Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Osmundsvåg



Osmundsvåg ligg på halvøya mellom Ulvesundet og Sørpollen, med Sildegapet i nord. Lengst nord på denne halvøya stikk ein liten våg sørover og inne i denne vågen låg handelsstaden Osmundsvåg. Her byrja dei med handel kring 1700 og heldt på i nærare 200 år. Som mange andre handels- og gjestgjevarstader vart Osmundsvåg også tingstad. No er alle dei gamle husa borte.

Den gamle handelsstaden Osmundsvåg låg fint til inne i ein våg. Dei flotte husa brann ned hausten 1956.

Den gamle handelsstaden Osmundsvåg låg fint til inne i ein våg. Dei flotte husa brann ned hausten 1956.

Eigar: I Selje og Vågsøy.

Datering: 1866.

Fotograf: Ukjend.

Hans Bang byrja med handel og gjestgiveri

Båtferdsla langst kysten gjekk gjennom Ulvesundet. Osmundsvåg låg slik til at dei som kom sørfrå og skulle runde Stad kunne ta seg ein siste stopp før denne ofte strabasiøse ferda. Dei som kom andre vegen kunne også ha trong for kvild etter turen rundt Stad og over Sildegapet.
Den fyrste handelsborgaren i Osmundsvåg var Hans Bang. Han var fødd i Danmark og flytte til Bergen der han fekk handelsborgarskap. I 1706 vart han styrar for godset til St. Jørgens hospital. Same året kjøpte han handelsstaden Bryggja og slo seg ned der. Bang byrja straks å sjå seg om etter ein meir lagleg stad. Han søkte om å få byrja med handel i Osmundsvåg, og fekk sterk støtte frå allmugen i distriktet. I 1707 fekk han kongebrev med rett til å driva handel og gjestgiveri med hus, mat, øl, vin og brennevin til ferdafolk. I 1709 selde han Bryggja og flytte til Osmundsvåg. Han skulle handla mest med folket i hovudsoknet i Selje og med folket på den nordlege delen av Vågsøy, frå Raudeberg til Refvika.

Fleire eigarar på 1700-talet

Hans Bang dreiv handelen og gjestgiveriet i Osmundsvåg resten av livet. Då han døydde 1734 tok svigersonen, Johan Omson Røpche, over. Røpche fekk året etter stadfesting på at han kunne overta handelsrettane etter Bang. Men alt i 1736 selde Røpche staden vidare til Didrik G. Fesser. Denne eigedomshandelen omfatta i tillegg til garden Osmundsvåg også lakseverpe, bonde- og handelshus, jekter og båtar med ymse tilhøyrande reiskap, samt retten til å driva handel og gjestgiveri. Kjøpesummen var 1150 riksdalar.
Kor lenge Fesser dreiv handelen og gjestgiveriet i Osmundsvåg gjer kjeldene ikkje noko klårt svar på. Men i skifteprotokollen for Nordfjord for perioden 1758-62 er eit skifte etter Birgitte Fesser nemnd. Det er mogleg at det var Jon Flusund som då tok over Osmundsvåg. I skifteprotokollen for 1781-85 er det skifte etter han.

Frå Larsen til Mowinckel

Heilt visst er det at Hans Larsen eigde Osmundsvåg på slutten av 1700-talet. Me veit ikkje stort om denne mannen, berre at han var gift med Maren Malene Gundersen og at han døydde i 1813, 82 ½ år gammal.
Hans Larsen er i folketeljinga for 1801 kalla "Huusbondens Første Kones Fader". Det var svigersonen Johan Ludvig Mowinckel som då var "Huusbonde, Landkræmer og Giestgiver". Han hadde fyrst vore gift med Berte Marie, dotter til Hans Larsen. Ho døydde i 1796, berre 30 år gammal. I 1799 vart Mowinckel oppattgift med Mette Dortea Leganger. Hjå dei budde også Margaretha Kramer, systerdotter til Mowinckel. Dei hadde ti tenestefolk, av dei var fire innrullerte matrosar. Johan Ludvig Mowinckel dreiv som handelsmann og gjestgjevar i Osmundsvåg frå 1791. Han døydde 11. juli 1805 og då tok enkja, Mette Dortea, over drifta. Ho skal ha driva handelsstaden fram til 1821.

Bilete av Osmundsvåg frå nord med Sørpollen bak.

Skildring av staden i 1814

I 1814 vart Osmundsvåg skildra slik: "Et stort og anseeligt Sted, bygget i Fiirkant med fire Huuslængder om en aaben med store Fliser belagt Plads, hver Længde for sig, et smukt Vaaningshuus med gode Værelser. Foran og indefter Vigen, hvorved de laae, var en Mængde Udhuse, der tiente til Tyende, Fæ og Pakhuse. Det hele har i disse øde Egne noget Imposant ved sig, ligsom en gammel Borg imellem Bønderhuse."

Wiese

Dotter til Mowinckel, Maren Malene, vart gift med Nils Rønneberg frå Ladeberget på Valderøy ved Ålesund. Det var han som i 1821 fekk skøyte på Osmundsvåg. Kona døydde i 1835 og Rønneberg selde då Osmundsvåg til Dankert Wiese som seinare vart svogeren hans. Fire år seinare gifta Rønneberg seg opp att med Anne Sophie Dorothea Wiese. Ho var også syster til Claus Wiese som eigde handelsstaden Gjerde på Nordfjordeid. Sjølv flytte Rønneberg til nedre Berge i Selje og dreiv gjestgiveri og litt handel der.
Dankert Wiese var ein av sønene til bergenskjøpmannen Daniel Wiese. Han hadde gått i bakarlære i Bergen. Same året som han kjøpte Osmundsvåg fekk han kongebrev på rett til å driva landhandel og brennevinshandel, og han fekk skjenkerett.
I 1865 budde det 43 personar i Osmundsvåg. Dankert Wiese og kona Didrikke Sophie budde saman med ei dotter, Dorothea, og ei pleiedotter, Amalia. I deira teneste var det tilsett ein handelsbetjent og 14 tenestefolk, av dei to med tittelen husjomfru. Elles var her fire husmannsfamiliar.

Hermetikk, post og dampbåt

Dankert Wiese døydde i 1872 og året etter fekk sonen Christian skøyte. Christian Wiese hadde gått fleire skular og vart i 1869 cand.philos. Likevel tok han over som handelsmann og gjestgjevar i Osmundsvåg. Wiese vart den fyrste postopnaren og dampskipsekspeditøren i Osmundsvåg. Seinare vart han også ordførar i Selje og styremedlem i Fylkesbaatane. Wiese skal vera den fyrste i fylket som prøvde å produsera hermetiske varer. I 1875 starta han denne verksemda og året etter fekk han rosande omtale for krabbe- og fiskehermetikken sin på ei utstilling i USA. Men på 1880-talet la han ned hermetikkverksemda.
Alt på 1860-talet hadde staden hatt nokre båtstopp utanom rute, men det er ikkje før i 1877 at ein finn Osmundsvåg i rutetabellane til Fylkesbaatane. Då var staden stjernestoppestad* på ei sørgåande rute. 15. august same året vart det opna postopneri ved Odden. Kring 1890 kom staden med som stoppestad for ei båtrute mellom Selje, Florø og Førde. Postopneriet vart i 1892 flytta til Sandvik og fekk då namnet Barmen postopneri, men i Osmundsvåg vart det då opna eit brevhus i staden. Styrar for brevhuset vart Sivert Johnsen.

Portrettbilete av Christian B.U. Wiese.

Husa stod til 1956

Christian Wiese gjekk konkurs i 1890 og flytte til Kristiania. Året etter kjøpte Ole Pedersen Fure Osmundsvåg på auksjon. Fyrst dreiv han staden fram til 1897 då Jakob Larsen Halsør overtok i eitt år. Så tok Fure over att i 1898. I 1894 vart Fure dampskipsekspeditør for Osmundsvåg, ei stilling han hadde heilt til han døydde i 1927. I tillegg dreiv han garden Osmundsvåg og med litt fiske. Men staden hadde etter kvart mista sin betydning og var komen i skuggen av andre stader som tok seg opp. Dette skuldast betra vilkår for å driva handelsverksemd og endringar i samferdsla langs kysten. 1927 var også siste året brevhuset var i drift.
Dei flotte husa stod att og minte om farne, store tider for Osmundsvåg. Men ein storbrann i 1956 la alle husa på den gamle handels-, gjestgjevar- og tingstaden i oske.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo, 1957.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja Forlag. Førde 1998.
Postmuseet: Poststeder - en historisk oversikt.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine databasar.

PERMANENT IDENTIFIKATOR