Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kanalplanar i Årdal



Mot slutten av 1800-talet vart det lagt planar for å byggja ei båtrenne i Hæreidselvi i Årdal. Målet var å få dampskip til å gå opp elva, frå Sognefjorden til Øvre Årdal.

Hæreidselvi har til tider stor vassføring, og ho var såleis ei vanskeleg transportåre. Ein kanal ville ha letta transporten frå sjøen opp til Øvre Årdal slik at ein slapp omlasting fleire gonger. Her ser vi Hæreidselvi i 1930-åra.

Hæreidselvi har til tider stor vassføring, og ho var såleis ei vanskeleg transportåre. Ein kanal ville ha letta transporten frå sjøen opp til Øvre Årdal slik at ein slapp omlasting fleire gonger. Her ser vi Hæreidselvi i 1930-åra.

Eigar: Einar Helgesen. Fylkesarkivet SFFf-1996078.0001

Datering: 1918

Fotograf: Erik Hæreid

Kanal

Før vegane kom til bygda, var Hæreidselva brukt som ferdselsåre mellom fjorden og vatnet. Over vatnet til Vassbygda vart det brukt robåtar. Elva vart og nytta til fløyting av tømmer. Ein gamal veg gjekk frå Årdalstangen opp til Årdalsvatnet, men vegen var i heller dårleg forfatning, og ".. er kun til Nød fremkommelig som kjørevei og bliver i almindelighed også kun anvendt som kløvvei", heiter det i ei utgreiing frå ingeniør Riis, som arbeidde hjå Kanaldirektøren, i 1863. Riis hadde i opprag å arbeida ut planar og konstnadsoverslag for "Hæreidselvens Farbargjørelse". Elvelaupet er 1350 m langt. Årsaka til kanalplanane var at det budde flest folk i Øvre Årdal, og difor var det naudsynt å gi dei betre framkomst til fjorden. Dei trong og elva til tømmerfløyting. Kravet om ein kanal hadde og vore reist på 1700-talet då det var gruvedrift i Årdal.

Kanalen blir bygd

I desember1868 byrja arbeidet med oppreinskinga av elva. Ei renne som var seks fot med to fot sideskråning vart opparbeidd på sørsida av elva. Dei hadde handmuddermaskiner til hjelp i arbeidet. Men arbeidet var ikkje heilt enkelt, for det var vanskeleg å få vekk store steinar og hindra att skråningane rasa ut. Kostnaden på 1300 spesidalar vart delt mellom staten, kommunen og fylket. Fylkesmann Falsen sa om kanalen: "Den foreslaaede farbargjørelse - vil erstatten en bygdevei over Eidet mellem Aardalsvandet og sjøen. (-) Bevilget i betragtning af, at dette formentlig er den eneste bevilgning, hvormed der er anledning til at bidrage til kommunikasjonsvæsenet inden Aardals herred." Båtrenna låg på Hæreids-sida, og med i planen var óg at det skulle opparbeidast ein veg langs elva til å dra båtane.

Kanalvesenet har store planar

I 1880-åra kom tanken opp om ein køyreveg mellom Årdal og Valdres. Truleg kom ideen om ein skikkeleg kanal opp Hæreidselva då. Den gamle båtrenna var for dårleg. Seinare planar om kraftutbygging i Årdal var med på å forsterka kravet om ein brei kanal der dampskip kunne gå opp elva og til Øvre Årdal. Årdalstangen hadde då fått damskipsstopp. Ingeniør P. Klem fekk i oppdrag av vegdirektør Hans Krag å arbeida ut plan og kostnadsoverslag for ein kanal. Klem utarbeidde to alternativ; det eine med ein 7 m brei og 3 m djup kanal, det andre var ein kanal med 10 m breidd og 4 m djupn.

Kanalprosjektet skapte strid i bygda

Folk i Øvre Årdal hadde sjølvsagt stor interesse av kanalprosjektet. Då konsesjon vart gitt til Norsk Hydro for kraftutbygging, styrka dette kanaliseringsplanane. I 1914 vart det sendt eit skriv frå Øvre Årdal til Arbeidsdepartementet med krav om å få spørsmålet teke opp og få til eit samarbeid med Norsk Hydro. Frå Årdalstangen derimot vart det sendt eit protestskriv mot kanalisering i 1914. Planane var då så langt komne at dei ansvarlege hadde kontakt med eit tysk firma som skulle utføra målingar og undersøkingar.

Økonomiske nedgangstider

Trua på kanalprosjektet levde så seint som i 1919, for i trafikkplanen frå fylket av same året, vart det igjen uttrykt eit ønskje om kanalisering, slik at større dampskip kunne komma til Øvre Årdal. Grunngivinga var klar: Betre samband med utanverda og ein plan for å få til best mogeleg transport for Norsk Hydro, som då hadde byrja arbeidet med transportliner. Men protestane frå Årdalstangen og økonomiske nedgangstider etter første verdskrigen minka interessa for kanalen, særleg då planane om storindustri i Årdal let venta på seg.

Kanalisering i Noreg

Var kanaliseringa av Hæreidselvi berre tankespinn utan rot i røynda? I land som Nederland, Tyskland, USA og Russland har kanaltransporten hatt ei viktig rolle i samferdsla - og har det framleis. På 1850-talet var det og fleire kanalbyggingsprosjekt i gang i Noreg. Å nytta vassvegane ville vera ein naturleg måte å fremja norsk samferdsle på. Men etter kvart som jernbanebygginga kom i gang mot slutten av 1800-talet, og bilen gjorde sitt inntog, minka interessa for vassvegane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ve, Søren (red.):Bygdebok for Årdal. Bind I. Årdal Sogelag 1971.
Nielsen, Yngvar: Reisehaandbog over Norge. ALB. Cammermeyers Forlag 1879.

PERMANENT IDENTIFIKATOR