Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Anders Eggum



Atten menn frå Leikanger var med i krigen i Valdres våren 1940. Ein av dei miste livet. Anders H. Eggum vart fyrst gravlagd ved Bagn kyrkje i Sør-Aurdal, men seinare flytta heim til Leikanger. I 1945 reiste Syrstrond Ungdomslag ein minnestein på grava hans.

Krans på grava i 1946. Frå venstre: Hans Eggum, Kåre Eggum. Marie Eggum, Nils L. Husabø, Kari Kvalen og Stina Husabø. Bokstavane i NOREG skrive vertikalt er endå ikkje måla. Det høyrde opphavleg ein ca. 15 cm høg karm til minnesmerket som var "fylt" av det norske flagget i naturfarga steinmosaikk. Karmen vart ein gong fjerna og flagget plassert i bakkehøgd i samband med at ein tok bort alle gravkarmane for å gjera slåtten enklare.

Krans på grava i 1946. Frå venstre: Hans Eggum, Kåre Eggum. Marie Eggum, Nils L. Husabø, Kari Kvalen og Stina Husabø. Bokstavane i NOREG skrive vertikalt er endå ikkje måla. Det høyrde opphavleg ein ca. 15 cm høg karm til minnesmerket som var "fylt" av det norske flagget i naturfarga steinmosaikk. Karmen vart ein gong fjerna og flagget plassert i bakkehøgd i samband med at ein tok bort alle gravkarmane for å gjera slåtten enklare.

Eigar: Fylkesarkivet SFFf-94090.0021 / Anna Husum Gjerde.

Datering: 1946.

Fotograf: Ukjend.

Biografi i bokverket Våre falne

EGGUM, ANDERS, gardsarbeidar, Leikanger. Fødd 13. november 1918 i Leikanger, s. til gardbrukar Hans Andersen Eggum og Marie f. Husabø. Kveldsskule. Var stridande i I.R. 10 i Valdres våren 1940. Vart såra 29. april i Bagn og døydde åleine ute i marka. Gravlagd i Leikanger.

Måtte røma

Anders Eggum døydde åleine ein stad i fjellsida opp frå garden Islandsmoen i Bagn. Han fall utfor ein berghamar og fekk ein stein over foten sin. (Ei kjelde seier han vart råka av ein granatsplint.) Stillinga hans heldt på å bli omringa den 27. april. Dei måtte røma i all hast i det bratte og ulende terrenget. Eggum vart funnen fleire dagar etterpå og gravlagd på kyrkjegarden ved Bagn kyrkje i Sør-Aurdal.

Brev heim

Ingen veit med visse når Anders døydde. Datoen knyter seg til eit brev dei fann i lomma hans. Han må ha skrive det då han kjende det gjekk mot slutten. Det vart skrive 29. april og denne datoen er sett som dødsdato. I brevet står:

"Kjære far og mor og Kåre. Eg får nok aldri sjå dykk att meir. Eg har brote foten og kjem ikkje til folk. Eg var nok ikkje slik som eg skulle mot dykk, men eg såg det for seint. Men eg vil håpe at me møtest på ein betre stad. Helsing dykkar kjære Anders Eggum, Leikanger, Sogn."

Soldatgrav på Bagn kyrkjegard

Sommaren 1940 hadde Thomas Hæreid, Årdal, eit stykke i avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) om grava til Anders Eggum. Han hadde vore og sett ho.

« … Ei falma 17.mai-sløyfa hang på ein stokk over soldatgravene. Anders Eggum, Leikanger, var skrive med blyantskrift. Nokre elvesteinar laga krans om gravi hans, og kvite, gule og ljosblå stedmorblomar lyste som kjærleiksaugo. Dei var planta av to smågjenter, som ogso hadde pynta gravi hans elles, og som fann gleda i dette. (…)

Gravi hans (som serskilt alle soldatgraver) har ogso ein bodskap til oss: Lat oss på fredeleg vis heidra livet og dei minni som ikkje skal døy.»

Valde å venta med minnesmerke

Våren 1941 vart Anders Eggum flytta heim til Leikanger og gravlagd 9. mai. Syrstrond Ungdomslag hadde alt før dette skjedde teke opp arbeidet med å få reisa ein minnestein på grava. Den 5. og 6. april heldt laget basar i Tinghuset og fekk inn 923 kroner.

Det var meininga å reisa minnesmerket alt same hausten, men det var krig i landet og i september innførde okkupasjons-styresmaktene ei ny og heilt udemokratisk styreordning. Å reisa heidersminnesmerke over menneske som hadde falle i kampen mot makthavarane vart vanskeleg. I februar 1942 kom det lov om at ingen måtte reisa slike minnesmerke utan etter søknad og løyve frå Kultur- og Opplysningsdepartementet. Dei ville ha kontroll med innskrift, plassering og avdukingsseremoni.

Gjennom ordføraren blei det søkt om løyve, som dei og fekk, men når alt kom til stykke, valde ungdomslaget å venta med minnesteinen. Dei ynskte å reisa minnesmerket på fritt grunnlag.

Laga i Bergen

Syrstrond Ungdomslag tinga minnesmerke hjå Herm. Eichners Stenhuggeri i Bergen. I eit brev frå firmaet går det fram at minnesmerket var samansett av fleire element: Ein obeliskforma stein i heilpolert sognegranitt ståande på ein ca 40 cm høg sokkel i same bergart. Framfor steinen ein ca 80 x 60 cm karm ca. 15 cm over bakken, "fylt" med det norske flagget, 61 x 46 cm, laga i stein i naturfarga bergart. Mellom flagget og obelisken ei opning for plassering av blomar.

Minnesmerket kom til Leikanger hausten 1941. På fakturaen, datert 29.12. står: "An gravarrangement til Anders H. Eggums grav, kr. 850.-"

Innskrifta på framsida: På obelisken står NOREG med store, vertikalt plasserte bokstavar. Vidare: Soldat * (nedst på obelisken, og vidare på sokkelen:) ANDERS H. EGGUM * (teikn for fødd) 13/11 1918 * Gav sitt liv * for fedrelandet * i Valdres * 29/4 1940
På baksida: Reist av * Syrstrond * ungdomslag
(stjerneteiknet * tyder: på ny line)

Avdukinga

Minnesmerket over Anders H. Eggum vart avduka 15. juli 1945. Formannen i ungdomslaget, Mons Hauge, opna og mintest sambygdingen som måtte døy i så ung alder for fridom og fred. - Me ville så gjerne reisa han eit minne, men først no kan me fritt avduka denne steinen.

Sokneprest Nils Ruset heldt avdukingstalen. - Lat steinen minna oss om striden me førde og om fridomen me vann, sa Ruset i talen sin. To av leikesystrene til Anders avduka steinen, og ordførar Olav Tveit takka ungdomslaget og bygdefolket for æra dei hadde synt Anders Eggum. Han lova å ta godt vare på grava og minnet.

Minnedikt i Valdres

Harald Odden i Valdres var 12 år då tyskarane hærsette heimen hans Bergan. Spor etter krigshandlingane straks etter, langs skulevegen gjennom skogen, - blodfarga snø og skotsplintra trestammar -, gjorde sterkt inntrykk. I vaksen alder sette han ord på minna sine, og valde lagnaden til Anders Eggum som døme. Det fjerde verset er slik:

"Utav lommen i sin smerte fram han fører
et falmet papir - hvor han skriver ned:
Kjære mor - mit rop om hjelp nok ingen hører,
så jeg må dø i skogens stille fred."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Bind 1. Oslo 1949.
Svartefoss, Einar: 5 årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45. Leikanger 1994.
Bragstad, Jakob: Infanteriregiment nr 10 i gamal og ny tid.. Oslo 1996. Aas, Sverre: Anders Eggum frå Systrond - ein av dei "unge døde". I Systrendingen Nr 1. 1995. Leikanger.
Avisa Sogn og Fjordane, 12.07.1940.

 

Leikanger kommune, formannskapsarkivet.
Privatarkiv SFFf-88009 Syrstrond Ungdomslag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR