle koma til å bli ståande som reiar gjennom heile hundreårsperioden. Målet var å skapa transport for alle i eit geografisk oppdelt fylke, ikkje å tena pengar.

Innhaldet er delt inn i 11 hovudkapittel ordna i kronologisk rekkefylgje. Dessutan har boka oversyn over fylkestingsvalde styremedlemmer, båtane gjennom perioden og oppgåver over inntekter og utgifter.

Forfattaren nemner noko om kjeldetilfanget. Fylkesbaatane leid eit uerstatteleg tap då alt arkivtilfanget gjekk med i brannen ved den store eksplosjonsulukka i Bergen i april 1944. Hovudkjelda hans vart etter dette dei trykte fylkestingsforhandlingane, dessutan stortingsvedtak, aviser, bygdebøker og ikkje minst munnlege kjelder. Mellom fleire takkar han lensmann Bjarne Lundeland i Vik og soussjef i Landsbanken i Bergen, Anders Skåsheim.

1962

Neste bok er ei annleis bok. I 1908 mønstra den 16 år gamle bergensaren Mathias Bendiksen på som dekksgut om bord i Firda. Han gjekk i land i 1947 og var då kjend som los Bendiksen - ein mann som hadde heile fartstida si hjå Fylkesbaatane, på fleire av skipa og i dei fleste rutene. I 1961 skreiv han ein serie minne frå eit langt sjømannsliv i avisa Sogn og Fjordane (Hermansverk). To år seinare gav redaktøren, Einar Svartefoss, ut Bendiksen sine sjømannsminne i bokform med tittelen Minner fra sjømannslivet. Boka er eit interessant og verdfullt tillegg til dei andre bøkene om Fylkesbaatane. I skildringane sine tek los Bendiksen lesaren med om bord i båtane på ein annan måte enn dei andre bøkene gjer det.

1983 (125 år)

Norvald Tveit skreiv bok til 125-årsjubileet i 1983. Han hadde byrja arbeidet i 1972 med tanke på eit "fyldig hefte" til 115-årsdagen i 1973. Det vart det ikkje noko av, men han tok oppatt arbeidet i 1982. Boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1958-1983 vart ferdig til årsdagen 2. desember 1983. Som det går fram av tittelen, handlar boka om 25-årsperioden 1958-1983. Medan Tveit ordna stoffet sitt kronologisk i manuskriptet til det påtenkte heftet i 1973, gjekk han over til ei sektorvis eller emnevis framstilling i 1983-boka, så som rasjonalisering, hydrofoil eller helikopter, flyttesaka osb.

Norvald Tveit nemner følgjande om kjeldene i føreordet: "- årsmeldingar, fylkestingsreferat, styreprotokollar og, ikkje minst, selskapet sine utklippsbøker. I tillegg kjem samtalar med personar som har vore med og forma FSF si utvikling i denne perioden."

1998 (140 år)

Dampen og kaia er tittelen på Fylkesbaatane si bok om stoppestadene i fylket. "det er viktig at ei bok som dette kjem", skreiv adm. direktør Atle Tornes i føreordet. "Stoff om enkeltstoppestader har før vore trykt ulike stader. Men dette er første gongen vi får ei samla soge om stoppestadene i heile Sogn og Fjordane. Det er også ei soge som syner kor sentral Fylkesbaatane har vore i samferdsle og utvikling i fylket i 140 år." Finn B. Førsund skreiv boka på oppdrag frå Fylkesbaatane og arbeidet blei utført i regi av Fylkesarkivet. Sogene om kvar stoppestad er ordna kommunevis etter kommunane i fylket pr. 1998.

2000

"Det er så rart med et fartøy, det være seg stort eller lite, en innlever seg med det omtrent som et levende vesen, og jo lenger en har stått om bord, jo vanskeligere er det å forlate det. Man hater det somme tider, men elsker det mest, og skilsmissen er tung." Dette skreiv los M. Bendiksen ein stad i sjømannsminna sine. Magnus Helge Torvanger brukte orda i innleiinga si til boka 101 Fjordabåtar som kom ut på Selja Forlag til jul år 2000. Boka fortel historia til kvar einskild av dei 101 båtane Fylkesbaatane hadde hatt i flåten sin fram til hausten 2000.

2001 M/S "Atløy"

Boka har to føreord, frå styret i Atløys Venner og frå forfattarane Trond Strømgren og Magnus Helge Torvanger. Fylkesbaatane hadde "Atløy" frå 1931 til 1974 då båten vart seld. I 1981 vart båten kjøpt tilbake til Sogn og Fjordane og gjennom mange år sett i stand som veteranbåt.
I føreordet skriv forfattarane mellom anna:
"Boka om M/S "Atløy" er på mange måtar ei spesiell bok. Det er sjeldan så mykje opplysningar og stoff om ein enkelt båt blir samla mellom to bokpermar."

2008 (150 år)

Asbjørn Stensaker nemner i føreordet til 100-årssoga at Fylkesbaatane på mange vis står i ei særstilling mellom ruteselskapa i landet. Eit særdrag er omfanget av skriven historie. Det finst knapt noko selskap som kan visa til like mange historiske publikasjonar som Fylkesbaatane. I jubileumsåret 2008 kom boka Frå dampskip til gassferjer. Boka er skriven av Magnus Helge Torvanger og handlar perioden 1983-2008.

Historie i andre bøker

Ovanfor er nemnt at Fylkesbaatane si soge er ein del av fylket si soge og vidare ein del av kvar einaste kommune si soge. Av dette følgjer at det finst Fylkesbaatane-historie i mange andre bøker og hefte enn dei me har rekna opp i det føregåande. Her må me nøya oss med å nemna tre:

1) Dei trykte fylkestingsforhandlingane, - først og fremst fyldige årsmeldingar, men og annan dokumentasjon.
2) Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, 80 sider om Fylkesbaatane i åra 1858-1937.
1958.
3) Engesæter, Aage og Thue, Johs B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. 1988.

Rutehefte

Dei trykte rutehefta er ei sentral kjelde til historisk kunnskap om Fylkesbaatane. Fjord 1 Fylkesbaatane har den mest komplette samlinga som finst. Fylkesarkivet har spreidde eksemplar.

Informasjonsbladet Fjord og Kyst

Før Fylkesbaatane i 2001 gjekk med i storkonsernet Fjord 1, gav FSF ut informasjonsbladet Fjord og Kyst. Det starta i 1975 med namnet Amtet og heldt fram som Fjord og Kyst frå 1991. Amtet/Fjord og Kyst er ei i dag ei oppkome av FSF-historie, både gjennom solide historiske artiklar, og ikkje minst gjennom det dagsaktuelle stoffet, som no i ettertida er ei framifrå kjelde til FSF-historia. Fylkesarkivet har ei samling Amtet/Fjord og Kyst, men samlinga er ikkje komplett.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1858-1908. 1908.
Vamraak. Andreas: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.
1931.
Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.
Bendiksen, Martin: Minner fra sjømannslivet. 1962.
Virkesdal, Erling: Sjøfart. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane - FSF. 1979.
Tveit, Norvald: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1958-1983. 1983.
Førsund, Finn B.: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar.2000.
Torvanger, Magnus Helge: Frå dampskip til gassferjer, Fjord1 Fylkesbaatane 150 år. 1858-2008.Selja Forlag. 2008.

PERMANENT IDENTIFIKATOR