Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Losane på Silda



På øya Silda budde det losar i eldre tid. Nordre hamn var ventehamn for skip som skulle nordom Stad. I dårleg vêr kunne dei her liggja trygt å venta om det ikkje var nordvest. Men 2. juledag 1862 steig nordvesten til høgder ingen kunne hugsa. Då tok stormen skonnerten "Marie" og bles skuta ut av hamna og i retning Venøy. Fleire menn omkom. Ein av dei var losen Velom i Sildene.

Snøggrutebåten "Kommandøren" kom til Silda for fyrste gong i 1999.

Snøggrutebåten "Kommandøren" kom til Silda for fyrste gong i 1999.

Eigar: Sverre S. Silden.

Datering: 1999.

Fotograf: Sverre S. Silden.

Velom i Sildene

Jan Olson Sørpoll (1790-1884) gifte seg til Søre Silda med Johanne, dotter til lærar Samuel Jonson Silda. Jan var mykje nytta til los, og han var i arbeid som los heilt til han var 68 år gamal. Villum Janson Silda (1829-1862) vart los i lag med far sin. Han gjekk under namnet Velom i Sildene. Velom var ein stor og sterk kar og ein flink dansar og spelemann. Han vart likevel mest kjend for bragdene som los. Han kunne vera uvøren. Ein gong tok han eit farty utanfor Furestaven og losa det like til Trondheim endå han aldri hadde vore så lagt nord. Velom vart berre 32 år gamal. Livet tok slutt 2. juledag 1862.

Skonnerten "Marie" av Drammen

Den 14. desember 1862 fekk Velom melding om at eit skip låg vest for Stad og signaliserte etter los. Skipet var skonnerten "Marie" av Drammen. Skipet var lasta med kol frå England og var på veg til Trondheim. Det hadde vore mykje storm, og skipet hadde fått hard medfart på vegen over Nordsjøen. Kapteinen, Otto Schmidt, ville difor la skipet liggja ved Silda over jula slik at mannskapet kunne bøta på skadane. Sjølv drog han sør på Vågsberget for å feira jul hjå handelsmann Chr. I. Berg. Hamna i Silda var kjend som ventehamn for trafikken kring Stad så langt attende som til vikingtida. Det vert fortalt at Skule Jarl låg der og venta på betre vêr ein gong han skulle til Trondheim.

Juledans hjå losen

Nordre hamn var ei naturhamn som var omkransa av to holmar og to skjer. Hamna gav livd for vind og vêr, men ikkje frå dragsuget frå nordvesten. Moloane som er der i dag, vart bygde etter det tragiske som no kom til å skje. På Sildehamna låg det denne kvelden og ei dansk jekt. Mannskapet vart inviterte i land til losen som var vert for dansen denne gongen. Utover kvelden tok det til å blåsa sterkt frå nordvest med snøkave. Mannskapet fann det best å gå om bord att for å sjå til fartya. Ein time etter midnatt kom det melding til Velom at han måtte koma om bord. Dei frykta at fortøyingane ville ryka. Stormen auka til orkan og vart kanskje den verste folk kunne minnast. I lang tid etterpå brukte ein å samanlikna uvêr med "då han Velom i Sildene kom bort."

"Marie" sleit seg

Etter at Velom kom om bord, sleit landtoget seg og ankeret tok til å mista feste. Skuta rak no ut or hamna, og vart truleg skadd på eit undervasskjer like utom hamna. Straks utafor hamna vart det så djupt at ankeret ikkje nådde botnen. "Marie" og mannskapet dreiv no innover Sildefjorden. Velom var lokalkjend og visste kvar dette bar. Han prøvde truleg å få opp litt segl slik at han kunne styra "Marie" inn mellom Barmen og Venøy. Kom dei berre aust om Barmen, så var dei i smult farvatn og kunne då berga både skute og mannskap. Slik gjekk det ikkje.

Forliste truleg ved Mannebeinet

Truleg prøvde mannskapet å få livbåt på vatnet, men det gjekk ikkje. Livbåten vart funnen i Nordpollen, full av sjø, men på rett kjøl. To luver låg på tiljene, og folk undra seg over det. Kahytta med kompass vart funne mellom Sandvika og Flister. "Marie" enda truleg sine dagar ved Mannebeinet på Venøy. Fiskarar har fått kol, tre og jernstykke i garna i dette området. I nyare tid har dykkarar vore ned for å leita, men ikkje funne noko. Det djupnar fort i dette området.

Forlova med Elisabet

Velom var forlova med Elisabet Flatrake, og dei skulle gifta seg så snart våren kom. Straks det lysna 3. juledag, fekk Elisabet med seg fire mann på ein seksæring for å leita etter kjærasten. Dei leitte i fjøra langs Venøya og i strender i nærleiken. Kvelden kom utan at dei hadde funne noko. På vegen heim sat Elisabet i bakskotten, samansokken og fortvila over tapet av Velom. Det vart ei tung og vanskeleg tid på Silda no. Velom hadde vore eit samlingspunkt i bygda. "Marie" trefte den verste plassen i dette området. Hadde skuta nådd land litt lenger aust, hadde ho landa på flatare svaberg og grunnare vatn. Då hadde truleg båten ikkje vorte slegen sund. Etter at Velom drukna, har det ikkje vore fleire losar på Silda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Oslo 1957.
Barmen, Vilhelm: Ute med havet. I Årbok for Nordfjord. 1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR