Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautasteinen på Nybø



Leikanger har tre bautasteinar frå førhistorisk tid. Dei står langs sjøen på gardane Hamre, Husabø og Nybø (Fylkesmannsgarden). Steinen på Nybø er truleg den best kjende ved at han står på den mest brukte badeplassen i bygda.

<p>Bautasteinen ved Fylkesmannsgarden vart p&aring; 1900-talet flytta to gonger. No st&aring;r han p&aring; ei flate nedmed sj&oslash;en, omlag 100 meter vest for bygningane.</p>

Bautasteinen ved Fylkesmannsgarden vart på 1900-talet flytta to gonger. No står han på ei flate nedmed sjøen, omlag 100 meter vest for bygningane.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Flytta frå opphavleg plass

Bautasteinen på Nybø står vel 100 m vest for bygningane i Fylkesmannsgarden, snaue 10 meter frå stranda. Han er 5 m høg, 0,65 m brei og 0,25 m tjukk. Det er spor etter avslag somme stader på sidene, men det er ikkje funne spor av innskrift av noko slag. På 1900-talet vart steinen flytta to gonger i samband med utviding av vegen. Fyrst vart han flytta ovanom vegen frå den opphavlege plassen nokre meter lenger nede i den nye vegtraseen, men seinare ved ny vegutviding nedover att, til flata ved sjøen der han står no.

Fornfunn og utgraving

Etter at det ved vegarbeid i 1941 kom for dagen ei ravperle i nedrausa jord, føretok arkeolog Per Fett utgravingar ved steinen. Han fann fleire graver. Omlag 5-6 meter ovanfor steinen vart funne ei 0,5 m lang hellekiste, truleg ei barnegrav frå eldre jernalder. Tett attmed vart funne ei 1,5 m lang mannsgrav frå same perioden. Eit stykke nedanfor, i nedre del av vegfundamentet, vart det funne eit beisel frå yngre jernalder.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H.: Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Leikanger 1965.

PERMANENT IDENTIFIKATOR