Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skrivareiki



Skrivareiki er eit landemerke i Leikanger. Det ruvande treet står tett attmed riksvegen ved nedkøyringa til tinghusa, så tett attmed at eika i 1980 var truga av vegutviding. Ei lokal gruppe slo til for å berga det landskjende treet. Dei vann fram, og hausta etterpå heider og ære.

Skrivareiki står eit kort stykke utom nedkøyringa til tinghusa og Statens Hus midt mellom Hermansverk og Hanehaug.

Skrivareiki står eit kort stykke utom nedkøyringa til tinghusa og Statens Hus midt mellom Hermansverk og Hanehaug.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

"Hundrevis av år.."

Ei segn vil ha det til Skrivareiki frå Henjadalen, og at ein mann bar spiren i ein tobakkspung og planta henne på garden Halland. Bygdeforfattar Per Bøthun trur eika er langt eldre enn kjennskapen til tobakken her i landet, og opnar for at ho er over 1000 år gamal.
- Kanskje ho var i sine unge år, spør han, då vikingskipa segla innetter fjorden og samlast til slaget ved Fimreite i 1184. Kanskje ho kunne høyra ståk og leven frå Leikvangen tett ved, eller sjå skjeggette karar samla seg på tinghaugen for å avgjera lov og rett mellom folket. Og var vitne til at dei bygde kyrkjer i bygda.
Så gamal er ho nok ikkje, men fjerdelen, 250 år, er fagfolka samde om.

Skrivareiki frå rundt 1950.

Langt liv

Det seiest at eika veks i 300 år og lever i 300 år til. Skrivareika har etter dette enno eit langt liv føre seg, jamvel av vekstperioden. Ho skal ha vorte planta kring 1750, og kom då frå ein av nabogardane i ei huve. Den kjende hagefagmannen Schübeler oppgjer at ho i 1862 hadde desse måla:
høgd: vel 25 meter høg, omkrinsen på stammen: 345 cm, greinfri stamme: 6,6 meter og største kronediameter 26,7 meter. Seinare har omkrinsen på stammen og den greinfrie stammen auka, medan dei andre dimensjonane er nokolunde dei same.

Bilete av trestammen

Truga av vegutviding

I 1980 var det nære på at eika såg sine siste dagar. Vegen ned til tinghusa skulle leggjast om og utvidast og Skrivareiki passa dårleg inn i desse planane. Då var det at ei gruppe Skrivareiki-vener reagerte, slo ring rundt det eldgamle treet og sa nei, Skrivareiki skal leva! Og dei vann fram. Formannskapet bøygde av og eit samrøystes kommunestyre vedtok eit vegalternativ som sparde treet, noko som den nasjonale organisasjonen Treets Venner merka seg.

Fekk Treprisen

Bilete av to personar, ei dame som overrekker ein plakett eler diplom til ein mann i dress med slips.

Treets Venner tildelte heidersprisen "Trevennen" for at eika vart berga. I september 1984 fekk ordførar Erling Olsen det hyggelege oppdraget å reisa til hovudstaden for å motta den gjæve prisen av formannen i Treets Venner, Mari Kollandsrud. I grunngjevinga heiter det mellom anna:

"I fleire år har treet vore truga av planar om avkøyrsle til bygningskomplekset mellom riksvegen og Sognefjorden. Men heradet valde til slutt ei løysing som ikkje er den enklaste og heller ikkje den billegaste, men som sikrar Skrivareiki si framtid. Ikkje ein gong inngrep i rotsystemet vart nødvendig til slutt i arbeidet med å sikra tilkomst til administrasjonsbygga. Treets Venner vil difor honorera den omsorg som er vist eit særs vakkert og verneverdig tre, nærast eit landemerke i denne delen av Sogn."

Lyssett ved tusenårsskiftet

"- Sjao! Eiki er tent! Storslege! I den klare og kalde vinterkvelden forma den mektige trekruna seg mot nattehimmelen. Dei 2000 lysa laga ei fantastisk stemning. - Magisk, kviskra mange av dei over tusen personane som stod og såg andektige mot eiki."
"Dei over tusen personane" var komne frå alle kantane av bygda. Folk gjekk mann av huse. Dei slutta seg til fleire fakkeltog som møttest ved eika til markering av tusenårskiftet. På programmet stod m.a. musikalske innslag, og eit kvad til eiki av skalden Henning Rivedal som hausta stor fagnad.

uskarpt bilete av eit lyssett tre med uskarpe folk i framkant.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok. 1965.
Sogn og Fjordane. 28.09.1984.
Sogn Avis. 03.01.2000.
Notat frå Oddvar Reisæter, datert 07.03.1983.

PERMANENT IDENTIFIKATOR