Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stokkestøylen



Stokkestøylen ligg i Våtedalen på vestsida av elva og vel 1 km nord for grensa med Jølster. Stølen høyrer til brukarane på Stokke, gard nr. 111 og Høylo, gard nr.112. No er det ikkje hus på stølen, men tuftene viser kvar den låg - mellom anna ein prektig fjøsmur.

Stokkestølen, der ei prektig fjøstuft står att.

Stokkestølen, der ei prektig fjøstuft står att.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsvegen gjekk nok på same sida av elva frå Stokke og Høylo, om Hjelle og innover dalen til stølen. Frå Hjelle er det i dag 5 km innmarksveg innover og kring 2 km rås vidare.

Bruk av stølen

Anders Stokke skriv: " Stølen ligg inne i Våtedalen mot Jølster grense. Gardane Stokke og Høylo hadde stølsrett for storfe i 8 veker frå grensa mot Jølster til Hjellestølen (ifg. Ålandsboka vart denne semja gjort i 1697). Stølen var i bruk til fyrst på 1930 talet, men må ned på 1910-20 for å finne stølen i vanleg bruk. Frå 1935 til 1947 var stølsretten berre brukt til ungdyr og gjeldkyr. Serleg på grunn av stort tap av dyr hev den seinare ikkje vore nytta. Der var 2 sel og 2 fjøsar på Stokke og 1 sel på Høylo. På bruk nr 1 står ein steinfjøs utan tak att og grunnmur til selet. Det vart restaurert i 20 åra, men er no vekk. At stølen var lite nytta, var nok den korte tida vi hadde stølsrett og lite område med farleg terreng for dyra. Men i tidlegare tider var den nok av verdi på tross av lang stølsveg."
På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett) kan vi finne ei stølsliste frå 1930 åra. Der er begge stølane oppført til å vere i bruk.

Nokre fakta

Stokke, gard nr. 111, hadde 6 bruk i 1890. Høylo, gard nr. 112, hadde same året 2 bruk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR