Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 13. mars 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Harald Langø – var med i illegalt arbeid og Shetlandsfarten



«på alle måtar ein staut sjømann og ein kjernekar. So mang ei fårefull ferd har han hatt på sjøen, i all slags vêr og i mine-fårlege distrikt. Då gjekk det v e l. Men no var ulukka ute, i stille vêr, og like utafor stovedøri» (Firda Folkeblad, Florø, 8. februar 1946.)

Harald Langø, sjømann, Bremanger. Fødd 1. september 1901 i Kinn, son til Samson Madsen og Emilie, begge frå Kinn. Gift først på 1930-talet med Oddny Andersdotter Sørbotten. 2 born. Var med i illegalt arbeid og blei våren 1944 ettersøkt av Gestapo. Heldt seg gøymt i ei jordgamme i Botnane til november 1944. Vart henta av norsk MTB og teken over til Storbritannia. Kom med i Shetlandsfarten. Kvartermeister i Den norske marine. Dimitert 1946. Omkom ved drukning i Botnane 4. februar 1946. Krigsmedalja post mortem.

Harald Langø, sjømann, Bremanger. Fødd 1. september 1901 i Kinn, son til Samson Madsen og Emilie, begge frå Kinn. Gift først på 1930-talet med Oddny Andersdotter Sørbotten. 2 born. Var med i illegalt arbeid og blei våren 1944 ettersøkt av Gestapo. Heldt seg gøymt i ei jordgamme i Botnane til november 1944. Vart henta av norsk MTB og teken over til Storbritannia. Kom med i Shetlandsfarten. Kvartermeister i Den norske marine. Dimitert 1946. Omkom ved drukning i Botnane 4. februar 1946. Krigsmedalja post mortem.

Eigar: Ståle Sørbotten

Datering: 1945-1946

Fotograf: Ukjent

Frå Batalden til Botnane

Harald Langø var fødd i Batalden 1. september 1901, i dåverande Kinn herad. Han gifte seg først på 1930-talet med Oddny Sørbotten, dotter til Anders og Anna Sørbotten på bnr. 5 i Sørbotten. Dei fekk to born, Harald (1935-2004) og Oddvar Villy (1937-1975). Den første tida etter giftarmålet budde dei i Bergen, før dei flytte til Botnane, der dei leigde eit rom hos Olav og Birgit Sande på bnr. 7 i Nordbotten (gardsbruket Sletten).

Sjømann

Harald Langø var sjømann i innanriksfart. Han var skipper på motorkutteren «Roald» som trafikkerte Vestlandskysten, stort sett mellom Bergen og Trondheim. Det var ei frakteskute på ca 70 fot og med ein 50 HK Wichmann-motor i.

Frakta etterlyste personar

I krigsåra vart Harald Langø infiltrert i illegalt arbeid som i det vesentlege gjekk ut på å frakte personar som var etterlyste. Det var visstnok laga eit hemmeleg rom i tilknytning til styrehuset der desse kunne halde seg i skjul.

«forundra»

Han stansa av og til i Botnane når han for forbi for å sjå til kona, Oddny og dei to sønene, Harald og Villy. Då hende det han tok med seg flyktningane på land og. Dei gjekk forbi huset vårt, og eg minnest eg var forundra over kor stort mannskap det var bruk for om bord. I ettertid skjønte eg at det nok ikkje var ordinert mannskap alle desse, men ein del personar som var på flukt. Han var vel kanskje litt uforsiktig der, utan at eg trur nokon i bygda ville melde det.

Oppdaga og ettersøkt

Trafikken hans vart i alle høve oppdaga. Tidleg ein morgon, våren 1944, kom Gestapo og skulle hente han. Dei dundra først på døra til Borgar Sletten på nabobruket vårt. Han kom ut i døra i berre underbukse og ei rød topphue på hovudet. Gestapo spurde etter Harald Langø. Borgar svara at han budde ikkje her, men i huset utanfor. Gestapo-offiseren helste stutt og sa «Sov videre, mann» og gjekk. Harald Langø var heldigvis ikkje heime, men Oddny måtte stå i berre ei nattrøye og forklare seg.

Gøymde seg i torvgamme

Harald Langø var varsla om at han var ettersøkt og hadde forlete «Roald» i Trondheim. Der reiste han nedover kysten med ein annan båt frå same rederiet som sette han i land i Botnane. Han søkte tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten. Han og sonen, Arne, bygde ei jordgamme oppe i utmarka og der låg han til seinhaustes 1944. Oddbjørg, dottera til Thorbjørn, som då var 16 år, hadde som oppgåve å bere mat opp til han. Dei hadde avtale om tid og ein stad maten kunne settast dersom Harald ikkje alt var komen ned.

«kunne ikkje forstå kvifor»

Elles var han ein god del nede på garden. Han lånte ei trøye som Thorbjørn brukte for å vere mest mogeleg lik han. Nabokona Ragna, syster til Thorbjørn, såg Harald Langø i denne trøya ein kveld ho var ute og såg etter kyrne og trudde det var Thorbjørn. Ho ropa til han, og spurde om han hadde sett kyrne, men Harald svara ikkje. Han gjekk berre vidare utan å snu seg. Seinare klaga ho seg til Arne. Ho kunne ikkje forstå kvifor Thorbjørn var so sint på ho, at han ikkje kunne svare henne. Arne hadde svara at faren plagdes med nokre grabukkar som han ikkje fekk tak i. Han var sikkert so oppkava med det at han hadde ikkje høyrt ho.

Til Shetland og heimatt

I slutten av november [1944] kom det ein MTB frå Shetland inn i Frøysjøen og henta Harald. Thorbjørn Øvrebotten sa seinare han trudde opphaldet i jordgamma tok hardt på Harald Langø, så det var ei lette for han å få koma over til England. Seinare under krigen gjorde han teneste som los og kjentmann i Shetlandstrafikken. Han vart dimitert frå marinen tidleg på året 1946.

Omkom i drukningsulukke

Den 4. februar 1946 skulle Harald Langø, 45 år, hente ved hos Thorbjørn Øvrebotten i Øvrebotten. Han lasta veden om bord i ein liten motorbåt han hadde fordi det ikkje var køyreveg frå gardane i Øvrebotten og til Nordbotten.

På veg ut Pollen rann båten full av sjø og sokk. Det kom raskt folk til, men Harald Langø omkom. Dei fekk han på land og dreiv med opplivingsforsøk, men til fånyttes. Kona Oddny var alltid redd for at han skulle hamne i sjøen fordi han hadde så lett for å få krampe. Yngste sonen Villy på 9 år som var med, vart berga.

 

Åleine med to småborn

Så melde det seg eit spørsmål om kva dei skulle gjere med liket. Oddny budde på eitt rom med borna så der kunne ein ikkje ha det ståande. Det enda med at det vart bore ut og lagt i «beststova» vår, ei stove som vanlegvis ikkje var i bruk. Eg ser enno for meg kona Oddny, 35 år då, farsystra mi, sat inn med omnen i kjøkkenet vårt og storgret etterpå. Eg, som var vel 10 år, kunne ikkje forstå at vaksne folk kunne sitje å gråte slik. I vaksen alder har eg skjøna at ho hadde god grunn til å gråte. Ho var åleine igjen med to mindreårige born, åtte ingen ting og budde til leige på eitt rom, så situasjonen var alt anna enn lys.

Bygdefolket slo ring om familien

Det var ei ulukke som slo hardt ned i bygda. Men bygdefolket slo ring om Oddny og sønene hennar. Det vart ordna slik at ho fekk frådelt ei tomt i ein utmarksteig som faren hadde i Sørbotten. Bygdefolket grov ut og støypte grunnmur. Ved god hjelp av lensmann Monsen i Bremanger fekk Oddny overta ei sokalla «tyskarbrakke» ute i Berle på Bremangerlandet. Folk frå Botnane reiste til Berle, reiv brakka og førde materialane inn til Botnane. Der vart ho sett opp på grunnmuren som alt var reist. Dermed kunne enkja etter Harald Langø i alle høve flytte inn i eige hus. Likevel var vel ikkje alle sorgene sløkt for Oddny, men det er ei anna soge. Men ho klarte seg, og døydde i 2007, 96 år gamal.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda Folkeblad 08.02.1946


Folketeljing 1910. Kinn kommune


Kyrkjebøker Kinn sokneprestembete


Wikipedia : Krigsmedaljen

PERMANENT IDENTIFIKATOR