Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Årdal Koparverk



Ein junidag i 1700 var to årdalsbønder på reinsdyrjakt i fjellet mellom Seimsdalen og Fardalen. Oppe på Grøndalsfjellet, godt 1500 m o.h, la dei merke til noko stein som skilde seg ut frå steinen elles i fjellet. Dei hadde funne koparerts. Dette funnet vart opptakten til koparverket i Årdal. Med nokre avbrot var det gruvedrift i bygda fram til 1767.

Det einaste av om lag 70 koparverkshus i Årdal som står att. Huset står ved porten til Hydro Aluminium på Årdalstangen. Det er Årdal Sogelag som eig huset.

Det einaste av om lag 70 koparverkshus i Årdal som står att. Huset står ved porten til Hydro Aluminium på Årdalstangen. Det er Årdal Sogelag som eig huset.

Eigar: Jonny Asperheim.

Datering: 1995.

Fotograf: Jonny Asperheim.

Den fyrste tida

Dei fyrste åra var det mykje strid om kven som hadde rettane til å utvinna koparmalmen. I samsvar med tidas økonomiske prinsipp støtta kongemakta bergverksnæringa med store privilegium, og engasjerte seg og ofte direkte i drifta. Kong Fredrik 4. vart alt tidleg orientert om funna i Årdal, men valde då ikkje å gå i gang med bergverksdrift. Dermed låg alt ope for andre interessentar, som visestatthaldaren Friedrich von Gabel og politimeisteren i Bergen, Heinrich Blatt. I fleire år var det strid og rettssaker om retten til å driva gruvene i Årdal. Drift pågjekk likevel medan dei krangla, og i 1707 var det såleis heilårsdrift med om lag 60 mann.

Kongen tek over

Siste helvta av 1600-talet var bergverksdrift blitt ei ny og viktig næring i landet. Alt under Kristian IV (1588-1648) hadde dei danske styresmaktene synt stor interesse for å utnytta ressursane i dei norske fjella, og fleire nye bergverk vart sett i gang.
Skipinga av verket i Årdal må sjåast i samanheng med denne store interessa for å få i gang bergverksdrift. Kong Fredrik følgde nøye med i utviklinga i Årdal, og vart serleg interessert i 1705, då det vart funne spor av gull i malmen. Funn av gull og sølv vart sett på som 'kongeleg regale'. Ein kommisjon vurderte gullfunna i Årdal som lovande, og det enda med at kongen kjøpte alle rettane og overtok bergverket for 37 631 riksdalar i 1708. Då var 5 gruver i drift i Årdals-fjella. Høgste gruva låg på 1510 meter over havet. Det vart no drift i gruvene mest samanhengande fram til 1734.

Folk frå heile landet

Folk frå mange kantar av landet kom til Årdal desse åra. I eit manntal frå 1714 finn vi 39 arbeidarar ved verket. Arbeidsstokken låg elles jamnt kring 50-60. Av dei 39 i 1714 er 3 understigarar, 28 sprengarar, 4 kolbrennararar og 4 dagarbeidarar. Få årdøler deltok i gruvearbeidet. Berre 4 av arbeidarane i 1714 var fødde i Årdal. Elles var det fleire frå Røros, truleg slike som hadde arbeidd på koparverket der.

Konfliktar med bønder og allmuge

Bøndene hadde før hatt fridom til å selja tømmer og ved til kven dei ville. No vart dei tvungne til å levera til verket, til prisar ofte fastsett av overbergamtet. Dermed vart det eit stort inngrep i bøndene sin råderett over eigen eigedom. Garden Midtun vart såleis overteken av kongen. Bøndene i Årdal merka elles verket sine privilegium på ymse vis. Dei vart mellom anna pålagde å køyra ned malm frå fjellet, noko dei var lite viljuge til. I ein resolusjon i 1720 slo kongen fast at koparverket hadde einerett til å nytta alle skogane i Årdal, mellom anna til setteved. Vanleg tømmerhogst og sagbruksdrift vart ikkje lenger tillatt.
Bøndene i Øvstetun, Hestetun og Øyri skreiv i 1720 klagebrev til kongen om den skade husdyra til verksarbeidarane gjorde på gardane deira. Det var skadar på beite, lauvskog og risskog. Bøndene klaga og over at vegar og stigar vart øydelagde.

'Cirkumferensen' omfatta fleire bygdelag

Ikkje berre bøndene i Årdal vart råka, verket sin cirkumferens (interesseområde) strekte seg over det meste av Indre Sogn. Berre bøndene i Jostedalen, Borgund og Aurland tykkjest å ha fått fritak for malmkøyringa. Bøndene fekk ulik godtgjersle for køyringa, alt etter kvar dei budde. Ofte kom det til konfliktar om betalinga, men bøndene måtte bøya seg for kongelege reskript om køyring og prisar.

Bøndene vart og pressa til å levera setteved og trekol til verket. Her og var det mykje strid om betalinga, men stort sett vann verket fram med krava sine, ved å visa til at bøndene måtte lyda kongen sin vilje. Skogar i Luster, Lærdal, Sogndal og Kaupanger vart underlagt verket for levering av trekol. Bøndene her fekk likevel lov i å driva sagbruksdrift.

Fyll og slagsmål

Bergverksarbeidarane vart, i motsetnad til bøndene, stilt utanfor det ordinære rettsapparatet. Diverre er rettsprotokollane til verket komne bort, så vi veit ikkje korleis rettstilhøva var. Større saker, som drap, vart likevel handsama av dei sivile domstolane. Vi kjenner til fleire slike drap. Fyll og slagsmål var ikkje uvanleg mellom arbeidarane. I 1720 sette 4 arbeidarkoner fram ei klage over tilhøva. Her eit utdrag av klagen:

"Vi undertegnede fattige bergarbeideres kvinder her ved Årdals kobberverk er høyligen nødsaget at beklage os for de høye og velædle herrer, hvorledes en del løse kvindepersoner kommer strippendes fra Bergen og her ind til stedet med adskillig høkkeri. Fornemmelig er drikkevarer såsom brendevin det meste, de med sig bringer. Hvormed de lokker og forfører vore fattige mænd som på verket arbeider at komme ind til dennem i deres hytter og huler at smage og prøve en tår av deres kostelige vine, de haver bragt med sig fra byen."

Drifta av koparverket

Kva avkasting gav så gruvedrifta. Mest ingenting. I dei åra kongen åtte gruvene, frå 1708 til 1732, vart det produsert 680 skippund kopar, som gjev eit årssnitt på ca. 30 skippund. Det var det dårlegaste av samtlege koparverk i Noreg. Tek vi med kjøpesummen, kom dei offentlege tilskota opp i kring 110 000 dalar desse 24 åra. Drifta hadde såleis gått med dundrande underskot, og i 1734 vart drifta innstilt. Eit nytt selskap tok opp drift av gruvene i perioden 1756-1762, med nye 13 000 dalar i tap. Så var det slutt med kopareventyret i Årdal, og eignelutene vart selde på auksjon.

 

Koparverket sette varige spor

Koparverksdrifta påverka Årdals-samfunnet på mange område. Store skogsområde vart nedhogne. I bygda vart det bygt opp eit lite gruvesamfunn, ikkje mindre enn 70 koparverkshus, med store og små, vart bygde på fjellet, i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Eitt står att i dag. Fyrste helvta av 1700-talet var koparverket det store samtaleemnet i bygda. Verket førte til kontakt mellom eit isolert bygdesamfunn og utanomverda. Impulsane var mange, både positive og negative. Mange kom til bygda, mange drog derifrå, også årdøler. I eit manntal i Kongsberg finn vi på 1730-talet mange årdøler med arbeid i sølvgruvene. Mange innflytte gifte seg i Årdal, og fleire namnetradisjonar og slekter kan førast attende til gruvetida. Då alt stilna av i slutten av 1760-åra, og gruvearbeidarane var farne, hadde folketalet i bygda auka til over 600, frå kring 440 i 1701.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Johannessen, Finn Erhard: Årdal Kobberverk. En industribedrift i et før-industrielt samfunn 1708 - 1734. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, 1983.
Johannessen, Finn Erhard: Årdal Kobberverk, et bergverk mellom himmel og hav. Årbok for Sogn, Historielaget for Sogn, Sogndal 1987.
Ve, Søren: Koparverket. Bygdebok for Årdal. Band I, s. 384 - 496. Årdal 1971.
Natvik, Oddvar: Glimt frå ei gruvetid. Årdal og koparverket. Jol i Sogn, s. 19-21. Leikanger 1995.
Bagge, Sverre/Mykland, Knut: Norge i dansketiden. Cappelen. Oslo 1987.
Johannessen, Finn Erhard: Natur og kultur ved Årdal kobberverk tidlig på 1700-tallet. Norsk Bergverkmuseum, Skrift nr. 6. Kongsberg 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR