Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Byggjing av heilårsveg over Strynefjellet



17. oktober 1978 opna kong Olav heilårsvegen over Strynefjellet. Vegprosjektet var den gongen det største i Sogn og Fjordane nokon gong. I 1965 var vegen kostnadsrekna til 63.8 mill. kroner. Den reelle kostnaden vart det doble. Heilårsvegen over Strynefjellet var eit stort framsteg for samferdsla i fylket.

Ospelibrua fører inn til den 2560 m lange Ospelitunnelen.

Ospelibrua fører inn til den 2560 m lange Ospelitunnelen.

Eigar: Ola Jegleim.

Datering: 1976.

Fotograf: Knut Enstad.

Linevalet

I ein periode var det snakk om tre alternative liner: Raudalslina, Grasdalslina og Bråtådalslina. Raudalslina følgde i stor grad den gamle driftevegen og hadde betre snøforhold enn til dømes Grasdalslina. Grasdalslina vart valt, sjølv om det var fleire usikre moment med denne lina.

Lang detaljplanlegging

Grasdalen var svært avstengt, sommar som vinter. Det var difor først etter opninga av Ospelitunnelen mellom Videdalen og Skjerdingsdalen, sommaren 1972, at det var råd å registrera skredfaren skikkeleg. Vegkontoret i Sogn og Fjordane gjorde omfattande undersøkingar som viste at dei skredutsette områda var store. Planleggjinga og innsamling av data hadde gått føre seg heilt sidan hausten 1969.

Vegdirektoratet kravde fleire alternativ

Vegdirektoratet kravde fleire undersøkingar. To liner i Grasdalen skilde seg etter kvart ut; ei vegline med tunnel, eller ei med veg i dalen og overbygg. Det siste vart gjenstand for mange vurderingar av rasekspertar. Mellom anna vart det lagt ut mykje sprengstoff for å kunna løysa ut snøskred. Det vart og gjort mykje for å finna ut meir om ver og snøtilhøve. Vegsjefane i dei to fylka og vegdirektør Torp gjekk inn for tunnel, som i ettertid viste seg å vera rett løysing. Men tunnelen var for kort, og difor måtte ein i ettertid byggja skredvollar.

Ein lang tunnel - eller fleire korte?

Under planleggjinga var tunnelar ein sjølvsagt del av prosjektet, men planleggjarane torde ikkje å gå inn for ein direkte tunnel på 11 km mellom Skåre og Breidalen. I staden vart vegen bygd med tre tunnelar med ei samla lengd på 10,8 km. Ein lang tunnel ville ha spart fleire store naturinngrep og gitt ein kortare, billegare og sikrare heilårsveg. Tungtransporten hadde sluppe den sterke oppstiginga mot Videsæter, og vegen ville ha vore sikra mot snøskred, som viste seg å bli eit problem.

Framdrift

I september 1969 starta arbeidet på parsellen Skjåk seter-Grotli. Arbeidet frå strynesida starta i 1970. Grunna snømengdene føregjekk arbeidet om sommaren, medan tunnelane vart drivne heile året. På 1950- og 60-talet var teknologien for tunnelbyggjing så vidt byrja å utvikla seg. Vegvesenet i Sogn og Fjordane hadde då bygd to tunnelar på nær 3 km, Lotetunnelen og Magnhildskardtunnelen. Her fekk dei for første gong nytta moderne teknologi. Tunnelane på heilårsvegen var difor godt innafor ramma av det som var mogeleg.

Tunnelarbeidet

Ospelitunnelen (2540 m), hadde gjennomslag 29. august 1972, Grasdalstunnelen (3720 m) i 1975, og Oppljostunnelen (4537 m) 1. november 1976. Tunnelstrekningane ligg for det meste i Sogn og Fjordane. Det vart nytta 800.000 kg sprengstoff og køyrt ut 800 000 m3 stein som vart nytta i vegfyllingar. Anleggsleiarar var Harald Ynnesdal i perioden 1969-75, og Ola Jeiglem i åra 1975-1977.

Eit moderne tunnelanlegg

Tunnelane på Strynefjellet var dei første "moderne" tunnelane i fylket med sikkerheitsutstyr. Ved vegbommane ved tunnelane vart det montert høgtalaranlegg som vart styrde frå brøytestasjonane, og det vart installert anlegg for overvaking av giftige gassar og sikttilhøva. Overvakingsanlegget har vorte oppdatert og skifta ut fleire gonger. Sidan tunnelane på Strynefjellet ligg på høgfjellet, er dei svært utsette for nedising. Det vart difor montert kuldeportar i tunnelane.

Høgtideleg opning og stor fest

Vegen vart opna for trafikk 11. september 1977 og fekk riksvegnummer 15. Den offisielle opninga gjekk føre seg 17. oktober 1978. Då kunne kong Olav opna heilårsvegen mellom Stryn og Ottadalen i ein høgtideleg seremoni på Grotli. Kongen vart helsa av fylkesmennene, vegsjefane og dåverande vegdirektør Karl Olsen og alle vegarbeidarane. Etter opninga drog ein kortesje med vel 100 bilar over fjellet til Stryn. Langs vegen vaia det norske flagget på alle stenger, og folk i alle aldrar var møtte fram for å helsa kongen. Under mottakinga i Stryn fekk kong Olav ein minnestein i granitt som vart overrekt av tunnelarbeidar Akslund Åning. Til steinen var det festa ei sølvplate med inskripsjon. Om kvelden var det stor fest på samfunnshuset i Stryn med rakettoppskyting.

Heilårsvegen ein styrke for regionen og fylket

Vart heilårsvegen over Strynefjellet den suksessen som politikarane og næringslivet såg for seg? Om vinteren 1979 var gjennomsnittstrafikken 110 bilar i døgnet. I 2005 var årsdøgntrafikken 757, og i juli månad var trafikken 1949 bilar gjennomsnittleg per døgn. Mange var nok bekymra for at snømengdene på Strynefjellet skulle gjera det vanskeleg å halda oppe vegen vinters tid. I ettertid har det vist seg at Strynefjellet har få dagar i året stengd grunna snøforhold.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ynnesdal, Harald: Strynefjellsanlegget. I Vegstubben, s. 7-, nr. 1-1972.
Holmøyvik, Lars Birger: Rapport frå Strynefjellet. s. 43-46, nr. 4-1975.
Holmøyvik, Lars Birger: Stor dag på Strynefjellet - og glad natt på hotell Alexandra. I Vegstubben, s. 7-8, nr. 4-1976.
Strynefjellsvegen offisielt opna. I Vegstubben, s. 22-24, 31, nr. 4-1978.
Lotsberg, Gunnar: Tunnelfylket Sogn og Fjordane. I Kommunalteknikk, nr. 3-2000

PERMANENT IDENTIFIKATOR