Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ei sjeldan grav - Fjokla Demjanova



”Noreg takkar deg Fjokla Demjanova, ærer deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.” Med desse orda slutta tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, talen sin i gravferda til den russiske statsborgaren, Fjokla Demjanova. Det var i 1950. Kven var ho?

<p>Skrivargarden p&aring; L&oslash;ken kring 1905. Sorenskrivar Ivar Andreas Nordang kom her kort tid f&oslash;r 1910. Fjokla Demjanova h&oslash;yrde med til huslyden. Ho var tenestejente.</p>

Skrivargarden på Løken kring 1905. Sorenskrivar Ivar Andreas Nordang kom her kort tid før 1910. Fjokla Demjanova høyrde med til huslyden. Ho var tenestejente.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Kring 1905

Fotograf: Ukjend

1950

Fredag 12. mai 1950 vart Fjokla Demjanova gravlagd på kyrkjegarden Stokkenes i Eid. Fjokla var russisk statsborgar som hadde vore i Noreg sidan 1902, først i Finnmark og frå kring 1910 i Sogn og Fjordane. Fjordabladet hadde nokre dagar seinare eit langt stykke om Fjokla Demanjova. Overskrifta var: ”Ei sjeldan gravferd”. Vi får høyra at mange var med i gravferda, vener og kjenningar ho hadde i Eid. Fjokla Demjanova var ein innvandrar i Noreg, med opphaldsløyve, lenge før innvandring og kulturelt mangfald vart vanleg frå slutten av 1900-talet.

2011

I 2006 vart grava til Fjokla Demjanova sletta. Grava stod då utan festar/ansvarleg/ kontaktperson. I 2011 var ikkje grava nytta om att, og kyrkjeverja opplyste at grava kan takast vare på vidare ved at festet vert fornya. Nedanfor følgjer livssoga til Fjokla Demjanova slik ho står i Fjordabladet 23. mai 1950, signert ”meldar”. (Mellomtitlar og hakeparantesar er innsette her.)

I Noreg 1902-1950

Ein russisk statsborgar, Fjokla Demjanova, vart gravlagd på Eid kyrkjegard, Stokkenes, den 12. mai [1950]. Ho var då 64 ½ år og har vore i landet med opphaldsløyve sidan 1902 i 45 år.

Tvangsflytta i Russland

Då Fjokla var 4 år gamal, vart faren av det russiske riksstyret tvangsflytta frå det indre av Russland til grensa ved Jakobselva i Finnmark. Ho hugsa så vidt denne turen som gjekk for seg om vinteren, og saman med nokre andre vart dei førde nordvestover til Nordishavet og fekk seg tilvist bustad der.

Kontakt over riksgrensa

Russarane ville ha rein russisk folkesetnad i dette grensestroket og gjorde det på denne lettvinte måten for seg. Men det var ikkje så greitt for dei som skulle livnære seg på denne staden. Det vart smått om levemåten og hard strid for tilværet. Den norske folkesetnad var på vestsida av Jakobselva og vesle Fjokla kom snart i samband med desse. Der var veg, handelsmann, telefon og post. Med sitt lettliva lynde og sine gode evner fekk ho straks vener der og fekk lære å skrive og lese. Handelsmannen sine born gjekk på skule og ho vart tinga til å passe dei som var minst. Av skuleborna lærde ho lese- og skrivekunsten, som var ein sjeldan og uoppnåeleg herlegdom for småkårsfolk i Russland på den tid.

I teneste i Noreg

Då Fjokla var 17 år tok ho seg fast teneste i Noreg og har sidan vore her. Ho flakka vide kring i Nord-Noreg den fyrste tid, sleit mykje, lærde ein god del og fekk røyne både godt og vondt. Dår sorenskivar Nordang flytte til Nordfjord for ca 40 år sidan [rundt 1910], fylgde ho med som tenestegjente og har sidan for det meste vore her i Eid. Nokre år tente ho hjå fru Hagen i Måløy, som hadde ein liten gard i Skavepollen, og denne overtok Fjokla styringa av.

Hjelpte russiske flyktningar

Medan ho var her fekk ho høve til å gjera 2 av sine russiske landsmenn ei teneste som hadde den aller største verknad for framtida åt desse. Dei hadde rymt frå kommuniststyret. Unge var dei og far og mor borte. Dei meinte å ha ein onkel i England som kanskje ville hjelpe. Båten dei rymde på kom til Måløy og der fekk dei vete at dei skulle sendast til heimlandet. Då båten gjekk ut sundet, smette dei seg over bord og sumde til lands. Dei gløgge måløyværingane hadde oppdaga dette og kom dei til hjelp.

No stod dei på norsk jord utan vener; våte, frosne og ingen som skjøna eit ord av det dei sa. Så mykje skjøna likevel måløyværingane at dei måtte vera russarar og då visste fru Hagen råd. Ho tok seg av gutane, gav dei mat og klæde og sende motorbåten ekspress til Skavepollen for å hente Fjokla. Dei som var glade var nok desse naudstadde ungdomane som råka ein av sine eigne, som dei kunne fortelje kva som venta og som på deira eige mål kunne gje dei råd.

Hindra utlevering

Styringsmaktene ville utlevere gutane til russarane, men det hindra snilde, hjartegode fru Hagen. Ho garanterte for opphaldet til gutane, fekk svar frå onkelen i England som ho telegraferte til og som bad henne sende gutane derover. Fru Hagen syrgde for at gutane kom i veg og utstyrde dei for reisa. Men eg spår at desse 2 kvinner har fått mange venlege tankar og gode ynskje fro dei 2 ungdomane som fekk god hjelp og trøyst i noko av den vanskelegaste stoda dei har vore i.

Tilbake til Eid

Fjokla Demjanova flytte tilbake til Eid og bygde seg ei lita stove på Bjørhovde, der ho hadde nokon av dei beste og mest trugne venene sine. Gjekk på Bjørhovdsetra om sommaren, spann og spota og hjelpte til i heimane der nokon var gamle eller sjuklege. Alle stader var ho velsedd for sitt gode humør, sin dugleik, truskap og hjartegodleik.

Hjarta hennar var det også som svikta, og den 7. mai orka ho ikkje meir. Ho slokna på Nordford Sjukehus stilt og fredsamt.

Gravferda

Fredag 12. mai vart ho gravlagd på Stokkeneshøgda. Grannane på Bjørhovde møtte fram til gravferda saman med mange andre av hennar vener. Fjokla Demjanova stod ikkje i vårt kyrkjesamfunn. Difor var gravritualet noko onnorleis enn vi er vane med, men det var gripande og høgtidssamt. Salmesong og lesing av det nye testamentet ved ein av venene til Fjokla. Klangen frå den vene kyrkjeklokka var den samle som altid.

Takk og farvel

Tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, gav ei stutt utsyn over Fjokla sin lagnad og verksemd og slutta med å takke for det trurøkne og i alle deler vel utførde arbeid som ho hadde gjort i det norske samfunn. ”Noreg takkar deg Fjokla Demanjova, ærer deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.”

Deretter la han ein blomekrans på båra og bar fram ein takk og helsing frå dei tre borna sine, Oddlaug, Kari og Kristen fordi ho i deira spede barndom tok seg av dei morlause små, var god mot dei og stelte dei i fleire år.

Kyrkjeklokka stemde fulltonande i, samelunde og høgtidssamt, med same tone og klang utan omsynt til tungemål, nasjon, folkestamme eller truvedkjenning. Det var ei gripande høgtid for alle som var med i gravferda.
 

Folketeljing 1910

Eit søk i Digitalarkivet, folketeljing 1910, gir eitt treff. Det fanst berre ei Fjokla i landet: Fjokla Flodorwna Demjanova, fødd 7. juli 1887 i ”Rusland”. Ho høyrde til i husstandet sorenskrivar Ivar Andreas Nordang, på garden Løken, gnr. 19, bnr. 1 i ”Eid herred”. Fjokla står oppført som ”kjøkkenpike”. Det var 13 personar tilstades på teljingsdagen. 

Etterord 2014

Stykket i Fjordabladet omtalar to russiske flyktningar Fjokla var med og tok hand om. Og at det enda med at dei ikkje vart sendt attende til Sovjet-Samveldet, men fekk opphald i England.

No er det fleire ting som tyder på at det ikkje gjekk slik med flyktningen (det var i røynda snakk om ein flyktning). Atle Råsberg har i ein artikkel i Årbok for Vågsøy historielag 2013, gjort grundig kjeldesøk i Riksarkivet, og legg fram overtydande prov på at fylktningen (ein gut med namn Boris Maewsky)  allikevel vart sendt attende til Stalin-Sovjet, 06.12.1933. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordabladet. 23.05.1950
Atle Råsberg: "...kan hende det hele er en stor tragedie", i Årbok for Vågsøy Historielag, 2013.
 

Digitalarkivet, Folketeljing 1910

PERMANENT IDENTIFIKATOR