Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. februar 2018

Sist oppdatert 03. desember 2019

Kommune

Rå-data

Eit barnedrap i Luster i 1796



Ein aprildag i 1796 rodde Johanna Larsdotter ut på fjorden ved Dale i Luster saman med dei to små borna sine. Etter nokre åretak greip ho fyrst dottera si og kasta ho på sjøen, og raskt etter gjekk sonen same vegen. Til slutt hoppa ho sjølv på fjorden.

Døsen i Luster. Tingstova ligg til venstre, nesten i sjøkanten, og hovudbygningen til høgre. Biletet er teke ovanifrå og ut fjorden. Sørheimsfjell i bakgrunnen.

Døsen i Luster. Tingstova ligg til venstre, nesten i sjøkanten, og hovudbygningen til høgre. Biletet er teke ovanifrå og ut fjorden. Sørheimsfjell i bakgrunnen.

Datering: 1890 - 1905

Fotograf: Johan Rumohr Døsen


Johanna sitt forsøk på å ta livet av seg sjølv og ungane lukkast ikkje heilt. Både ho og sonen på fire år vart redda opp av sjøen. Dottera på om lag eit halvt år måtte derimot bøte med livet.

Rettssaka mot ho kom opp på sommartinget for Luster og Jostedal halvannan månad etter drapet, og starta slik:

Fogd Hegelund anmeldte at da han for nogen Tiid siden af lensmand Arne Hansen blev Indberettet at Et Qvinde Menneske her af Lysters Prestegjeld ved Navn Johanne Larsdr havde begaaet adskillige Tyverier i Bøjgden, dels hos huusmand Siur Øriansen Bergteigen dels hos andre, lod han den 13 April sidstl: Anstille et præliminair Forhør og hvorved Forbryderinden tilstod ej allene at have stiaalen fra fornævnte huusmand, men end og hos adskillige Andre, hvilket og under Forhøret blev lagt for dagen, da der fandtes hos hende baade Penge og Vahre Andre tilhørende. I mangel af Arresthuus og i Betragtning af hendes 2 smaa Børn, hvoraf det mindste ½ Aar gammel, laag for Brystet, blev hun for det første og Indtil nærmere Anstalt kunde blive føjet for hende og Børn ikke belagt med Jern eller leveret under Nogen stærk Bevogtning, men tilbudt at opholde sig paa samme Stæd som før, især da Intet Menneske kunde formode at et Fruentimmer og Moder kunde udøve saa grusom gierning som dagen efter skete, men distoeværre! Den 15. næstefter blev Fogden atter fra bemelte Lensmand Indberettet: at Johanne Larsdr, dagen efter Forhøret var afholdt, nemlig den 14. var Efter Middag roet ud paa Fiorden i Een Baad medtaget sine 2 Børn hvilke begge hun først udkastede i den Aabne Søe og derefter udstyrtede sig selv i samme, alt dette viser Een Forhærdelse og Umenneskelighed som Eenhver maa Gyse ved at tænke paa, endnu mere dersom den Efterretning er sand: at dette Umenneske skal førend hun foretog sig denne gierning have bundet steen baade paa sig selv og begge sine Børn, der er alt er noksom Beviis for det skeet af hende med overlæg og velberaad Huue. Dog da hendes Intention ikke i det heele blev opfyldt, men hun og det ældste Barn omtrent 4 Aar gammel blev reddet fra døden ved Folks Hielp, og ikkun det mindste, som ikke fandtes, blev et offer for hendes Grusomhed.

Johanna hadde fått tre born utan å vere gift. Vinteren 1796 blei ho dessutan mistenkt for å ha stått bak fleire tjuveri i bygda, og skuldingane viste seg å vere reelle. Under eit forhøyr valde ho å leggje korta på bordet. Johanna må samstundes ha opplevd framtidsutsiktene så mørke at ein «familietragedie» ville vere den beste løysinga for ho og dei to borna hennar.

Mord, tjuveri og tre leiermål – syndelista til Johanna var lang og alvorleg. Kvar for seg hadde Christian V si norske lov strenge straffer for slike lovbrot. Korleis vart Johanna vikla inn i dette uføret?

Forbryderinden

Luster hadde på 1700-talet opplevd ein stor folkevokster, monaleg større enn for resten av Vestlandet. Det var særleg husmannsstellet som tok imot folkeauken. Alt ved inngangen til 1800-talet var bøndene i mindretal i bygda. Sjølv om husmannsklassen inneheldt eit stort mangfald, og ikkje alltid var synonymt med vesaldom, er det liten tvil om at dei sosiale skiljelinene i Luster vaks utover 17- og 1800-talet.

Johanna Larsdotter vart truleg fødd i 1758, og vaks opp på plassen Årstu under Dale kyrkjegard. Ho var godt rotfest i husmannsklassen, då både faren og farfaren var plassfolk. I tingboka vert det opplyst at faren døydde då ho var ni år gammal. Ho kom i teneste hjå kapellanen i 11-års alderen, og hjå han var ho i to år. Dei neste tre åra tenestegjorde ho hjå ulike folk, før ho «holdt sig løs 1 Aar». 17 år gammal stod ho konfirmant, og Johanna opplyste sjølv at ho kunne sin kristendom og at ho dessutan var i stand til å «læse inden i Bog».

Under rettssaka kom det vidare fram at ho var 19 år då fekk ho sitt fyrste barn, men både barnet og barnefaren døydde etter relativt kort tid. Dei to neste gongene «hun lod sig besvangre» var ho høvesvis 30 og 33 år gamal. Det var desse to borna, Lars og Siri, ho forgreip seg mot i 1796.

Een Udyd har flere i følge med sig

Skuldingane mot Johanna var tredelt, med eit stigande alvor mellom dei. For det fyrste hadde ho fått tre born i «løsagtighed». I ei tid med streng seksualkontroll var leiermål ein gjengangar ved bygdetinga. Ordinære leiermål vart avkriminaliserte i 1812. I åra fram mot det var halvparten av sakene futen stemna for underretten i Luster slike «forbrytelsar». Men det var hellar sjeldan ei kvinne måtte svare for sorenskrivaren tre gonger for å ha fått born utan å vere gift.

Sonen Lars fekk Johanna med husmannen Peder Christenson frå Marifjøra. Barnefaren ved det tredje leiermålet var Jørgen Pederson frå Luster. Ein kan undre seg over kvifor ho ikkje gifta seg med ein av dei. Trass alt skulle ein tru ho ville ha stått betre rusta med ein ektemann ved si side. Men korkje Peder eller Jørgen sat godt i det, og kanskje tenkte Johanna at eit giftarmål ikkje ville føre til eit betre og tryggare tilvere for ho og borna

Under rettssaka påstod Peder at han fire år tidlegare hadde tilbode Johanna ekteskap, men det var ho ikkje interessert i. På sett og vis var det forståeleg, for armoda til Peder var så stor at han neppe var i stand til å forsyrgje ein familie, i alle høve ikkje ein stor barneflokk. Han levde på grensa til tiggartilvere, og hadde difor aldri bidrege noko til sonen si oppfostring. Etter den tragiske hendinga på fjorden var det såleis far til Peder som måtte ta seg av barnebarnet sitt, «da componenten mangler Mad og Klæde til sig selv, og Umulig kand føde dette Barn».

Enno verre stelt var det med Jørgen Pederson. Han blei beskriven som «krøbling og legdlem», og var nok heller ikkje mellom dei mest oppvakte. Sorenskrivaren blei i alle høve ikkje vidare imponert over han: «i Øvrigt befandtes denne Jørgen nesten som Vanvittig». Han vedkjente seg farskap til dottera Siri og fortalte han hadde høyrt at ho var blitt drukna på fjorden, men utover det hadde han få opplysingar å kome med.

Meir alvorleg enn leiermåla var likevel skuldingane om tjuveri. Sommaren 1795 starta Johanna forbrytargjerninga si ved å stele noko mysebrim frå ein støl som tilhøyrte Søren Nilsson Dalsøren. Vinteren 1795/96 gjekk det utover husmannen Sjur Ørjensson Berteigen. Han blei fråteken ei hit, nokre geit- og brimostar, ei bleie (laken) og ein duk.

Men stelinga stoppa ikkje med det. Mellom jul og kyndelsmesse gjekk Johanna inn i stova hjå ei Randi Paulsdotter og stal eit skrin med omlag ni riksdalar. Hjå same person tok ho òg noko sauekjøt, smør og brimostar. Andre blei fråtekne nokre nyklar og ei steinkrukke, forutan at ho på ulovleg vis plukka ei mark humle som låg til garden Berge. Tjuveria hadde såleis eit relativt stort omfang. Til saman blei tjuvgodset taksert til 11 riksdalar, men det meste blei levert attende til eigarane.

Det grovaste punktet på tiltalelista var sjølvsagt mordet. Det var truleg ved tingstaden Døsen i Dale at Johanna rodde ut på fjorden for å ta livet av seg sjølv og ungane. Den dramatiske hendinga blei observert av fleire personar på land. Det mest sentrale vitnet var Jens Jensson Heltne, og forklaringa hans fortener å bli sitert i sin heilskap:

Vidnet forklarede at sidste 14 April omtrent kl: 3 Eftermiddag gik Vidnet ude paa sin Mark og bliver vaar: at Johanne Larsdr var i Baad med begge sine Børn udpaa Søen og roede ud paa Fiorden. Vidnet standsede og tænkte at hun maaske ville rejse tver om Fiords til Lensmanden, men Vidnet som og havde hørt aftenen førud fortælle at Johanne skulle have sagt hun ville giøre Ulykke paa sig og sine Børn tænkte ogsaa herpaa, og medens Vidnet saa tænkte og Johanne blev ved at roe hører Vidnet hendes mindste Barn skrige i Baaden, da Johanne forlod Aarene tog sit mindste Barn som skreeg, ruggede det paa hænderne og i det samme kastede det udi Søen, da dette Barn sank strax, og i det samme griber Johanne sit andet Barn Sønnen Lars og kastede og ham paa Søen, Vidnet som blev saa forskrækket han neppe kunde faae Fødderne afstæd, skyndte sig for at faae Baad for at roe ud til hende, men Inden Vidnet kom fra Land saae Vidnet hun Johanne kastede sig selv over Borde udi Søen, da Vidnet nu kom ud til hende laag Sønnen og flød paa Søen; thi biergede Vidnet først denne dreng, tog drengen op, som var gandske blaae i Ansigtet, lagde ham paa sine Knæ for at hælde Søen ud af Barnet, som og lykkedes, saa det kom til live og lever endnu, medens Vidnet saaledes arbejdede med drengen, saa Vidnet at Johanne der som før omvundet havde kasted sig i Søen var skud op i søen, hang efter Baaden, og holdt sig fast i den, da hun kastede sig ind i Baaden, bandt Reeb og Steen om livet og kastede sig atter ud i Søen, og da hun saa flød op igien var Steenen hun bandt om sig affalden, og derved blev Vidnet i Stand til og at drage hende ind i Baaden, og saaledes fik hende i Land, da hun strax i Baaden fik Convulsioner, og Eenhver, thi der strømmede da en mængde Folk til troede hun strax havde død, hun blev da opbragt i sin Moders Huus, til Sængs og blev forsynet med Vagt og siden belagt med Arrest, da hendes diende Barn, som ej mere kom op eller har været at finde, ej mere tiltrængde sin Moders Bryste og Omsorg og Sønnen som blev ved liv blev henbragt til næste Naboe – Samme Aften var Vidnet med efter Lensmandens Foranstaltning, som nu var kommen hiem fra Forretning, for med Een kaste Nood at forsøge om det mindste Barns Cadaver kunde være at finde, men Uagtet mange igientagne kast har Cadaveret endnu ikke været at finde.

Johanna gjorde bortimot eit heilhjarta forsøk på å ta livet av seg sjølv og borna sine. For å vere sikker på å drukne dottera si festa ho stein kring livet på Siri før ho kasta jentungen på sjøen. Guten batt ho ikkje søkke på, noko som sannsynlegvis redda livet hans. Johanna festa òg stein i eit tau på seg sjølv for å gjere det av med livet sitt. Desperasjonen var ekte: fordi lodda hennar ramla av, kravla ho to gonger opp i båten for å feste nye steinar i reipet sitt. Då ho flaut opp til overflata tredje gongen vart ho redda av Jens Heltne.

Både Johanna og sonen var truleg berre nokre få minutt frå å døy i den kalde sjøen. Lars var blå i andletet, og hadde dessutan slukt mykje vatn. Johanna fekk krampe i båten og ville nok heller ikkje ha overlevd lenge om ikkje den snarrådige bonden på Heltne hadde redda dei.

På spørsmål frå aktor om kor lenge ho hadde planlagd å drepe seg sjølv og ungane svarte Johanna at: «Hun fik de Tanker at dræbe sig og sine Aftenen førend hun giorde det, men hun aabenbarede ikke sine Tanker for Nogen». Drapet var såleis inga impulshandling, men at ho ikkje fortalte det til nokon kan ikkje stemme. Som sitatet ovanfor viser, forklarte Jens Heltne at han hadde høyrt Johanna dagen før drapet truga med å gjere «ulykke» på seg sjølv og borna.

Mordet blei beskrive som «unaturlig», og særleg verka det forskrekkande at eit forsvarslaust og diande barn blei kasta i døden av si eiga mor:

og saa Unaturlig dette drab er af Een Moder med et diende grædende Barn, at rive fra sit Bryst, ombinde med Steen, og nedsinke i Havets dræbende Svælg; mod en 4 Aars gammel Søn; og mod sig selv, saa gyselig og udædisk er dette i alle henseender; ikke i Over Iilelse, men Overlagt og førud betænkt, og synes kuns grundet i den gamle Sandhed: at Een Udyd har flere i følge med sig.

I nesten poetiske vendingar blei drapet beskrive som ei handling mot naturen. Korleis kunne ei mor med forsett ta livet av spedbarnet sitt ved å kaste det ned i sjøen sitt dødsgap? Eit slikt mord kvalifiserte til strengaste straff. Den 17. august 1796 blei dommen mot Johanna lest opp på bygdetinget i Luster:

Johanne Larsdatter bør for det af hende uchristelige ugydede Uskyldige datter Blod og det videre interede mod sin Søns og sit eget Liv, andre ligesindede udædiske til afskye, i følge Lovens 6 Bogs 6te Capt 1a: og forordningene af 7 Febr 1749 og 16 Oct 1697 knibes med gloende tænger, først udenfor det Stæd Gierningen er begaaet, siden 3 Gange imellom gierning og Retter Stædet og til sidst paa Retter Stædet; dernest hendes Højre Haand levende afhugges med Een Øxe og siden Hovedet i ligemaade med Een Øxe, hvorpaa Legemet legges paa Stejle og Hovedet med Haand fæstes paa Een Stage over Legemet

I tillegg blei ho frådømt eignelutane sine, om ho hadde nokon. Straffa var som forventa etter rådande rettspraksis. Dei groteske elementa i dommen – torturen og lemlestinga – kan forbløffe oss i dag, men det var moselovene som stod modell for boka om misgjerningar i Christian 5. si norske lov, og Jahve var ein streng dommar for jødefolket. 

Forlysting, forvilling og fattigdom

Sjølv om straffa på bygdetinget var nådelaus, så blei det òg vist sympati for Johanna: «Hendes Defensor har ikke ilde frembragt Een deel for hendes Strafs lindring ogsaa stor Siæls Glæde det vil være at høre Monarchens Formildelse». Men ugjerninga til Johanna var stor og lova klar på dette området: liv skulle bøtast med liv.

Neste stopp var lagtinget i Bergen. Lagmannen var pålagt å dømme i saker som blei anka frå underretten, og her fortsette prosessen mot Johanna i september 1796. Også under handsaminga i lagtinget kom det fram ei viss forståing for at situasjonen hennar var svært vanskeleg, og at både tjuveria og mordet skuldast at Johanna var fattig og desperat. Leiermåla var det derimot ingen unnskyldning for:

Men just denne Udsvævelse og igientagne Lysters Opfyldelse har indviklet hende i denne Labyrinth af saa tragisk et Udfald. Thi da hun nu var nødt til uden mindste hielp fra Barnefadernes side, møysommelig med sine Hænders Giærninger at underholde sig med 2 Børn, saa blev det lidet fortienende Qvinde Menneskes forfatning høyst kritisk. Her tilkom Naturens Røst, der og kaldet hende til hendes Moder, som forhen hafde søgt sit Ophold ved at gaa om efter Almisse, og nu var af Alder bleven Sængeliggende, saa at Datteren maatte føde dem alle fire, uden at kunde være længe eller ofte borte fra den døende Moder, som just i de næste Dage efter Tyveriet, opgav Aanden. Naar nu lægges til at dette Ophold var paa en Strand, et Stæd beboet af lutter fattige Folk, hvoraf ingen er i stand at række den anden mindste hielpende Haand, og den nærmeste formuende, boer kun langt derfra, samt at alle disse trykkende Elendigheder, var indtrufen Vinteren 1796, da Brødet i Norge afsides Fieldegne var endnu dyrere end i Kiøbstæderne, hvor tvende stærke Mandshænder aldrig uden gield, kunde underholde 4.

Både sorenskrivaren og lagmannen la vekt på at den trinnvise opptrappinga av brotsverka i botn var tufta på ein utsvevande livsstil. Hyggje i halmen førte til born som ho på fullgodt vis ikkje var i stand til å forsørgje, noko som tvang fram tjuveri som til slutt enda så tragisk i mord. Samstundes blei det framheva at Johanna òg var offer for strukturelle omstende og uheldige samantreff. Brødet var dyrt i landdistrikta, og då mora vart sengeliggande med stort pleiebehov omlag på same tid som minstejenta blei fødd, stod Johanna overfor ei umogeleg oppgåve med å forsyrgje familien.

Johanna haldt til i det som var ein liten strandsitjarkoloni i Dale. Dei fyrste plassfolka som budde i området hadde nok litt jord å hjelpe seg med, men ettersom 1700-talet skreid fram og folketalet auka, enda mange av dei som handverkarar og dagarbeidarar. Om Johanna hadde eit sosialt nettverk i dette miljøet, så var det til liten nytte då ho for alvor kom i knipe.

Fattigdommen hennar var avgrunnsdjup, noko som også blei vektlagt under rettssaka. Ho blei omtalt som «yderlig fattig og højst trængende med sine Børn». Då aktor spurde vitna kva dei trudde var grunnen til ugjerningane, vektla dei at Johanna sat i usle kår: «hendes fattigdom har vel været den første Grund til Tyverierne, og da hun for disse kom under Forhør er det formodentlig Fortvivlelse som bragte hende til disse gyeselige Mord».

Eit anna sentralt spørsmål dreidde seg om Johanna var ved forstanden då ho drap dottera si. Vitna kunne ikkje skjøne anna enn at ho var ved sine fulle fem, men ho blei beskriven som einfaldig. Ved handsaminga av saka i lagtinget blei det også vektlagt at Johanna hadde ei stor innbillingskraft:

Johanne Larsdatter bliver greben i sit Tyverie, man stimlede, man truede, og hun troede sig at være dødsens, nu skal hun bortføres fra hendes døende Moder, som hun troede uden Tilsyn i den sidste Stund, og saaledes skulde hun snart skilles med sine grædende og diende Børn og hvordan da gaae dem, uden sulte ihiel, thi man bør neppe troe nogen Tanke hos hende, om offentlig Forsorg

Etter den omfattande naskinga var det sannsynleg at Johanna ville ha blitt dømt for tjuveri og sendt til tukthuset i Bergen, langt vekke frå mora. Truleg ville ho også ha blitt skilt frå borna sine. Frykta for korleis det skulle gå med dei som stod ho nærast synes difor reell nok. Om borna ikkje ville ha svolte i hel, så kunne dei heller ikkje rekne med hjelp frå fedrane sine. At Johanna såg dystert på framtida var såleis ikkje så rart.

Men viss det var slik at Johanna faktisk frykta for livet sitt etter tjuveria, så var nok det tankespinn. Rett nok vart tjuveri sett på som eit alvorleg brotsverk, både i rettsapparat og mellom allmugen, men det ville ikkje ha ført ho i døden, korkje i form av lynsjing eller som dom på bygdetinget.

Likevel hadde stelinga stigmatisert ho, for tjuveri var ei ærelaus handling. At ho i tillegg stal frå husmannsfolk, som mest var like fattige som ho sjølv, gjorde ho ikkje vidare populær i strandsitjarkolonien i Dale.

Mange tunge tankar må ha svirra rundt i hovudet på Johanna då ho rodde ut på fjorden den 14. april 1796. Framfor alt var det frykta for korleis det skulle gå med borna som dreiv ho inn i den desperate handlinga:

Distoværre hun indseer nu disse hendes Misgierningers Vægt og Byrde, og disse forleedede hende til Dagen efter Forhøret den sidste 14 April omtrent Kl: 3 Eftermiddag af Mistvivlelse over hvorledes hun og hendes Børn nu skulle blive fødde, at hun tog begge sine 2 smaae Børn med sig i en Baad for først at dræbe dem i Søen, da hun syntes at ælske dem for meget til at ville de skulle overleve sig

I eit tilvere prega av slit, fattigdom og elende såg Johanna for seg at ho skulle bli skilt frå borna, og at dei ville gå ei uviss framtid i møte. Når ho i tillegg førestilte seg ei langt strengare straff for tjuveria enn det ho ville ha fått, er det kanskje ikkje så rart at den einaste vegen ho såg for seg ut av uføret var døden. 

Avslutning

Lagmannen stadfesta dommen frå underretten. Frå lagtinget gjekk saka vidare til Høgsterett i København. Her vart saka handsama i desember 1796. Men også voteringa i Høgsterett gjekk mot Johanna, og no var det opp til kongen om ho skulle få leve eller ikkje.

Dødsdommen blei aldri fullbyrda. Det blas ein sval rettsvind over Danmark/Noreg mot slutten av 1700-talet, og benådingane kom tettare. Den 6. april 1797 vart Johanna sett inn på Bergen tukthus med livstidsdom. Fire år seinare, 5. april 1801, døydde ho. Med det får ein tru at ho fekk fred frå denne verda sine sorger og suter.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Statsarkivet i Bergen: Indre Sogn Sorenskrivarembete. Tingbok 47 (1791-1798)

 


Statsarkivet i Bergen. Bergens Lagting. Justisprotokoll 12 


Statsarkivet i Bergen: St. Jørgens hospitals sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 2, 1766-1814, s. 117


Øyane, Lars: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band II – Dale sokn

 


Rigsarkivet i Danmark. Voteringsprotokoll nr. 170

PERMANENT IDENTIFIKATOR