Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Futebustaden Alvera



Garden Alvera ligg ved Sognefjorden nokre kilometer innanfor Lavik. Her trur ein at nokre av dei fyrste som slo seg ned Sognefjorden skal ha busett seg. Alvera har vore krongods og seinare futegard. I 1889 var det slutt på tida som embetsmannsgard. I dag er det mellom anna eit misjonssenter her.

Futegarden ein vårdag i året 2001.

Futegarden ein vårdag i året 2001.

Eigar: Sverre Søgnen.

Datering: 2001.

Fotograf: Sverre Søgnen.

Storgard og krongods

Alvera er ein storgard som sikkert har vore sete for mektige slekter sidan før Vikingtida med gilde herlegdommar i fjell og fjøre. Og noko svært viktig i tida då mest all ferdsle gjekk sjøvegen: Her er god hamn. Alvera var kongegods, men etter Den Store Nordiske krig var staten så utarma at kongen selde både Lavik kyrkje og Alvera, som hadde vore kyrkjegods før reformasjonen, til futen Peder Iversen Leganger i 1725.
I 1755 kjøpte futen for indre og ytre Sogn, Ananias Christopher Harberg eigedommen. Han vart gift med Anna Sophie, dotter til futen Peder Leganger, og sidan var her futegard til ombodet vart lagt ned i 1894, og politimeisterembetet kom i staden.

Futegard og bygdesentrum

I 1726 vart Henrich Arnoldus Thaulow fut, - han budde i Bjordal. Men alt i 1732 vart han suspendert for svinn i kassa. Han hadde også kara til seg meir enn lovleg var av vrakgods frå eit hollandsk skip som stranda ved Utvær. - Kanskje det er grunnlaget for segna om spanskeskipet på Norevika. - Thaulow reiste rett frå Sogn til Arendal og vart byfut der i 1733. Det hjelpte å ha gode, mektige vener, då som no. Etter Thaulow vart Harberg fut.
Dei to mektige ættene Harberg og Leganger rådde no på Alvera. Dei eigde jord rundt i fleire sokn og sat i stor velstand. Dei gifta seg med skyldfolk og heldt på denne måten rikdommane innanfor slekta. Desse ættene sat også med det store Bjordalsgodset, der det før hadde vore sete for futen, og det var inngifting og skyldskap og mykje samkvem mellom Bjordal og Alvera.

Velstand og makt

Kirsten Finde Harberg Leganger arva Alvera-eigedommen i 1776, men sjølvsagt i namnet åt mannen hennar, "Dannemanden" Simon Hansen som vart fut. Dottera Karen Sophie vart gift med kaptein Ole Elias Holck i 1812. Han var ein svær krigar og enda som generalmajor. Holck var med i Napoleonskrigane og vart heidra for innsatsen sin. Sidan eidsvollsmann for Bergenhusiske Regiment og møtte på Stortinget fleire periodar. På Alvera står det ei minnestøttte over han; reist av bygdefolket i 1914.
Då Kirsten Finde Harberg Leganger flytta frå Bjordal til Alvera, vart "Storhuset", som bjordalingane kalla det, rive og sett opp att på Alvera i 1773, der det sidan har stått.
Det er heilt utruleg kor mykje rikdom desse futeslektene greidde å skrapa saman i eit så karrigt landskap som Sogn. Når me veit at borkemjøl blanda i både brød og graut var dagleg kost jamvel på dei store bruka, også i fredstid, så kan me tenkja oss at levemåten på husmannsplassane rundt i vikane var ikkje rare greiene. Likevel greidde folket å yta så mykje i landsskyld at embetsslektene vart søkkrike. Men det var ingen embetsmann som vart så hata som futen. Ordet fut har det stått eit kaldt gufs av like til vår tid.

To barnlause ekteskap

Siste futen var kaptein Peder Fridrik Hartvik. Han var snill og folkeleg både med husmenn og tyende og selde alle bygselbruka, som før låg til garden, til pakterane. Gift var han to gonger. Begge gongene med døtre av Ole Elias Holck. Men ekteskapa var barnlause. I 1889 kjøpte Bjørn Fjærestad frå Balestrand Alvera. Han var ein drivande kar. Ved sida av garden dreiv han banken i bygda og hadde fleire kommunale ombod. Garden har store vidder med grov skog, både eik og furu. Ei tyding av namnet er at det veks alle slags tre på garden. Bjørn felte tømmer og fekk fat i likaste jektebyggjerane i sokna og bygde ei stor jekt nede ved hamna. Jekta fekk namnet Alværa. Den vart mest brukt til frakt av ved til Bergen.
Vest for futestova stod det før eit lysthus. Det er no på museet i Amla.
No er garden delt mellom to av barnebarna til Bjørn. Bjørn Landås og kona Margit bur i det gamle futetunet. Birger Alværn og kona Torbjørg bur ovanfor hovedvegen. Begge familiane har vore flinke til å ta vare på minna frå gammal tid, sjølv om dette ofte kan vera vanskeleg å kombinere med moderne gardsdrift.

Alværa Misjonssenter

I 1982 åpna Alværa Misjonssenter etter pengeinnsamlingar og strev i årevis. Men då hadde dei også fått til eit anlegg for 6,5 millionar kroner. Dei held til på bygsla grunn aust for det gamle tunet. Der vert det halde kurs og møteverksemd og det er eit kraftsentrum for kristenfolket i heile krinsen.

Far etter folk

I delet med Rå ligg ei gamal røys med merkesteinen om lag midt i. Horkallrøysa vert denne kalla. Ellers er det ei røys på Alverneset og eit par andre steinhaugar i lendet kring garden. Det knyter seg underlege segner til desse røysene. Alle har vore undersøkte av Eldrid Straume og Per Fett i 1951 og 1953. Dei har ingen ting med vanleg jorddyrking å gjera.
Kor lenge det har budd folk i Alvera torer vel ingen å gjeta på, men at det er av dei eldste busetjingane i Sogn, må ein rekna med.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Eiksund, Inge: Alværa Misjonssenter. Festskrift.
Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik. Bergen, 1983.
Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Band III. Bergen, 1978.
Opplysningar frå:
Torbjørg og Birger Alværn, Høyanger.
Margit og Bjørn Landås, Høyanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR