Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Arkeologen Anders Nummedal



Anders Nummedal (1867-1944) frå Vik var ein kjend forskar og arkeolog. Det var han som oppdaga Fosna- og Komsakulturen. Han avdekka også fleire steinaldertufter, mellom anna i Sogn.

Anders J. Nummedal (1867-1944), landskjend arkeolog. Namnet hans er særleg knytta til oppdaginga av Fosna- og Komsakulturen. Nummedal var lærarutdanna, men hadde frå 1922 ei personleg konservatorstilling ved Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.

Anders J. Nummedal (1867-1944), landskjend arkeolog. Namnet hans er særleg knytta til oppdaginga av Fosna- og Komsakulturen. Nummedal var lærarutdanna, men hadde frå 1922 ei personleg konservatorstilling ved Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-94070.0008

Datering: 1910-20.

Fotograf: Ukjend.

Bakgrunn

Anders Nummedal vart fødd på garden Nummedal i Vik i 1867. Han var yngst av tre gutar og måtte finna seg eit levebrød utanfor garden. Begge dei to eldre brørne heitte Olav. Eldstemann overtok garden, og den nest eldste drog til Oslo der han bl.a. dreiv handel. Anders Nummedal byrja på skule på Seljedalen, og gjekk så på den nyoppretta Viks Fortsættelsesskole i Gildhus i Vik frå hausten 1882 til våren 1884. I 1887 tok han middelskuleeksamen ved Hambros skole i Bergen. To år seinare tok han eksamen artium ved Bergens Kathedralskole.

Så gjekk turen til Christiania, der Nummedal tok Examen philosophicum, juni 1890. Det gjekk heile ti år før han fullførde utdanninga si. I 1900 tok han den mathematisk-naturvidenskabelige Lærereksamen med faga matematikk, astronomi, naturhistorie og geografi.

Lærar og konservator

I 1900 vart Anders Nummedal tilsett ved Kristiansund høiere almennskole. Der vart han til 1922. I Kristiansund fann han kona si, Astrid Marie Hjelseth. Astrid hadde Anders som lærar. Ho var 17 år yngre enn Anders. Dei fekk to born, Jon f. 1907 og Helge f. 1911.

I 1922 flytta familien til Oslo, der Nummedal fekk ei personleg konservatorstilling ved Oldsaksamlinga ved Universitetet. Stillinga fekk Nummedal pga. alle buplassane han hadde funne på Møre- og Trøndelagskysten frå 1909. Anders Nummedal vart ved Oldsaksamlinga til han gjekk av i 1938.

Fosna- og Komsa-kulturen

Fyrste halvpart av 1900-talet var norsk arkeologi i sterk vekst. Anders Nummedal hadde sin styrke som oppdagar. Hans evne til å finna buplassar i terrenget var unik. Det er sagt at han måtte ha ein genial intuisjon. Det er heller få vitskaplege verk etter Nummedal, men han har skrive ein del artiklar.

I Kristiansund dreiv Nummedal med geologiske studiar. Ein sein haustdag i 1909 var han på tur ved Voldvatnet utanfor Kristiansund. Der fann han to flintstykke. Alt dagen etter sende Nummedal brev til Videnskabsmuseet i Trondhjem og fortalde om funnet, som vekte stor oppsikt i fagmiljøet.

Framover til 1922 fann Anders Nummedal stadig nye buplassar. Desse flintplassfunna fekk namnet Fosnakulturen og var til 1925 dei eldste funna av buplassar i Noreg.

Etter 1922 vart Nummedal beden om å leita etter steinalderbuplassar i Finnmark. Fram til 1936 fann han 60 buplassar. Desse funna revolusjonerte synet på den eldste innvandringa til landet. Buplassane fekk namnet Komsa-kulturen.

Nytt syn på busetjinga

Spora etter den eldste busetjinga både i Sør-Noreg og Nord-Noreg var svært viktige, og dei endra synet vårt på den eldste historia. Seinare har ein funne endå eldre busetjingar. Den tredje store oppdaginga til Nummedal var landsbyliknande busetjingar i Finnmark frå yngre steinalder. Seinare er det funne mykje nytt materiale på det forskingsfeltet som Anders Nummedal opna med sine oppdagingar i Karlebotn ved Varangerfjorden på 1930-talet.

- En av de store ..

Professor Povl Simonsen har sagt om Anders Nummedal:

"Han er i norsk forskning en av de store, som har forenet en umåtelig grundighet og en stor arbeidsevne med en levende fantasi, slik at ideene myldret fram og gjennom arbeid ble enten avkreftet eller bekreftet".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indrelid, Svein: Anders Nummedal og Bergens Museum. I Pridlao, nr. 3, 1994. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Simonsen, Povl: Anders Nummedal og Nord-Norge. I Pridlao, nr. 3, 1994. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Sæbø, Arne Inge: Anders Nummedal 1867-1944 - ein av dei mest kjende arkeologar i Noreg. I Pridlao, nr. 3, 1994. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Østmoe, Einar: Anders Nummedal. Oppdageren av vår eldste historie. I Pridlao, nr 3, 1994. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Vik Lokalhistoriske Arkiv:
Privatarkiv VLA 94005, Anders Nummedal.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Fotosamling SFFf-94070.

PERMANENT IDENTIFIKATOR