Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Helle fabrikker



Helle Knivfabrikk vart starta opp i 1932, og i 1987 var femti mann i arbeid her. I 1966 fusjonerte dei to bedriftene S&S Helle Knivfabrikk og Stangfjord Staal til A/S Helle Fabrikker. Verksemda har i det siste halve hundreåret vore ei av hjørnesteinsverksemdene i bygda, og har produsert ymse slag knivar til den nasjonale marknaden og til eksport.

Helle Fabrikker i Holmedal på 1940-talet.

Helle Fabrikker i Holmedal på 1940-talet.

Eigar: I Sogeskrift for Askvoll.1997.

Datering: 1940-1949.

Fotograf: Ukjend.

To brør

Tidleg i 1930-åra tok dei unge brørne Steinar og Sigmund Helle i Holmedal til å lage knivar heime i smia på garden Myra i Kleppeneset. I førstninga leverte dei til bønder og fiskarar i nærleiken. Etter kvart som etterspurnaden voks, måtte dei utvide produksjonen og tilsetje fleire folk. I 1943 overtok dei lokala til den nedlagde margarinfabrikken Flora på kaia i Holmedal, og flytta produksjonen dit. Her utvikla S & S Helle Knivfabrikk seg til den viktigaste arbeidsplassen i Holmedal.

Vanskeleg start

Vegen fram til suksess er ikkje alltid lett. Ei hending frå verksemda sine første år kan illustrere dette. Den lokale marknaden var ikkje nok til at verksemda kunne overleve. I 1930-åra var ein salsmåte å fare til Oslo på sykkel med ryggsekken full av knivar.

I Dalsfjordboka som kom ut i 1999, kan vi lese kva som hende:
 

- Og det gledelege hende at ein Oslo-tur midt på 1930-talet resulterte i ein ordre på 200 knivar. Jubelen stod i taket heime i Holmedal og arbeidet gjekk for fullt. Knivane vart pakka i gamle sildekasser og sende. No gledde dei seg til oppgjer og fleire bestillingar. Men etter fleire veker kom leveransen i retur frå Oslo - alle knivane var øydelagde då dei kom fram til hovudstaden. Dei hadde rett og slett rusta fast i slirene. Noko slikt som rustfrie knivblad fanst ikkje i dei dagar, og gamle sildekasser med salt i treverket var nok ikkje den beste emballasjen.

Redda av lokal kjøpmann

Økonomisk sett var det ikkje lett å starte opp ei verksemd i 1930-åra. Det var lite pengar mellom folk, noko som reduserte kjøpekrafta. Lett var det heller ikkje å få banklån. Det fekk heller ikkje knivfabrikken då pengenauda vart akutt ein gong på slutten av 1930-åra. Men denne gongen vart brørne redda av lån frå den lokale kjøpmannen.

Knivar av ulike slag

I 1950- og 1960-åra var bestikk den store artikkelen mens tolleknivar og sportsknivar nesten var ute av produksjon. Eksporten til Europa og USA tok seg opp.

Rundt 1970 vart produksjonen lagt om, slik at det no vert produsert sportsknivar og klinger. Saman med den omtrent like store fabrikken Brusletto er det Helle som dominerer sportsknivmarknaden i Norge. Tidleg i 1960-åra vart fabrikken utvida. Sjølve tilverkinga av knivar har etter kvart blitt meir industri og mindre handverk. I 1998 var det kring 60 tilsette ved Helle Fabrikker.

I nyare tid har utforminga av sportsknivane blitt stadig viktigare i den harde konkurransen. Det er viktig med breidde og variasjon. Knivane vert utforma av verksemda sine eigne folk i samarbeid med eksterne designarar.

Dotterverksemd i Stongfjorden

Verksemda Stangfjord Staal vart starta i 1963, med Odd Gisle Helle som eigar og leiar. Han var son til Steinar Helle. I 1966 fusjonerte dei to bedriftene S & S Helle Knivfabrikk og Stangfjord Staal til A/S Helle Fabrikker. I 1995 vart avdelinga her skilt ut som eige dotterselskap, kalla Viking Global A/S. Av produksjonen her er stålmerdar for oppdrettsindustrien eit viktig produkt kring 2000. Verksemda sysselsette kring 10 personar i 1998.

Arbeidarane organiserer seg

I 1930-åra kunne avsetnaden svinge sterkt. Difor vart det vanskeleg å halde arbeidarar i jamt arbeid. På kort varsel kunne ein eller fleire få beskjed om å gå eller komme. Etter eit kurs om fagforeiningsarbeid i bygda i 1946 vart Holmedal Jernarbeidarlag skipa. Midt på 1950-talet fekk fagforeininga medlemer frå arbeidsstokken på Klausen Mekaniske Verkstad, ei anna industriverksemd i Holmedal. I 1966 kom dei organiserte arbeidarane i Stongfjorden med i fagforeininga.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogeskrift for Askvoll kommune. Nr. 10. 1997.
Losnegård, Rolf, o.fl.: Dalsfjordboka. 1999.

Nettstader:
http://www.jensbua.no/

PERMANENT IDENTIFIKATOR