Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fangstanlegg i Fresvikfjella



På Handadalseggi, 1400 m o.h., er der fangstanlegg for rein. Anlegga har store dimensjonar. Her finn ein dyregraver, bogstille, bægje, murar, skremmesteinar, dyrestup og kløfter. Desse og andre anlegg i Fresvikfjella er no registrerte av forskarar, og har vekt stor oppsikt.

Fotoet gjev eit godt inntrykk av den over 100 m lange steinmuren på Handadalseggi. Dyra vart truleg drivne mot stupet.

Fotoet gjev eit godt inntrykk av den over 100 m lange steinmuren på Handadalseggi. Dyra vart truleg drivne mot stupet.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Datering: 1994.

Fotograf: John O. Thune.

Handadalseggi

Handadalseggi ligg mellom Fresvikbreen og Nærøyfjorden. Like vest for toppen av dette fjellet går det ein opptil 1,2 m høg og 110 m lang steinmur tvers over egga. Muren startar med eit bogastille plassert i sørenden. Ein skremd reinsflokk ville springa langs muren mot skyttarar som stod i nord. Dyra ville bli skremde utfor stupet og ned i Handadalen. Derifrå er dyra frakta ned til Dyrdal. Det øvste bruket heiter Drego, som kanskje kan tyde at det her har vore drege dyr.

Langafjellet

Langafjellet ligg nordaust for Handadalseggi og er 1300-1400 m o.h. Her er det og bogastille, og dyra vart jaga mot ei trong kløft ved eit 100 m langt ledegjerde og murar. Her vart dyra avliva eller jagde vidare utfor stupet mot Tundalen. Mykje tremateriale tyder på at det her var byggverk som vart nytta under fangsten.

Syrynjefjellet

Like sør for Fresvikbreen ligg Syrynjefjellet, det er ein tre kvadratkilometer stor, langstrakt rygg. Berre mot sørvest er det framkommeleg, elles er det stup på alle kantar. Austre delen må ha vore eit godt beiteområde for reinen. På vestre delen er det mange bogastille. For å komma frå beiteområda har reinen måtta forsera bogastilla. To gjerde fører inn mot midten av fjellryggen, og anlegget forsvinn inn under ei snøfonn. Der er det store mengder med trerestar.

Organisert jakt

Desse fangstanlegga tyder på jakt med mykje folk. Heile flokkar av rein må ha vorte utrydda. Anlegga er frå jernalderen (500 f.Kr. - 1000 e.Kr) og kanskje endå eldre. Dei rike gravfunna i Vik kan kanskje ha samanheng med at det i gamal tid var storstilt reinsjakt i bygda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Barth, Edvard K.: Fangstanlegg for rein ved Fresvikbreen i Sogn. I Årbok for Norsk Skogbruksmuseum, nr 11, 1986. Elverum.
Bøthun, Per H: Om veiding i gamal tid. ITidsskrift for Historielaget for Sogn, nr 15, 1952, s. 152-166. Sogndal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR