Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Norum kyrkje



Norum kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Ylmeim sin grunn i Sogndal kommune. Kyrkja, som har 230 sitjeplassar, vart vigsla i 1863. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane. I tidlegare tider har kyrkja vore kalla Ylmeim kyrkje, etter garden ho står på. Men frå om lag 1840 har Norum vore namnet på både kyrkja og soknet. Norum sokn høyrer til Sogndal prestegjeld.

Norum kyrkje ligg på Ylmeim. Koret er vendt mot vest og våpenhuset mot aust. Dette er omvendt i høve til dei fleste andre kyrkjer.

Norum kyrkje ligg på Ylmeim. Koret er vendt mot vest og våpenhuset mot aust. Dette er omvendt i høve til dei fleste andre kyrkjer.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Nytt orgel og oppussing til 100-årsjubileet

Norum kyrkje er på alle vis ei lys og ven kyrkje. Ho har luta vegger, grøne kyrkjebenker og gråmelerte søyler på kvar side i midtskipet. Gallerifronten er også grønmåla, med gråmelerte felt og lyse ferskenfarga lister. I midtskipet er der heva flatt tak, på sidene nedfelt flatt tak. Både taket her og skråtaket i koret er gråmåla. Tre vindauge på kvar side i koret gir lys gjennom farga ruter med blyinnfatning. I skipet er der like mange vindauge på kvar side, men desse er ein god del større. På sidene har kyrkja prestesakristi og dåpssakristi. Kyrkja vart oppussa til 100-årsjubileet i 1963. Oppussinga av galleriet vart fullført etterpå. Tidlegare hadde ho ein meir trist gråfarge, men i samband med oppussinga vart ho tilført nye, friske fargar.

Eit par år før jubileet, i 1961, fekk kyrkja også nytt orgel. Det gamle husorgelet som stod framme i koret var frå 1918, og kyrkjelyden hadde i mange år ønskt seg eit større og betre orgel. Pengeinnsamlinga starta alt i 1943. Sokneprest Torvanger sende på vegner av orgelnemnda ut ei oppmoding til alle i kyrkjelyden om å ta eit krafttak slik at kyrkja kunne få eit tidhøveleg pipeorgel. Presten og orgelnemnda bad alle om å delta med frivillige gåver. Det tok si tid, men pengane kom inn etter kvart.

Kyrkja står "feil veg"

Norum kyrkje er ei av svært få kyrkjer som står "feil veg". I staden for at koret er vendt mot aust og våpenhuset mot vest, er retninga akkurat omvendt. Dei som bygde kyrkja, var fullstendig klar over kva dei gjorde. Og for dei var ikkje "korrekt" retning det viktigaste, det var endå viktigare å ta omsyn til jorda omkring eigedommen. Når dei sette kyrkja feil veg, slapp dei å byggje ny framkomstveg. Dermed sparte dei åkerland.

Dei siste åra er der nokre som har teke til orde for at namnet på kyrja bør skiftast ut med Ylmeim, kyrkjenamnet som hadde tradisjon frå gammalt av. Staden der kyrkja står heiter Ylmeim, men Norum har i nyare tid vore namnet på kyrkja til liks med namnet på soknet. Saka har vore drøfta i Fellesrådet, men soknerådet i Norum har førebels ikkje ønskt å føreta namneendring.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1703 er laga av snikkar Michel Tarildsen. Kven som har måla bileta er ukjent. Hovudfeltet viser ei enkel framstilling av Jesus på krossen. I andre høgda står skriftordet Joh. 4,24 om å tilbe Gud i ånd og sanning, og Matt. 22,37-40, det doble kjærleiksbodet. Det er måla med gylte bokstavar på svart grunn. Mellom dei parallelle snodde søylene står Adam og Eva. Vengene på kvar side har kvar sin tilbedande engel, og tilsvarande i andre høgda.

På alteret står i alt fire lysestakar i messing, to store frå 1702, med innskrift på skjoldplatene, og to små utan datering. Nattverdsutstyret er ein kalk frå 1867, ein disk, ei brødøskje og ein vinmugge frå 1992, alle i sølv. Preikestolen er frå 1863, men både denne og døypefonten har delar frå 1703. Den åttekanta døypefonten i tre er frå 1863, og har innskrifta "Lat smaaborni koma til meg". Dåpsfat frå 1800-talet er i messing. Dåpsmugga i messing er frå 1933, ei gåve frå ungdommen i Øvstedalen.

Oljemåleriet frå 1822, måla av Guttorm Bakke, var ei tid altertavle. Motivet er "Jesu avskil før himmelferda" (Luk. 24,50-53). Her er òg eit måleri med motivet "Jesus mettar 5000". Votivskipet er truleg laga av Hans Lasseson Melås (f. 1786) før 1850.

Orgelet frå 1961 har ni stemmer. Kyrkjeklokka frå 1687, er ei "skipsklokke" over døypefonten, med innskrifta "Soli Deo Gloria". Ho vert brukt éin gong i året, når preika på julaftan er slutt. Då slår klokka 3 x 3 slag. Dette har vore ein tradisjon sidan 1887. I tillegg kjem to andre kyrkjeklokker, ei frå 1888 og ei frå 1987. Den siste har innskrifta "Land, land, land. Høyr Herrens ord!" (Jer. 22,29).

Brannen i tårnet

Den 15. januar i 1989, ein søndagsmorgon, slo lynet ned i tårnet på kyrkja. Kyrkja hadde lynavleiar, men denne fungerte ikkje. Folk i nabolaget såg brannen og fekk varsla brannvernet som kom raskt til staden. Sterk vind og ruskevêr gjorde sløkkingsarbeidet vanskeleg, men brannmannskapet klarte likevel å avgrense skadene. Soknerådsleiaren meiner det var ei lukke at lynet trefte akkurat tårnet. Sidan tårnspiret var dekt med messing, tok det nemleg tid før elden fekk skikkeleg tak. Og på den tida rakk brannvernet å komme til staden og starte sløkkinga. Også mange frå bygda kom til for å vere med å berge ut inventaret dersom det skulle gå skikkeleg gale. Heldigvis slapp dei å gjere det.

Minnet om brannen sit framleis sterkt i dei som opplevde han. Det var ei nifs oppleving, minnest soknerådsleiaren. Etter planen skulle den fyrste gudstenesta i det nye året haldast denne føremiddagen. I staden vart folk opptekne med brannsløkking. Nokre var snarrådige og fekk dekka til orgelet med ein presenning slik at det ikkje vart skadd. Utanom vasskader gjekk det ganske bra med sjølve kyrkja. Men tårnet fekk store skader, og kostnaden for reparasjonen den påfølgjande hausten kom på rundt 1,3 millionar kr. Det nye tårnet som vart reist, er likt det som stod der før.

Moderne sørvishus

Ved Norum kyrkje finn ein eitt av dei mest moderne sørvishusa som er knytt til ei kyrkje. Det inneheld eit lite kapell som vert nytta i samband med båreandakter, og frå kapellet er det skyvedør inn til bårerommet. Ved sida av er det innreidd eit romsleg kjøkken, lagerrom og dusj/toalett til kyrkjetenaren.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR