Dette er ein oversiktartikkel over den første skjønnlitterære litteraturen på nynorsk som var skrivne av forfattarar frå Sogn og Fjordane. For at me skal rekna litteratur som heimehøyrande i Sogn og Fjordane, har me sett som krav av forfattaren er fødd eller har budd i fylket. Me har konsentrert oss om dei fem første bøkene. Nedanfor følgjer ei kort omtale av kvar av forfattarane og bøkene. Deretter kva som kjenneteiknar den første skjønnlitteraturen på nynorsk frå Sogn og Fjordane og kva forfattarane ønskte å formidla. Det er knytt meir utdjupande artiklar om kvar av bøkene som vert omtalt i denne artikkelen ( sjå lenkjer nedanfor).
Henrik Krohn (1826-1879) ; Smaakvæde (1867)
Henrik Krohn skreiv den første skjønnlitterære boka på nynorsk frå Sogn og Fjordane. Han budde i Sogn frå 1858 til 1879 og var ein ivrig forkjempar for nynorsk og skipa av mållaget Vestmannalaget.
Smaakvede av Henrik Krohn er ei diktsamling inneheld episke dikt som Futarspranget , stemningsdikt og høvesdikt som "nasjonalsongen" Mitt Heimlang og hyllingsdikt til andre målmenn som Ivar Åsen. Dikta syner at natur og landskap i Sogn har vore ei viktig inspirasjonskjelde.
Olav Sande (1850-1927) ; Fraa Sogn (1887)
Olav Sande kom opphavleg frå Sande på sørsida av i Høyanger kommune, men budde mesteparten av sitt liv på Leikanger i Sogn. Olav Sande var lærar, men var også aktiv som diktar og komponist. I tillegg til dette reista han rundt i Sogn og samla segner. Dette resulterte i to bøker som saman utgjer bokverket Fraa Sogn. I hovudsak er det segner me finn i bøkene som mytiske segner, opphavssegner og kjende historiske segner som Jostedalsrjupa. Dessutan er det også dikt og tonar av Sande sjølv.
Henrik Angell (1861-1922); Svartfjellsønerne (1889)
Henrik Angell vaks opp i Luster i Sogn. Han var kjend for nasjonalisme og militær entusiasme. Dessutan var han svært ivrig på ski og har fått æra for å føra skisporten til Montenegro.
Montenegro og fjellfolket Svartfjellsønerne si soge tilbake til 1360 i kampen mot tyrkarane. Han dreg fram kampevnene og ønskjer at nordmenn skal læra av fjellfolket si historie. Boka har heilt klart eit nasjonalistisk element og var ei populær bok då den kom ut.
Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) ; Smaoe Skjeldringa ( 1897)
Bolette C. Pavels Larsen vaks opp i Sogndal. Heile sitt vaksne liv budde ho i Bergen, der ho var ein sentral litterær personlegdom. Ho var ei engasjert målkvinne og bles liv i Vestmannalaget då det låg i dvale på i byrjinga av 1880 åra. Pavels hadde ein forkjærleik for Sogn, noko som kjem til utrykk i bokaSmaoe skjeldringa både innhaldsmessig og språkleg. Boka er samansett av åtte noveller som på ein humørfylt og finurleg måte skildrar kvardagslivet i Sognebygdene.
Sigurd Eldegard (1866-1950); Fossegrimen (1901)
Skodespelaren og forfattaren Sigurd Eldegard kom frå Årdal i Sogn. Frå 1891 arbeidde han på fleire ulike teater. Med skodespeletFossegrimen bidrog Eldegard til at nynorsk fekk ein plass i norsk teater.Fossegrimen er ei av dei mest kjende av dei første bøkene på nynorsk, noko som har samanheng med den suksessfulle oppføringa på Nationaltheatret i 1905. Den byggjer på myta om Myllarguten, og ein får soleis møta norsk folketru og natur.
Varierte framstillingar med felles tema
Dei fem forfattarane sitt felles samfunnsengasjement kjem til syne ved at bøkene legg vekt på stemning, fantasi, kjensler, natur og folkeliv. Dette er tema me kjenner frå romantikken og som på vart kopla saman med nasjonalismen som stod sterkt på den tida bøkene vart skrivne. Litteraturen varierer likevel i innhald og framstilling. Om stilen i bøkene er ulik, har bøkene til felles at dei fortel om kulturen på 1800 talet og om tida dei var skrivne i. Ein møter også den norske kvardagskulturen, dei fortel oss om korleis folk levde og tenkte på 1800-talet.
Nasjonalromantisk tradisjon
Litteraturen avspeglar soleis utviklingstrekka i Noreg på 1800 talet. I 1814 hadde Noreg fått si eiga grunnlov. Landet var frigjort frå Danmark, men kom i union med Sverige. Nasjonalisme og ønskje om sjølvstende førte då fram til Nasjonalromantikken som hadde si hovudtyngd i åra 1840 - 1867. Særleg er detFossegrimen, Svartfjellsønerne , Smaoe Skjeldringar og Smaakvæde som høyrer heime i den nasjonalromantiske tradisjonen. Bøkene er skrivne etter nasjonalromantikken sitt tyngdepunkt, men dette kan ha hatt samanheng med at målsaka og kampen for unionsoppløysing har skapt eit behov eller eit ønskje om å skrive denne type litteratur.
Vitskapleg arbeid
Olav Sande si bok er i nasjonalromantikken si ånd i det han skriv og ved at han knyter førestillingar frå eiga tid saman med førestillingar frå middelalderen. I tillegg plasserer det arbeidet Olav Sande gjorde med innsamlinga og nedskriving av munnleg tradisjon frå Sogn, han i rekkja av samlarar som Asbjørnsen og Moe, Ivar Aasen og Eilert Sunt. Dei vert gjerne kalla nasjonalrealistar ved at dei tok bygde- og folkekulturen på alvor og la fundamentet for folkeminnegransking og etnologien i Noreg.