Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gardfjøs med bjørnesikring på Kleivane



Ein snau kilometer frå Totland (RV 15) på vegen opp til garden Fagerlia ligg Kleivane. I eldre tider hadde dei fleste brukarane på Totland gardfjøsar her. Ein gardfjøs som enno står under tak, har inngangsdør med bjørnesikring.

Kleivane ein snau kilometer på vegen frå Totland til Fagerli. Mellom dei to skykjene til høgre syner muren på ein eldre gardfjøs. Gardfjøsen til venstre har dør med bjørnesikring.

Kleivane ein snau kilometer på vegen frå Totland til Fagerli. Mellom dei to skykjene til høgre syner muren på ein eldre gardfjøs. Gardfjøsen til venstre har dør med bjørnesikring.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gardfjøs

Gardfjøs er nemninga på sommarfjøs som ikkje låg så langt frå garden eller gardsbruka. Det var små hus kyr eller geiter vart tekne inn i når dei skulle mjølkast. Staden Kleivane med fleire gardfjøsar var i røynda vårstøl til Totlands-bruka. Når det lei ut i juni buforde dei til sommarstølane sine.
No står det att murar etter ein fjøs bygd av stein og ein godt bevart fjøs med bjørnesikring framfor døra.

Bilete av ein gardfjøs på Kleivane.

Bjørnesikring framfor døra

Bjørnesikringa var ei forsterking av døra. På kvar side av døra var sett opp ein stokk med eit ope spor inn mot veggen. Ned i desse spora vart lagt tjukke bord eller plank, den eine oppå den andre, heilt opp. På denne måten vart døra dekka heilt til og sikra mot innbrot av bjørn.
Også andre stader i Vågsøy finst restar etter gardfjøs med same type bjørnesikring, t.d. på Nave.

Bilete av døra til ein gardfjøs.

Bilete av ein mur som står att av ein fjør.

Soge om nærgåande bjørn

Det gjekk ei soge om ein bjørn som kom og ville gå til åtak på dei som var på Kleivane og stelte kyrne. Ei av budeiene var snarrådig. Ho fann ein neverkrull, sette fyr på og stakk den borti bjørnepelsen som begynte å brenne. Bjørnen vart skremd og sette i veg ned mot elva. Ved Stomnevikane sprang han ut i dammen, og der enda han sine dagar.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR