Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sogns Tidend - lokalavis 1877-1947



Lokalavisa Sogns Tidend kom ut i åra 1877-1947, dei fyrste åra i Lærdal, frå 1903 i Sogndal. I Lærdals-perioden var det fleire redaktørar, medan ein mann, Jens Kvåle, var bladstyrar så og seia heile Sogndals-perioden. Sogns Tidend var alltid ei utprega Venstre-avis. I 1947 vart ho kjøpt av lokalavisa Sogn og Fjordane og teken opp i denne.

"Sogns Tidende" 1. november 1923. Tittelen vart seinare endra til "Sogns Tidend".

"Sogns Tidende" 1. november 1923. Tittelen vart seinare endra til "Sogns Tidend".

Byrja i Lærdal

Sogns Tidend byrja i Lærdal i 1877 under namnet Sogns Tidende (e-en i Tidende vart stroken ein gong etter 1923). Mannen bak tiltaket var Otto Albert Blehr (1847-1927), sakførar og venstremann, seinare ein framståande rikspolitikar. Dei fyrste redaktørane skreiv på riksmål, men landsmål eller nynorsk målform, tok etter kvart meir og meir over.

Eiga-fråsegn i 1903

Jens Kvåle kjøpte Sogns Tidende i 1903. Han hadde i fleire år drive bladet Sygna som han no let gå inn i Sogns Tidende. Den nye eigaren og redaktøren orienterte lesarane gjennom ei fråsegn 8. april 1903. Her kjem mellom anna tydeleg fram at Sogns Tidende skal vera talerøyr for oppløysing av unionen med Sverige, og ei avis med opne spalter for skriveføre folk. Det står:

"Sogns Tidende" arbeider for fremhjælp av næringslivet, og for en jevn udvikling paa alle omraader, i samklang med landets fulde rett som frit og selvstændigt rike. Alle fremskridsfolk i Sogn støtter "Sogns Tidende", og mange dygtige mænd vil skrive i bladet."

Biografi

I boka Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane, 1814-1970, står denne personomtalen av Jens Kvåle:

Jens Hermundson Kvåle, fødd i Sogndal 10. oktober 1863, son åt bonde Hermund Nilsson Kvåle og Anna Ellingsdotter. Eksamen frå Stord lærarskule 1886, lærar i Sogndal frå 1887 til 1912, fem år i folkeskulen og 20 år i folkehøgskulen på Helgheim. Var frå 1896 redaktør og bladutgjevar, først av "Ungdom", så "Sygna" og frå 1903 venstrebladet "Sogns Tidend", alle tre på nynorsk. Frå 1905 var han også bonde på Kvåle. Var med i heradsstyre, skulestyre og forliksråd. Styremedlem i Sogn Ungdomslag og i Sogn og Fjordane venstrelag. Døydde 26. april 1949. Gift med Gjertine Skjeldestad, dotter åt bonde Baard Andersson Skjeldestad og Kari Perdersdotter.

Var [stortings-]representant frå Sogn og Fjordane 1931-1933. [Representerte Venstre].

Redaktør Jens Nedrehagen om Jens Kvåle

Redaktør i Fjordabladet, Jens Nedrehagen, skreiv eit stykke i bladet sitt 11. oktober 1938 i høve 75-årsdagen hans:

".. Jens Kvåle kann sjå attende på eit rikt arbeidsliv, [..] han har gjort ei stor livsgjerning, ikkje berre ei, men mange leider. Han har vore lærar, - og kven av elevane hans hugsar ikkje timane hans på folkehøgskulen? Han har radt frå ungdomen av vore bladstyrar, - og kven hugsar ikkje ungdomsbladi hans og Sogns Tidend fram gjennom åri? Han har i meir enn ein mannsalder vore bonde på ein av dei gildaste gardane i Sogndal, - og kven gløymer den velstelte garden og frukthagen hans, når dei har set han ein gong?

Jens Kvåle er òg original, i si rette meining av ordet. Han er seg sjølv i alt, han har sin eigen måte. Det hadde han som lærar, det har han havt som bladstyrar og bonde. Ei sterkt personleg form i alt han tok seg til. Og det er nett upp dette som gjer at alle som er komne i kontakt med han, set so stor pris på han."

Diktaren og jærbuen Torvald Tu heldt bladet

Sogn Tidend hadde tingarar i heile landet og endå vidare. Ein var jærbuen og diktaren Torvald Tu, busett i Mosberghagen i Klepp kommune. Torvald Tu må ha sakna Sogns Tidend då ho ikkje kom ut ei tid under nazi-styret under krigen. Han sende ei takkehelsing på vers straks ho var tilbake i mai 1945. Fyrste verset er slik:

Du kjære Sogns Tidend, så lever du enn
-å jau, det var gilt å sjå deg igjen,
-få deg att, etter år som er farne
Det har vore ei øydande, snøyande tid.
Gud skje takk me som folk no er berga og fri,
or det tvindlande trolltøkte garnet!

Sa frå ved særskilde høve

Regelmessige redaksjonelle leiarar var lenge fråverande i lokalavisene. Det var likevel ikkje det same som at redaktørane var tilbakehaldne med synspunkt. Tvert om, frå tid til anna tok dei føre seg saker og spørsmål, og kom fram med synspunkt og meiningar slik at ingen skulle vera i tvil. Redaktør Jens Kvåle kunne til dømes i 1927 ikkje dy seg etter at ordførar Mossige, Sogndal, i eit kommunestyremøte hadde hevda følgjande synspunkt: "Folk burde lesa mindre i aviser, det er for lett kost for folk."

Kvåle rykte no ut fordi han hadde høyrt det same frå andre, på bedehus, i kyrkja, jamvel i foredrag for ungdommen. Og synspunktet var ikkje nytt, slo bladstyraren fast. Det hadde alltid vore ein utbreidd konservativ tanke, som alltid hadde vore flittig brukt i "bakstrevet si teneste", - mot folkeopplysning, og mot fleire fag i folkeskulen (grunnskulen). "Eit folk utan upplysning og utan kjennskap til det som hende, var lettare aa styra for autoritetane," oppsummerte Jens Kvåle. "Folket skulle berre tru at autoritetane styrde for Vaar Herre. Punktum."

Kvåle lista opp fleire føremuner med aviser og avislesing, til dømes desse:

".. ei god avis gjev i mange maatar den beste og mest grundige upplysning og - uppseding. Fører tankane inn til samtale og dryfting i heimane og grendene, tankar som er uppe til ordskifte ute i bygdi, i landet og verdi."

".. bladi som no rekk upp i fjelldalane i landet, er med og gjer desse mindre avstengde. Bladi hjelper til at samfundet sine pulsslag under dei skiftande spursmaal slær like friskt der uppe som i byar og tjukkbygder."

Oppteken i avisa Sogn og Fjordane

I 1947 vart forlagsretten til Sogns Tidend kjøpt av avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, og oppteken i denne. Dermed var punktum sett for den 70 år gamle Sogns Tidend, den fyrste lokalavisa i Sogn.

kjelder:

Sogns Tidende/Sogns Tidend.Fleire nummer.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane, 1814-1970. Sandane 1973.
Norske bladmenn og norske blad. 1938.
Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950. Fylkesleksikon.

PERMANENT IDENTIFIKATOR