Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vangsnes kyrkje



Vangsnes kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Vangnes i Vik kommune. Kyrkja, som har 261 sitjeplassar, vart vigsla 24. oktober 1861 av prost Thomas Erichsen. Sokneprest Harald Ulrich Sverdrup laga teikningane. Vangsnes kyrkje er soknekyrkje for Vangsnes sokn i Vik prestegjeld.

Vangsnes kyrkje vart bygd i 1861. Sokneprest Sverdrup var arkitekt.

Vangsnes kyrkje vart bygd i 1861. Sokneprest Sverdrup var arkitekt.

Eigar: Sognafoto.

Datering: 09.06.2001.

Fotograf: Grunde Engan.

Ny kyrkje

Når ei kyrkja er i så dårleg stand at ho ikkje lenger held vind og snødriv ute, då er det på tide å få reist ei ny. Slik var stoda på Vangsnes i 1859, og kyrkjelyden vart etter kvart samde om at dei måtte ha ny kyrkje. Frå den 700-800 år gamle stavkyrkja er det i dag berre litt av inventaret att.

På 1800-talet voks folketalet fort på Vangsnes. Kyrkjelyden måtte ha meir plass, og dei ønskte ei kyrkje som var lys og triveleg. Dei fleste andre stader var tilhøva mykje like dei på Vangsnes, og den store kyrkjebyggingsperioden var i emning. Soknet høyrde på denne tida til Balestrand prestegjeld, og same året som Vangsnes kyrkje stod ferdig, vart også kyrkja i Fjærland vigsla. To år seinare kom Tjugum kyrkje, den tredje i prestegjeldet på tre år. I dei følgjande åra fram mot 1900 vart det reist ytterlegare 23 nye kyrkjer berre i Sogn.

Kyrkjestaden

Få kyrkjestader er så majestetiske som bakkekammen på Vangsnes, med utsyn både innover fjorden, nordover mot Fjærlandsfjorden og Balestrand, og vestover ut fjorden. Her stod stavkyrkja, og her skulle den nye kyrkja stå på same tufta. Då tømmeret frå Kaupanger kom til kaien, frakta bygdefolket det frå sjøen opp til byggjeplassen. Pliktarbeidet heldt fram på sjølve byggjetomta, og kyrkjelyden sette opp grunnmuren. Den nye kyrkja vart bygd med skip og kor i same breidd, og med kvelving i taka. Utvendig vart ho kvitmåla, slik kyrkjene skulle vere på den tida. Inne var veggene frå fyrst av umåla, taket var kvitt, benkene og preikestolen var i ein lys brungul farge, men med innslag av mørkare fargar i felta i preikestolen.

Minne frå stavkyrkja

I kyrkja finst fleire minne frå stavkyrkja, både alterlysestakane, ei av lysekronene og oljemåleriet som i dag heng framme i koret. Eit anna minne er kisteloket som vart funne under golvet då kyrkja vart restaurert i 1958. Det er i stein, over to meter langt, og ligg i dag inntil muren like ved inngangen til Vangsnes kyrkje.

Sjølve kyrkjerommet har tre vindauge på kvar side. Dei har farga ruter i blyinnfatning og er spissboga. Øvst i trekanten har dei sterke fargar i grønt og raudt, og dette er ein type glas ein finn att i mange kyrkjer frå denne perioden. Dei fyrste åra hadde kyrkja ikkje altertavle, men i staden ein forgylt kross framme på alteret.

Restaurert i 1958

Då kyrkja hadde passert 90 år, var det tydeleg for alle at gudshuset trong oppussing. Arkitekt Frits Moen fekk i oppdrag å lage teikningar til restaureringa. Men hans framlegg vart forkasta av Riksantikvaren. Moen føreslo at soknerådet i staden tok kontakt med arkitekt Johan Lindstrøm, og etter hans teikningar vart kyrkja restaurert.

Arbeidet vart utført hausten og vinteren 1957-1958, og den høgtidsame opninga av kyrkja etter restaureringa vart halden 13. april 1958. Då hadde kyrkja fått galleri, der var lagt nytt golv og sett opp nye benker, ny alterring var på plass, og det vart installert elektrisk lys og oppvarming. Preikestolen vart flytta frå sør- til nordveggen, og heile kyrkja med inventar vart måla opp att i nye, friske fargar. Veggene i skipet vart no nærast sitrongule, og dekorfargane gjekk i mellom anna lys raudt, blått og gult. Mange var misnøgde med fargane.

Endringar til 125-årsjubileet

Ei anna endring som fall endå mindre i smak hjå kyrkjelyden, var den nye ramma rundt alterbiletet som arkitekten ordna med. Den gamle vart sett vekk i kyrkjetårnet, men ikkje gløymd.

Til 125-årsjubileet i 1986 vart alterbiletet montert inn att i den gamle ramma. Til dette jubileet vart kyrkja på ny måla innvendig. Kunstnaren Magne Vangsnes fekk ansvaret for fargevalet, og han nytta dei opphavlege fargane i altertavleramma som utgangspunkt. På same tid vart alterringen restaurert. Her var modellen restar av den fyrste alterringen i kyrkja, som låg lagra i tårnet. Det var med andre ord eit mål å kome tilbake til dei opphavlege fargane og formene, og kyrkja framstår i dag mykje godt slik ho gjorde som ny. Kyrkja hadde frå fyrst av prestesakristi på nordsida, og i nyare tid er denne delen utvida slik at han rommar toalett og eit nokså stort sakristi.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1891 har motivet "Jesus bergar Peter frå å søkke" (Matt. 14, 28-33). Ho er laga av Christen Brun (1828-1905), og er ein kopi av Bernhard Plockhurst. Bakgrunnen for at kyrkja fekk altertavle i 1891 er litt spesiell. Når jektene som frakta tømmer, skulle setjast på land for vinteren, var godtgjersla for dette arbeidet brennevin, og det vart gjerne i meste laget. Då vart spørsmålet reist om det ikkje var betre måtar å nytte pengane på, t.d. til altertavle. Og slik vart det, brennevinet vart til bilete på alteret.

Nattverdsutstyret i sølv er ein altarkalk, ein disk og ei vinkanne frå 1861, samt ei udatert brødøskje. På altaret står to lysestakar i messing frå 1657. Dei er heile 57 cm høge, og opphavleg frå Nykirken i Bergen. Bakgrunnen er at garden Vangsnes høyrde inn under Nykirken. Preikestolen og døypefonten i tre er frå 1861. Dåpsfatet og dåpsmugga i messing er frå 1863.

Måleriet, som opphavleg skal ha vore alterbilete i stavkyrkja, har motivet "Innstiftinga av nattverden". Orgelet frå 1975 har åtte stemmer, og er bygt av Vestlandske Orgelverkstad på Hareid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Vangsnes kyrkje 125 år. Utgjeve av Vangnes Sokneråd, 1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR