Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krotingsberget ved Korshaugvatnet



Midt i stien mot Hatleimsstølane på nordvestsida av Korshaugvatnet er det krota inn krossar, initialar og årstal i det blaute berget.

Stølane ved Korshaugvatnet

Ovafor nordre enden av Korshaugvatnet låg Hatlemsstølane. Tre av bruka på garden Ytrehatleim hadde stølane sine der, i felles utmark. No er det lite att av stølshusa. Eit snøras kring. 1970 sopte vekk bygningane. Men ein del hustufter ligg att i terrenget. Og lengst mot nord reiser ein høg steinmur seg. Det er muren etter gardfloren på bruk 4/5 Runnane - i seg sjølv eit fint kulturminne.
Det var bruka 1, 4/5 og 6/7 som hadde stølane sine i nordre enden av vatnet, medan bruka 2 og 3 på Ytrehatleim hadde støl på austsida.

Krotingsberget i stølsstien

Korshaugvatnet ligg på 330 meters høgd. Det er mykje bratt lende opp mot vatnet, noko m.a. stadnamnet Kleivane kan tyda på. I den vestvende vassenden er det laga til ei lita demning, lokalt kalla Dyttingen. Frå Dyttingen går det ein sti fram til stølstuftene i nordre enden av vatnet. I ein bergnakke midt i stien, berre 60-70 m frå vassenden og 10 m frå vasskanten, ser ein ulike krotingar i berget. Nokre krossar viser godt att. Elles finn ein initialar og årstal. Det eldste årstalet ser ut til å vera 1840 i lag med initialane SD. Andre døme er ASM 1894, AHH 1916, MH 1916. Ved ein innrita kross står KH 1900. Ved ein annan AMH 1916. Det har også kome til nyare krotingar. Ein av grunneigarane har fortalt at han som gutunge på veg til stølen tykte det var moro å leita etter bokstavar der, og sjølv rispa inn sine eige initialar.

Hest og mann gjennom isen

I følgje ein munnleg tradisjon skal ein mann frå Skor ha køyrt med hest utpå isen på Korshaugvatnet. Dei gjekk gjennom isen, og både mann og hest drukna. Dette skal ha vore på 1800-talet. Etter den ulukka vart det skore inn ein kross og eit hestehovud i krotingsberget. Det heiter seg at dette skal ha vore den fyrste krotingen i berget ved Korshaugvatnet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notat 5.10.99 v/Per Bygnes etter synfaring same dag.
Notat 24.1.01 v/Per Bygnes etter kort telefonsamtale med Alfred Hatlem.
Notat 16.2.01 v/Per Bygnes etter samtale med Oddvin Kverhellen.
Notat 16.2.01 v/Per Bygnes etter kort telefonsamtale med Asbjørn Lerpold.

PERMANENT IDENTIFIKATOR