Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Eid kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Eid.

Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv.

Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 13. august 1905.

Fotograf: Isak Hellebust.

Eid kommune i 1905

Eid kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Eid (hovudsokn) og Stårheim (anneks). Kommunen var mindre i utstrekning enn i dag. Heggjabygda, Holmøyane og Sørstranda tilhøyrde i 1905 Hornindal kommune. Kjølsdalen og Garden Torheim låg under Davik kommune. I 1965 vart desse ein del av Eid.

I 1900 var folketalet 3213. Jordbruk og fiske var dei viktigaste næringane. Større industriverksemder var det enno ikkje i Eid i 1905. Næringslivet var prega av mange og varierte handelsbedrifter. Dei konsentrerte seg særlig rundt strandstaden Nordfjordeid. Men her var og fleire handelsverksemder både på Stårheim og i Kjølsdalen. På Stårheim var det fargeri, landhandel og meieri. Kjølsdalen hadde i 1905 bakeri, landhandel og telefonstasjon.

Handelsstaden Norfjordeid

Nordfjordeid var eit handelssentrum i vekst. Her var alt i 1905 eitt breitt spekter av næringsverksemder: gjestgiveri, telefonstasjon, bakeri, slakteri, bank, avis, børsemakar og urmakar. Her var det fleire landhandlarar. Dei største var Eids Handelslag, P. O. Oos A/S. Her var óg postopneri og dampskipsekspedisjon. Gabriel Totland (1871-1949) starta dette året bokhandel same stad. Kommunen hadde ølutsal (samlag).

Noko småindustri var det i kommunen. Det var fleire mindre sagbruk, her var kvernar og garveri, og eit par tønnefabrikkar på Eid. I 1905 var det tre meieri i Eid: Nor Meieri, Stårheim Meieri og Haugen Meieri (i Naustdal). Det var bank i kommunen, Nordfjord Sparebank, skipa 1853.

Fiske var ein viktig attåtnæring for mange i Eid. Enno i 1905 var fjordafiske svært utbreidd blant bøndene i Eid. Fisken gjekk anten til eige hushald, eller vart seld. I tillegg var mange innfjordingar med på havfiske ute ved kysten. Mange båtlag frå Eid var med på torskefiske og vinter- og vårsildfiske.

Kommunikasjonar

Det var postopneri i Kjølsdalen, Naustdal, Stårheim, Nordfjordeid og Sørland. (Det offisielle namnet i 1905 var Mørkesæter). Det var brevhus på Torheim.

Det var etter måten mange telefonstasjonar i Eid på denne tida. Dei fleste var private, bygd av "Nordfjords Aktietelefonselskab". I Holmøy var det privat telefonstasjon. Det same var det i Nor og på Skrede. Televerket hadde rikstelefonstasjonar i Kjølsdalen, Lote, Naustdal og Stårheim. I Nordfjordeid hadde Televerket rikstelefonstasjon og telegrafstasjon. Her var det og i tillegg ein privat telefonstasjon.

Faste stoppestader for Fylkesbaatane var Stårheim, Naustdal, Nordfjordeid og Mørkesæter.

Det var ei avis i kommunen, Fjordenes Blad på Nordfjordeid. På redaktørkrakken sat i 1905 den kjende redaktør og skulemannen Haakon Aasvejen (1862-1919). Aasvejen var radikal venstremann (republikanar) og avisa hans var på mange måtar prega av det. Hovudkonkurrenten var den meir konservative avisa Nordfjord på Sandane.

".. i spændt Forventning.."

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember.

Den massive unionsmotstanden i Nordfjord var ikkje noko nytt fenomen i 1905. I både Eid, Hornindal og Stryn var det mange republikanarar. Allereie i 1895 hadde Henden Ungdomslag i Hennebygda markert unionsmotstand og krav om republikk i lagsbladet "Luren":

Hvis unionen stend iveien fyr oss på naaken kant, ja so lat den gaa up. Naar me inkje kan vera fullt ut tende med den regjeringsform me no hev, so lat me inføra republik. 'Wive la liberte'! Hurra for Norge! Ærevære venstremennerne og Leve republikken.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Den alvorlege rasulukka i Lodalen, 15. januar, der 62 menneske omkom, gjekk sterkt inn på mange også i Eid. Innsamlingsaksjonar til dei etterlatne vart igongsett også i Eid.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Fjordenes blad rapporterte om eit jordskjelv i Eid i byrjinga av februar 1905:

Jordskjælv merkedes her i Eid mandagaften. Jordskjælvet var saa sterkt, at ovne og dører klirred, og ledsagedes af en temmelig sterk dur. Det varede omtrent 1/4 minut. Paa enkelte steder blev folk grebne af skræk.

Dette året løyvde forstandarskapen i Nordfjord Sparebank kr 1500 til Jacob Aaland (1865 - 1950) sitt arbeid med nordfjordsoga. Han var då i oppstarten av sitt lokalhistoriske storverk frå Nordfjordbygdene. Åland er rekna som ein av pionerane i norsk lokalhistorisk forsking. Det første bandet - om Eid og Hornindal - kom ut i 1909. Frå 1912 fekk Åland statleg stipend for dette arbeidet.

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og John Myklebust vart vald til ordførar. Fredrik Kristian Holberg Arentz Olsen var sokneprest. M. M. Fauske var lensmann. Haakon Aasvejen (1862-1919) var redaktør i Fjordenes Blad i åra 1900-1919, og ein ivrig målmann, venstremann og republikanar.

John Myklebust (1861-1937), eller "krigsen" som han seinare vart kalla, var ein dominerande skikkelse i den tids politiske ordskifte. Han var bonde, kaptein (seinare krigskommisær) og ordførar. Myklebust var óg venstremann og republikanar.

Lag og organisasjonar

Det var eit aktivt organisasjonsliv i Eid i 1905. Det var minst sju frilynde ungdomslag i kommunen, kanskje fleire: Eid Ungdomslag, Hundeide Ungdomslag "Samhald", Nordbygda Ungdomslag, Kjølsdalen Ungdomslag, Sudstranda Ungdomslag, Henden Ungdomslag og Haugen Ungdomslag.

I tillegg var det ei rekkje fråhaldslag og ulike kristne lag, som kvinneforeiningar, misjonsforeiningar o.fl. Her var og noko så sjeldant som eit idrettslag, Norges eldste bygdeidrettslag: Eid Idrettslag, skipa i så tidleg som i 1863. Bøndene hadde begynt oppbygginga av sine organisasjonar i Eid alt i 1905. Det var Eids landboforening (bondelag).

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. "Fjordenes Blad" har den 20. mai 1905 ein stemningsfull rapport frå nasjonaldagen, slik den vart markert på Nordfjordeid:

Frihedsdagen oprandt iaar med straalende veir. Der var sol og varme i luften, og bygderne var klædt i det friskeste grønt langt opover fjeldsiderne. Fra tidligste morgen vaiede flag snart sagt paa hver eneste gaard.

Dagen starta med "3 vældige salutskud" fra Lunden, og militærmusikken blæs revelje. Kl. 13 var det gudstjeneste. 3 timar seinare - kl 16 - var det folketog med start frå fanejuker Myklebust sin gard. Med i toget var offiserar frå forsvaret, kommunestyret og mange organisasjonar. Skulestyrar Aasvejen heldt 17. mai-tale på eksersisplassen. Over 1000 høyrde talen. Seinare vart det fleire talar og så blei det arrangert " forskjellige idrætsøvelser for voksne og premielege for børn".

Avisa oppsummerer dagen slik:

Det er en almindelig mening, at frihedssagen iaar blev feiret her paa en sjelden vakker og høitidelig maade. Dagens festligholdelse var værdig den betydning, den 17de mai har for det norske folk, og det tidens alvor, som præger sindene.

Men i same avis kjem det óg kritiske tonar: Fjordenes Blad murrar over at Damskipet "Alden", tilhøyrande Fylkesbaatane ikke var "flagbesmykket på frihedsdagen". "Kun det almindelige postflag var oppe. Det havde ikke et eneste salutflag at spendere i anledning af dagen".

7. juni 1905 - flaggskifte på Eksersisplassen

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta truleg i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Ola Mjellem frå Hyen var soldat på Nordfjordeid i 1905. Mjellem fortel om flaggskiftet 9. juni:

Så var vi komne til 7. juni ettermiddag. Kompaniet hadde øving på plassen bortanfor vaktstova. Der kjem ein løytnant med ordre om at flagget skulle senkast. Ein av mannskapet gjekk inn på bakken der stanga stod, og firte flagget ned. "Fred med ditt støv" sa løytnanten med det same det gamle unionsmerkte flagget nådde bakken. Resten av dagen og dagen etter stod stonga utan flagg. Men den 9 juni skulle det nye flagget heisast på alle eksersisplassar, festningar og krigsskip. Soldaten møtte i sin best puss, obersten sat til hest, og begge kompania stod oppstilte rett under bakken nedanfor flaggstonga: "Bajonett på gevær! Rett! På aksel ´vær! Presenter ´vær! -Soldater, dette er den mest betydningsfulle parade i jers liv. Heis flagget!" Og det nye, reine flagget steig til topps. Det var ei høgtidsstund, og sume våte i auga.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Eid valsokn tilsvara dåverande Eid kommune. Det var eige stemmestyre for Stårheim sokn som arrangerte røystinga der. Valstyret for Eid var samansett av: lensmann M. M. Fauske (formann). Formannskapet utgjorde resten av medlemane: ordførar J. Myklebust, fanejunker R. Møklebust, lærarane Rasmus Nøstdal og A. O. Hjelle. Dessutan var leiarane for stemmestyret i Stårheim og med: Mons M. Høinæs og sersjant B. Starum.

I begge røystingane var det 2 røystestader:
a) i Eid kyrkje og b) i Stårheim kyrkje. Oppteljinga føregjekk Eid kyrkje.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet i Eid og Stårheim valsokn: Av dei 652 som hadde røysterett, røysta 603. Det gjev ein frammøteprosent på 92,5 %. Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var det ein frammøteprosent på 88,7 og berre tre røysta nei. På landsbasis var frammøteprosenten 85,3 %, og berre 121 stemte nei.

Fjordenes Blad hadde eit fyldig referat frå røystinga 13. august:

Fra tidligste morgen vaiede det flag fra hver en flagstang over hele bygden og paa strandstedet. I tætte skarer drog folk til kirke, og da gudstjenesten ved sædvanlig tid tog sin begyndelse, var Eids kirke saa fyldt, som det sjelden pleier at være. Kirken var prydet paa en vakker og smagfuld maade med flag, grønt og kranse. Ved indgangen til koret hang Norges rigsvaaben omgivet af flag paa begge sider, prækestolen omsvøbt af flag og pyntet med grønt, og indgangen til de to aflukker, som skulde benyttes af de stemmende var ogsaa dækket af flag.

Før afstemningen begyndte blev der ringet med kirkeklokkerne ca. 10 minutter. Fra orgelet intoneredes "Ja vi elsker dette landet", og to værs af fædrelandssangen blev avsunget. Kl. 1 begyndte afstemningen, som først af overvares af en mængde interesserede kvinder. Aldri har der vel i Eid mødt en saa talrig og interessered vælgerskare. Selv gamle mænd, som aldri tidligere har afgivet stemme, mødte søndag frem med sit ja.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Kanskje vart dette og gjort i Eid.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Eid valsokn: Av 654 med røysterett, røysta 524. Det gjev ein frammøteprosent på 80,1. 9 røyster vart forkasta. 292 røysta ja (for kongedømme), 223 røysta nei (for republikk).

I Sogn og Fjordane var frammøteprosenten 79 %; på landsplan 74,2 %.
Det var altså eit relativt knapt fleirtal for kongedøme i Eid (56,7%). Saman med nabokommunane Stryn, Hornindal og Jostedalen, var Eid ein av kommunane med flest republikanarar i 1905.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske var møtt fram.

Fest i anledning Amtsskulesalen

Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Slik var det også i Eid. Eid Ungdomslag arrangerte fest i Amtsskulesalen på Nordfjordeid i desember. Der var det talar, resitering, song og dans. Mellom anna heldt redaktør Åsvejen ein tale for fedrelandet. "Fjordenes Blad" fortel at:

han gav eit historisk yversyn yver det, som hadde ført til Norigs frigjering den 7de juni. Minnte um Karlstadforliki og kva desse no kravde av oss i framtidi. No laut det norske folk vera vake og arbeida som aldri fyrr: no skulde nettupp arbeidsdagen taka til - ikkje med "ro og fred", som sume sa, men med arbeid, kamp, og strid for å vinna lenger fram.

Same avis fortel og at Per Sivle sine dikt gjorde stor suksess: " Noko av det gildaste på heile festen var at Baard Koltveit las fleire dikt av Sivle på ein framifraa gild maate. Han fekk daa og stor fagning."

Fest i Holmøy Arbeidsskule

Holmøy Arbeidsskule arrangerte 25. november fest i høve at kongefamilien kom til landet. Talen frå festen er bevart. Her skildrar skulestyrar Ola H. Holmøy hendingane på denne historiske dagen:

I dag afsluttes det korte, men overmaade begivenhedsrige afsnit i Norges Historie, som begyndte den 7. juni. Kong Haakon den VII fra de gamle Haakoners Kongeæt, der i denne stund seiler ind gjennem vore Fjorde for at bestige Norges gamle Kongestol [,] kaldet hidop af det Norske Folks store Flertal.

Holmøy avsluttar talen med å ønskja kongen velkomen:

Lad os modtage ham ikke bare med Høflighed, men og med Hjærtelighed og Tillid. [...] Lad oss alle istemme: Gud bevare Fædrelandet og Kongefamilien.
Ja vi elsker dette Landet!.

Markering i kommunestyret

Kommunestyret i Eid fann og å måtte markere frigjeringsåret i årets siste møte i desember:

Ved herredsstyremødets begyndelse sistleden fredag mindede ordføreren kaptein J. Myklebust om de store og for vort fædreland saa vigtige begivenheder, som havde fundet sted dette aar. Ordføreren vilde udtale ønsket om at hvad der var skeet maatte blive til vort fædrelands lykke og velsignelse nedigjennem tiderne. Forsamlingen sluttede sig til ordførerens tale ved at reise sig.

kjelder:

Fjordenes Blad, 1905.


Espe, Trygve: Fiske som attåtnæring i Eid. Sogeskrift for Eid 1995.


Nærbøvik, Jostein: Norsk historie 1860-1914. 1999.


Schanke Eikum, Rolf (red.):Eid Kyrkje 150 år .


NRK Sogn og Fjordane:Fylkesleksikon .


Rindal, A. O.: Eid Herad gjemmom hundrad år. 1837-1937 .1937


Myklebust, Sverre (red.):Sogn og Fjordane i manns minne .1973.


Loen/Sandsmark: Meieribruket i Sogn og Fjordane. 1874-1974. 1974.


Gjerde, Anders: Kommuane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene . Kjelda, nr 3, 2002.


Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901.


Statsarkivet i Bergen: Utskrift av Eid Valsokn sin protokoll 1905.


Runde, Harald Jarl: Telefonstasjonar i Sogn og Fjordane 1858-2002 (Manuskript) 2002..


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Rapport frå prosjekt lagsarkiv - Eid kommune. 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR