Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. januar 2005

Sist oppdatert 28. april 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Eit 40-årsminne frå Florø



Denne artikkelen er skriven av Wilhelm Kvalheim som i 1905 budde i Florø og var redaktør i Nordre Bergenhus Amtstidende. Artikkelen er ordrett attgjeven, men redigert med mellomtitlar, eit par innskot og eit tillegg om festen til slutt. I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om kva som skjedde i Florø i det hendingsrike året 1905.

Forsamlingshuset Fram i Florø (utsnitt). I 1905 var huset røystestad i begge folkerøystingane, og her vart halde stor folkefest 26. november i høve kongeinntoget i Kristiania 25. november.

Forsamlingshuset Fram i Florø (utsnitt). I 1905 var huset røystestad i begge folkerøystingane, og her vart halde stor folkefest 26. november i høve kongeinntoget i Kristiania 25. november.

Eigar: I Flora-minne. 2003.

Datering: 1922.

Fotograf: Postkort. Stephansen, Florø.

40 årsminne om 1905

"Minnet om 1905, om 7. juni, folkeavrøystinga 13. august, kongevalet og kongeinntoget er for mitt vedkomande knytt til Florøy, der eg då budde og var bladstyrar.

17. mai

Det var eit merkeleg og minnerikt år. 17. mai - med strålande ver - vart høgtida på ein festleg og verdig måte, kanskje som aldri før. Sakf. O. Joh. Vasbotten heldt talen for dagen, der han m.a. stod på at Noreg og Sverike burde skiljast og prins Carl av Sverike verta tilboden Noregs krune, noko som han elles vart profet på.

7. juni og folkerøystinga 13. august

So kom telegrammet om 7. juni-vedtaket, som vekte veldig oppsikt. Og so folkerøystinga. Vi sat 3 mann saman i ei nemnd som skulle arbeida for å få folk fram og røysta - på "Fram" frå heile Kinn. Vi tre hadde nok vore mykje usamde i politikken før, men no var det berre ei meining mellom oss. Det var O. Joh. Vassbotn, Nikolai Olsen og eg. Vi fekk "Balder" til å gå ekstraturar og føra røysteføre (berre karar den gongen) til byen. Det var fyrst gudsteneste i kyrkja, som var vent pynta for høvet. Sokneprest Evensen tala m.a. for samling om Ja-svaret. I butikkvindauga var det vene dekorasjonar med store Ja-plakatar i nasjonale fargar. Føre avrøystinga heldt stortingsmann Lind ei stutt tale frå Fram-trappa. Og so gjekk straumen inn og ut fram med valurna. So vidt eg hugsar, var det berre ein Nei-setel i heile Kinn prestegjeld.
[Merknad: Det var ingen nei-røyster i Kinn.]

Karlstadforhandlingane og krigsfrykt

Sidan kom so Karlstadforhandlingane ut på hausten. Då gjekk vi vel i spaning. Serleg hugsar eg ein laurdagskveld med fint ver og måneskin. Vi visste at forhandlingane var komne til eit kritisk punkt. Vi tvo bladstyrarane M. Vanberg og eg, hadde samrådd oss om korleis vi skulle koma oss snøggast til Nordfjordeid ekserserplass om det vart mobilisering av linjen. Denne kvelden hadde telefonstasjonane fått ordre til å halda ope for viktige meldingar. Folk hadde ikkje fred på seg. Dei dreiv i gatene eller sat og venta i heimane. Eg sat i bladstova og venta. So høyrde eg ståk av mange føter i gata og ikring Vassbotn-hjørnet, Jau, det var telegrafbodet, gamle Heljesen, som kom med pressetelegram, fylgd av ein heil flokk karar. Eg opna og las for dei: Dei er komne til semje. Alle var glade. Folk pusta ut. Krigsotten var stroken bort.

Men so kom otten att. Kva vilkår hadde ein gått med på? Og so kom telegrammet om Karlstad-semja. Då var ikkje gleda stor, nei. Grensefestningane nedlagde, grensa open mot Sverike! Eg skreiv ein svartsynt artikkel i bladet, truleg den einaste pessimistiske artikkel eg nokor tid har skrive, optimist som eg alltid har vore. Det vart kalla saman protestmøte i "Fram" og ein resolusjon send, som ogso nokre gamle høgremenn og unionsvener skreiv under på. Resolusjonen vart telegrafert til tingmennene for Nordre bergenhus. Dei svarte straks med eit telegram til bladet mitt og bad oss leggja merke til det positive som var vunne ved Karlstad-semja. G. Holsen hadde sitt eige telegram, som han elles vart profet på, - at når nokre år var gått, vilde dei tvo folk verta gode vener, fordi ein i fred hadde gjort opp sitt hopehav.

Kongedømme eller republikk?

Ja, so kom "forfatningsstriden" om kongedøme eller republikk. Då gjekk atter folk til tvo sider. Men kongedømet og Carl av Danmarks val sigra med 4/5 fleirtal.

Fest for kongen

Og so kom inntoget i Oslo 25. nov. Det var ein laurdag. Heile landet heldt fest. På Florøy var atter butikkvindauga dekorerte. Ja-plakatane lyste og bilete av kongen og kongslyden. Eit takketelegram vart sendt til riksstyret underskrive av 300 menn og kvinner i byen, med magistraten, ordføraren og soknepresten i brodden.

Og dagen etter - sundag - var det takkegudsteneste i kyrkja som var vent pynta. "Alt for Norge" lyste i gullskrift høgt over alteret. (Eg har enno liggjande hos meg dei bokstavane.) Om kvelden var det folkefest i "Fram", skipa til av den krist. ungdomsf. [kristelege ungdomsforeininga]. Det var slege på at ein burde ha traktering på festen. Men det vart nedrøysta i nemnda som vel var. For det vart so fullt av folk at ingen kunne røra seg frå plassane. Det var song og musikk, og mange taler. Ja, endatil tale for Sverike, som vi burde sende venlege tankar, var det sagt, for dei måtte ha det noko tungt der nett då. Og vi hadde råd å koma dei i hug. Den dagen var ogso dronning Mauds årmålsdag. Og det var ogso tale for henne. So hadde vi atter ein Haakon på Noregs kongestol, og kongssonen Olav.

Fritt land

17. mai 1906 kunne vi so på Florøy - halda 17. mai i eit fritt land. Det var då ogso herleg ver, og dagen enda med folkefest i "Fram".

7. juni 1945

So gjekk åra. Kongen og kongslyden gjekk inn i folketanken som noko sjølvsagt, noko som eingong skulle so vera.Men so kom krigen og tysketida og quislingstyret og kampen for Noreg heime og ute. Og no vart kong Haakon føraren og det nasjonale symbolet, og hans kongeord "Alt for Noreg" det merke som alle samla seg om. Og heimkoma hans overgjekk det som hende i 1905. Og no kan Haakon den 7. juni halda 40-årsjubileum med tilslutnad og takksemd og høgvyrdnad frå heile folket på ein måte som ikkje har sidestykke i soga.


W.K."

Meir om folkefesten

Folkefesten i Florø 26. november 1905 for det nye kongehuset og for at det store "Frigjørelsesværk" var komen til ein lukkeleg slutt, vart halden i forsamlingshuset Fram. Søndfjords Avis hadde 1.12. fylgjande omtale av festen:

"Søndag aften holdt Ungdomsforeningen Folkefest i Anledning af, at det store Frigjørelsesværk nu er slut, at den store Spænding, vi alle i dette Aar har gaat i, nu er over. Det var en sjelden vakker og stemningsfuld Fest til Fædrelandets og dets Statsmagters Pris, hvor Folk af alle Partier var tilstede, og hvor Sangen, Talerne, Musikken og Deklamationen spillet sammen i skjøn Harmoni. Redaktør Kvalheim talte for Kongen, Sagf. Vasbotten for Fædrelandet, Sagf. Hole talte for Storthinget og Lærer E. M. Hole for Regjeringen, Kirkesanger Dahle for Danmark, Fru Sognepræst Evensen for Dronningen, Exp. R. Melvær for Fædrene og Lærer Hole for Sverige.

Fru Haave og Kirkes. Dahle læste op et Par Digte. Frk.nerne Evensen og Strømsnes spillede Piano, desuden Solosang af Uhrm. Flesche og Korsang. Florø Hornmusik spillede. Vi gjengiver de to første Taler i dette No. og skal de senere komme efter Orden."

kjelder:

Firda Folkeblad. 23.11.1945.


Søndfjords Avis. 01.12.1905.


Opplysningar frå Eldbjørg Åm, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR