Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ommedalsstøylen



Ommedalsstøylen ligg ovanfor tuna ved Tverrelva ca. 550 m o.h., og høyrer til bruka på Ommedal, gnr. 18. Støylsbøen er romsleg og graskledd og med opne, fine beitemarker omkring. Husa ligg delvis på rekke og delvis meir spreidde. Ommedalsstøylen er framleis i aktiv bruk. Etter at det i 2006 blei bygd veg fram til støylen, har der vore mykje aktivitet, og driftsbygningane er blitt fornya.

På Ommedalsstølen er det framleis aktiv stølsdrift.  Ein føresetnad for drifta er at mjølka kan hentast med tankbil på stølen.

På Ommedalsstølen er det framleis aktiv stølsdrift. Ein føresetnad for drifta er at mjølka kan hentast med tankbil på stølen.

Eigar: Fylkesatlas Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Sivert Jan Ommedal

Rasmus Ommedal fortel

«I gamle dager var det også geiter på stølen. Desse stod i eiga avdeling i fjøset eller i eigne fjøs. Fram til slutten av 1950-talet var her 8 bruk som støla med omlag 60 dyr, derav 45 mjølkekyr.
Frå gamalt av var det vanleg å vere på stølen ca 9 veker, frå slutten av juni til byrjinga av september. I dei seinare åra har det vore ein stølsbolk på 5-6 veker frå eit stykke ut i juli.

Mjølkinga var sjølvsagt frå gamalt handmjølking. I samband med bygging av nytt fjøs på 1970-talet, laga Rasmusane det til slik at dei fekk mjølke ved hjelp av vasskraft. Trykkvatn frå stølselva dreiv ei vakuumpumpe via ein turbin. Gjennom eit nedgrave røyr vart det nok vakum til å drive ei spannmaskin. Dette var både folk og fe vane med frå heimefjøset».

Av eldre tiders drift og skikkar nemner Rasmus at tredje kvar dag beitte alle buskapane i Tverrkupene sør for Stølsdalen. Dyra måtte jagast på stiar med svaberg og stelle som gjorde det litt vanskeleg å kome fram. Kyrne stod ofte ei stund og kvidde seg før dei tok fat på nedstiginga til Stølsdalen. Beitet var halde for å vere betre i Tverrkupene enn i Stølsdalen, så dei gamle budeiene meinte dei kunne sjå det i bytta dei dagane kyrne hadde vore der.
Fram til 1950-talet var det skikken at alle bruka laga til stølsgjestebod ein søndag i stølsbolken. Då reiste alle heime på garden til støls og bad med seg slekt og kjenningar. Ein slik dag kunne det vere 40 - 60 personar på stølen. Maten var produsert på stølen: rømask, rømmegraut, smør, brim og ostar av fleire slag. Om ettermiddagen samlast dei på ein stad ovanfor sela som den dag i dag heiter "Vaniljehogjen", der ein av brukarane las teksten for dagen. Gjestene gjekk nedatt søndag kveld.

Tilkomst

Å kome seg til Ommedalsstøylen, har alltid vore ei oppleving. Før bilvegen kom, gjekk ein den bratte og svingete støylsråsa. No har den imponerande bilvegen blitt ein ny attraksjon.
Den gamle støylsråsa, som slynga seg langs kanten av elvegjølet, var tung og bratt. Buferda var krevjande både for folk og fe. Fram gjennom åra var her både uhell og nesten-uhell. Dyra var ikkje komne langt opp i råsa før dei byrja å verte trøytte. Då kunne dei finne på å bråsnu nedatt, eller å stikke seg ut av råsa, så dei som jaga måtte vere fullt konsentrerte heile tida. Dei tunge NRF-dyra kunne bli så utmatta at dei la seg føre, så ein måtte ikkje jage dyra for hardt. Dei eldste dyra skjøna kor vegen bar. Motivasjonen auka dess lenger opp dei kom, og dei henta fram skjulte krefter. Ved «Vesleelva» blei det slakare terreng. Dyra kunne drikke, og så beita dei seg gjerne vidare oppover mot støylen sjølve.

 

Veg til støylen

Brukarane tok til å fantasere om å byggje støylsveg, delvis på grunn av utfordringane med buferda, men også for å halde bygningane på støylen ved like. «Dei gamle» ville nok meint at veg til støyls var heilt utenkjeleg. Men framover 1980- og -90-talet, byrja brukarane å sjå på det som realistisk å få bygd veg, og draumen blei etter kvart ein realitet.
Fyrste byggjetrinn vart starta opp i 1999. Vegen vart avslutta i «Gamlesætra. Frå parkeringsplassen var det slakt terreng vidare oppover, og det tok berre om lag eit kvarter å gå. Dette var til god hjelp for å få dyra til støyls. Men når brukarane allereie hadde lagt så mykje ressursar i å få vegen bygd, ville dei etter kvart også føre vegen fram den siste stubben. I 2006 blei det bana veg vidare, og i 2008 var vegen ferdig.
Bygningane
Tømmer til dei gamle bygningane kom frå Gjengedal, for i Ommedal vaks det ikkje barskog. Etter ein gamal avtale fekk bruka i Ommedal tømmer frå kvar sine bruk i Gjengedal. Bygningane på støylen blei haldne godt ved like, også før vegen blei bygd.

Sela

Budeiene som støyla i gamle dagar, budde i eit sel på om lag tre gonger tre meter. No har dei bruka som støylar, bygt på eit rom i tillegg til innselet, slik at born og vaksne har betre plass. Dette har blitt gjort på ein slik måte at bygningstradisjonane på Ommedalsstøylen i stor grad er haldne ved like. Utselet er mellom dei to opphaldsromma, med inngang om lag midt på langveggen. Sela har fått utstyr som propandrivne kokeapparat og kjøleskap.

Fjøsane

Tre av bruka bygde nye fjøsar i 1970-åra. Då Rasmusane og Larsane skulle byggje fjøsar i 1977 -78, belta dei traktor over fjellet frå Gjengedal. Enkelte stader måtte traktoren vinsjast fram. Det blei brukt snøscooter (over fjellet) og helikopter for å få fram materialar.

I 2009 byrja enno ein ny epoke på støylen. Mjølketankbilen køyrde for fyrste gong til støyls, og levering av smør tok slutt. Dei fyrste åra etter at vegen var ferdig bygde to av bruka nye fjøsar. Etter kvart har det kome både tankrom og røyrmjølkeanlegg i fjøsane. Med trong for straum til vakuumpumpe, mjølketank og varmtvatn, blei det naturleg at tre av bruka gjekk i lag om eit lyddempa straumaggregat.

«Dagmar» og sørpeskredet

Jula 2011 gjorde uvêret «Dagmar» stor skade på vestlandet. Andre juledag blei sju bygningar, om lag halva av den totale bygningsmassen på støylen, totalskadd av eit sørpeskred. Skredet tok også støylsbrua. Myrsletta ovanfor Storehøgjen hadde demt seg opp av snø og regn, og demma kollapsa på grunn av eit lite skred frå Breidalsstegane.
Sommaren 2012 var geologar på plass for å kartleggje skredfaren. Nokre soner rundt den gamle støylsvollen blei rekna som trygge. Hausten 2013 byrja oppattbygginga.

Nokre fakta

I 2010 var det 92 storfè på støylen. Fire bruk støyla, og to bruk hadde dyr «på laust». I tillegg hadde eit bruk sauer på fjellet.

Ved utbaning av veg på støylen blei det funne restar av ei furu som vart datert til å vere 7500 år gamal. Dette vitna om at det i tidlegare tider vaks stor skog i området.
Ommedal, gard nr. 18, hadde 6 bruk i 1890. 48 menneske budde på garden i 1865. Folketalet hadde auka til 90 personar i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 197. Sandane 1988.
Informasjon frå: Rasmus Ommedal, Gloppen
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR