Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Franz og Karen Sophie Schiertz



Franz Schiertz var fødd i Tyskland i 1813. Han vart gift med Karen Sophie Reusch Koren frå Bergen. Ho var 19 år yngre enn han. Schiertz flytte til Norge og slo seg ned i Balestrand. Han var ein nær ven av Fridtjof Nansen og J. C. Dahl. Schiertz teikna fleire kjende bygg i Norge, og han var engasjert i arbeidet med å verna norske stavkyrkjer.

Franz Wilhelm Schiertz (1813-1887).

Franz Wilhelm Schiertz (1813-1887).

Eigar: Fylkesarkivet/I Kunstnarliv av Arne Melkild.

Datering: Ca. 1880.

Fotograf: Ukjend.

Franz Schiertz

Franz Schiertz var fødd i Leipzig i 1813 og døydde i Balestrand i 1887. Kona heitte Karen Sophie Reusch Koren (1832-1933) frå Bergen. Frantz og Karen Sofie vart glade i Balestrand, og i 1884 leigde dei hus her hjå Ola Kvikne. Huset vart utvida og ombygt, og leigekostnaden vart sett til 200 kroner for året. Schiertz teikna og planlagde utvidinga. Taket vart løfta og huset fekk ark på sjøsida. Schiertz kosta og ein del av ombygginga. Dei fekk og nytta hagen og litt åker. Leigekontrakten vart skriven den 6. november 1884 og gav begge to rett til å leiga på livstid. Karen Sophie vart buande i huset til ho døydde i 1933, 101 år gamal. Huset vart kalla Schiertz-huset, og Karen Sophie hadde ein vakker prydhage og vart kjend for gode jordbær.

Kunstmålar og arkitekt

Schiertz var utdanna både som arkitekt og kunstmålar. Det var nordmannen J. C. Dahl som var læremeistaren hans i kunstmåling. Eit av hovudverka til Schiertz var "Slindebirken." Det var òg Dahl som fekk han til Noreg. Dahl var mykje oppteken av fortidsminne, og han fekk Schiertz til å måla opp stavkyrkjene i Borgund, Urnes og Heddal. Dette var i 1836. I 1841 og 1842 gjorde han det same med stavkyrkja i Vang i Valdres. Dahl ville hindra at denne kyrkja vart flytt til Tyskland. Schiertz fekk i oppdrag å måla opp og teikna kyrkja medrekna målarstykka inne i kyrkja. Han skildra òg transporten over Fillefjellet, teikna Børsen og Rådstuen i Bergen og utforma fengselsbygningar i Vik, på Voss og på Stord. I tillegg teikna han Amble Gård i Kaupanger, og utvidinga av Kviknes's Hotel i Balestrand i slutten av 1880-åra. Han døydde før ombygginga var ferdig.

Målarverket "Fiskevær i Finnmark."

Målarstykket "Landskap fra Norskøyene på Spitsbergen."

Ven med Fridtjof Nansen

Sjølv om han var tyskar, tykte Franz at prøyssarane var for hardbalne etter hans smak. For å markera dette, laga han eit målarstykke som han gav til Frankrike som vederlag for den krigsgjelda Frankrike skulle betala til Tyskland etter den tysk/franske krigen i 1870/71.

Franz Schiertz vart ein god ven med Fridtjof Nansen. I 1876/78 var han med Nansen til Bjørnøya og Svalbard, og han har laga fleire målarstykke frå den ferda. I 1887, året Frantz døydde, var Nansen på vitjing hjå dei i Balestrand. Karen Sophie spanderte jordbær.

Brev frå Nansen til Karen Sophie

Den 24. august 1887 sat Nansen i Bergen og skreiv brev til Sophie Schiertz i Balestrand. Franz var sjuk. Nansen skreiv mellom anna: "Det var med en underlig sørgmodig følelse jeg drog hjemover hin kveld, og kastede en siste afskedshilsen fra dampbåten over til det yndige lille hus mellem trærne. Schiertz er mig mer end en ven, jeg tror at skilles fra en far kunde neppe være tungere. Jeg skulle så gjerne, fru Schiertz, kjøpt 1 eller 2 akvareller eller sådanne små billeder i olje som var udstillede her i fjor". Nansen sluttar brevet på denne måten: "Gid Schiertz måtte blive riktig rask igjen, så han atter kunde begynde at male." Schiertz døydde kort tid etter.

Karen Sophie

Karen Sohie Koren var berre jentungen då ho møtte Schiertz første gongen. Far hennar var kaptein Paul Koren. Han omkom under jordskjelv i San Domino i Italia i 1842. Seinare dreiv mora eit pensjonat i Bergen. Franz og Karen vart gifte i 1856 og vigsla i Selje kyrkje. Då Frantz døydde, flytte Alida Tornøe, som var i slekt med henne, til Balestrand og vart buande med henne i nær 50 år.

Fru Schiertz var mykje kjend for si store hageinteresse. Ho var særleg oppteken av å dyrka jordbær og halda roser. Det er uvisst korleis det vart med økonomien til Karen då mannen døydde. Då bror hennar, admiral Koren, døydde i 1909, vart den økonomiske stoda betre.

Bilete av fru Sophie Schiertz som 92 år gamal, og tre andre.

Adopsjon

Fru Schiertz ville gjerna ha eit barn. Ho freista å adoptera, men fekk til svar at ho var for gamal. Løysinga vart då at Alida Tornøe adopterte, og første barnet som kom til desse to var Karl Tornøe. Seinare kom òg Ivar Bø. Det vart Alida som tok seg av gutane, men begge to kalla Karen Sophie for bestemor.

Både Karen Sophie og Alida var sosialt engasjerte. Karen Sophie, gamle fru Sverdrup, Sara Meidell i Sande og fru Meidell i Flesje hadde syforeining. Dei kom saman ein gong kvar månad hjå kvarandre og sydde undertøy som dei gav fattige i bygda til jul. Alida Tornøe arbeidde mellom anna mykje for gamleheimen. Ho var frittalande og kjend er replikken ho serverte prosten: "Jeg sier til Dem hva andre sier om Dem."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk som opplevde skreda i 1928.
Balestrand kommune, kommunearkivet:
Formannskapet/kommunestyret, møtebok, 1868.
Melkild, Arne: Kustnarliv. Skald AS, Leikanger 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR