Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. desember 2010

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Rå-data

Gil bedehus



Hyllestad har fem bedehus, i Skifjorden, på Sørbøvåg, Ramsgrø og Løland. Eit femte står på Gil, men det er ikkje lenger i bruk som bedehus.

<p>Bedehuset p&aring; Ytre Gil 1920-1921, kort tid ette at det var teke i bruk (1919). Nokre kvinner syng og spelar p&aring; gitar og harpeleik.&nbsp;</p>

Bedehuset på Ytre Gil 1920-1921, kort tid ette at det var teke i bruk (1919). Nokre kvinner syng og spelar på gitar og harpeleik. 

Eigar: Johannes Sørebø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1920-1921.

Fotograf: Ukjend.

På Ytre Gil

Det står tre hus i gardstunet på Ytre Gil, ein uthusbygning, våningshuset og eit lite hus som går under namnet Bedehuset. Eigaren, Arne Giil, brukar det til verkstad. Han fortel at det alltid var basar 2. påskedag.

Om bedehus i kyrkjesogehefte

Thor Aaberg (1892-0000) var sokneprest i Hyllestad i åra 1922-1929. Han var interessert i lokalhistorie og sytte for at det blei skrive eit hefte om soga til kyrkjene i Hyllestad. Det kom ut i 1929. Heftet har også med korte stykke om bedehusa i Hyllestad. Det er Hanna Ottesen som fortel om bedehuset på Ytre Gil. Vi får høyra:

Frå bustadhus til bedehus

Sommaren 1919 bygde eigaren på Ytre Gil, Johannes Ottesen, [gardbrukar og lærar, ordførar 1894-1916] nytt bustadhus og same hausten vart det gamle huset teke i bruk som bedehus. Folk fekk med dette eit etterlengta samlingshus. Salen [møteromma i bedehusa oftast nemnde me ordet sal, storsalen, vetlesalen/småsalen] hadde tre vindauga mot sør og to mot nord. Talarstolen stod på vestveggen. Det var sitjeplass til ca 70, men det hende det var fleire inne. Huset var i privat eige. Ombygginga kosta vel 4000 kroner. Etter 10 år var gjelda komen ned i 400-500 kroner. Dei ville ikkje ordna med nokon ”officiell overdragelse” [venteleg til indremisjonen] før huset var gjeldfritt, skreiv Hanna Ottesen i 1929. 

Bilete av Johannes Ottesen med kona, Brita Systad Ottesen, og dei to døtrene deira.

Frå bedehus til verkstad

Bedehuset på Ytre Gil var i bruk til nokre år etter krigen, rundt 1950. Huset vart seinare teke i bruk som verkstad. Utanom bygningen finst det ikkje materielle spor etter bedehustida som til dømes talarstol, benker eller utsmykking. Men nemninga Bedehuset er framleis eit levande spor etter det privateigde bedehuset på Ytre Gil.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaberg, Thor: Kyrkjorne i Hyllestad. 1929 

Munnlege opplysningar av
Arne Giil, Hyllestad 

PERMANENT IDENTIFIKATOR